Debatt

Min kropp, mitt val – også etter graviditeten

Eg er ei av dei mange mødrene som vel å ta ulønt permisjon. Som tydelegvis vel å ikkje bidra til likestillinga. Men eg er inga «tradwife».

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Foreldrepermisjonsordninga fungerer ikkje for halvparten av norske mødrer. I tillegg svekkar ho mødrer sin rett til å bestemma over eigen kropp. Dette må bli tatt på alvor.

Då dei på KrF-landsmøtet vedtok å skrota fedrekvoten, gjekk fleire parti oppskriftsmessig ut og kritiserte dei. Så blei det stille. Men foreldrepermisjonsordninga fortener ein skikkeleg debatt.

Eg er ueinig med KrF i at me bør skrota fedrekvoten, men dei har eitt særs viktig poeng. Dei viser til at halvparten av norske mødrer tar ulønt permisjon etter foreldrepermisjonen.

Dette burde få alle dei politiske partia til å vakna.

Ei endring i foreldrepermisjonsordninga er eit tilbakeskritt for likestillinga og i utakt med tida, seier kritikarane. Dei ignorerer konsekvensane dagens ordning har for veldig mange mødrer.

For ein god del av oss kjennest det rett å gå tilbake til jobb når babyen er sju månader, men for halvparten, meg sjølv inkludert, kjennest det altfor tidleg.

Eg er ei av dei mange mødrene som vel å ta ulønt permisjon. Som tydelegvis vel å ikkje bidra til likestillinga. Men eg er inga «tradwife».

Eg er ei mor som har behov for meir tid med ein baby som også har behov for meir tid med meg.

Det er mange grunnar til at mødrer vel å ta ulønt permisjon. Amming er éin av grunnane. Babyen byrjar med fast føde ved 6 månaders alder. Helsedirektoratet tilrår å amma like ofte som før også etter at babyen er 6 månader.

I tråd med dette ammar eg jamt gjennom dagen. Og eg ammar før kvart måltid med fast føde, for å oppretthalda mjølkeproduksjonen. Sjølv med ammefri vil eg ikkje klara å amma like ofte som eg gjer nå.

Foreldrepermisjonsordninga er i utakt med biologien.

For min mjølkeproduksjon og min baby er det avgjerande at eg er heime med babyen og kan amma akkurat når ho og eg treng det.

Det er lett å vedta politikk ut ifrå prinsipp, men når prinsippa går så kraftig ut over den einskilde sin kroppslege autonomi, er det problematisk.

Grunnen til at eg vel å ta ulønt permisjon, er reint kroppsleg. Eg veit kva som er best for meg og babyen min. Då burde det vera min (og babyen min sin) kropp – mitt val.

I dag kan berre dei økonomisk privilegerte ta det valet dei ønskjer. Er det rettferdig at mødrer ikkje får ta valet som dei meiner er best for eigen kropp, fordi dei ikkje har råd til det?

Når eg vel det, taper eg inntekt, ansiennitet, pensjon og rettar i arbeidslivet. Er eg likestilt når eg blir straffa økonomisk berre fordi eg er den kroppen som ammar?

Sjølvsagt skal me jobba for at menn og kvinner er likestilte. Men foreldrepermisjonen er ikkje arenaen for å ta den kampen.

Eg ønskjer meg politisk mot til å utvida foreldrepermisjonen kraftig, slik at både mor og far får meir tid med babyen.

I tillegg bør småbarnsforeldre kunna jobba redusert med full løn. På den måten vil også far få meir tid med babyen heilt i starten.

Foreldrepermisjonsordninga er i utakt med biologien. At halvparten av norske mødrer tar ulønt permisjon, er eit bevis på dette.

Me må ta omsyn til mødrene og babyane sine behov. Dét er ekte likestilling.

Les også: Sanne har over 30 pleiere hver uke: – Familien tør ikke forlate huset (+)

Les også: Nå sier eksperter stopp: – Tidlig skjermbruk truer barnas framtid (+)

Les også: «Kniven i ilden»-regissør: – Jeg har også vært en mor som drar (+)

Mer fra: Debatt