Å skrive godt handlar om å beherske språk, det har alle vore einige om. Men har samfunnet i framtida behov for fagfolk som kan grammatikk, kommareglar, syntaks, skribenthandverk og ikkje minst – som meistrar kunsten å formidle?

Eg er programleiar for eit nyutvikla bachelorprogram i språk og formidling ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Å utvikle eit utdanningsprogram tek tid, i vårt tilfelle fleire år.
Så kom ChatGPT. Eg gjekk heim og ringte til forlag, mediehus og andre aktørar innan bransjar som driv med skriving, omsetjing og språktenester og spurte korleis arbeidsmarknaden såg ut.
Svara var nedslåande. Generativ KI gjer meir og meir av jobbane, og den teknologiske utviklinga går i rivande fart. Ingen vågar å spå kva som skjer neste år, ikkje ein gong om eit par månader.
Å drifte eit utdanningsprogram som fører studentar ut i arbeidsløyse, er dødfødt. Eg la meg ned på sofaen, kva no? Og kva med kollegaene mine, vert deira språk- og skrivekompetanse også overflødig i framtida?
I desperasjon opna eg vår lokale KI-chat og spurte etter grunnar til å studere språk og formidling. Svara verka tilsynelatande fornuftige, som til dømes at formidling i fleire yrke er ei vesentleg arbeidsoppgåve.
Når vi skal vurdere kor godt ein student beherskar norsk, bør vedkomande ha skrive teksten sjølv.
Likevel, eitt eller anna i den maskingenererte teksten mangla. Formuleringane botna ikkje i fagkunnskap innanfor humaniora og språkfag, og det var eitt eller anna med ordlyden. Han var ikkje min.
Så kva er å beherske språk? Sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten understrekar verdien av språkforståing. Å eige språkforståing inneber å vite korleis vi brukar språk, i ulike samanhengar, men også om korleis språk kan etablere makt og avmakt, reprodusere fordommar, utfordre og endre tankesett.
Å sende frå seg ein generert tekst utan at eit menneske med språkforståing har hatt det overordna oppsynet, er å opne for meiningsløyse, misforståingar og manglande truverd.
Som samfunn held vi oss med avsendarar som er avhengige av høgt truverd, fordi dei kan gi oss pålitelege fakta, og berre slik kan demokratisk meiningsutveksling fungere.
Menneske vil lese, sjå og høyre det som andre menneske har skapt.
Verkeleg gode tekstar har likevel noko meir, og fagfolk beskriver desse uhandgripelege kvalitetane best med kroppslege metaforar.
Vi snakkar om ei stemme i teksten, eller at ein tekst er gripande. Kroppsleg metaforbruk hjelper oss til å framheve at vi føler oss snakka til av eit menneskeleg nærvær i teksten, og dette nærværet bevegar oss.
Då eg nyleg var på Institutt for journalistikk på dagseminar om KI i media, presenterte redaksjonar frå heile landet korleis den teknologiske utviklinga endrar det journalistiske arbeidet.
Dei viste at bruk av KI-verktøy kan vere både fagleg føremålstenleg og ressurssparande.
Vi skal gjere det som ei utdanning gjer best; danne sjølvstendig tenkjande menneske med evne til å stille kritiske spørsmål.
Likevel, frå podiet understreka den eine redaksjonelt tilsette etter den andre at autentisitet er ein kvalitet som berre kjem til å auke i verdi framover. Menneske vil lese, sjå og høyre det som andre menneske har skapt.
I utdanningssektoren har studentar som brukar generativ KI i språkfag, mest vore til bryderi. Når vi skal vurdere kor godt ein student beherskar norsk, bør vedkomande ha skrive teksten sjølv, anna vil vere lite rettferdig.
Dei pågåande paradigmeskifta i korleis tekstar vert utvikla, kan vi derimot ikkje oversjå, og eit fleirtal av studentar etterlyser opplæring i KI-verktøy.
Sjølv tok eg endå ein telefon, til kollegaer som har fagkompetanse i generativ KI. Dei var entusiastiske til eit samarbeid. Saman skal vi gjere det som ei utdanning gjer best; danne sjølvstendig tenkjande menneske med evne til å stille kritiske spørsmål.
Eit par er her allereie, for når å drifte generativ KI er lite klimavennleg; korleis veg vi innsparingar mot miljøomsyn? Og dersom autentisitet aukar i verdi, vert det ein kvalitet som berre dei rike får oppleve?
Ja, vi treng fagfolk med språkkunnskap, språkforståing og evne til å formidle fakta så vi vert bevega, forstyrra og opprørte i tanke og sinn.
Men vi treng også fagfolk som stiller dei brennbare spørsmåla om kva som er god og berekraftig bruk av KI i tekstsamanheng.