I fleire år har eg hatt ei slags masochistisk glede av å gjere djupdykk i høgreradikale og -ekstreme Facebook-grupper for å sjå kva som ligg og ulmar der.

Denne gongen er det eit kommentarfelt i «Vi som støtter Norgesdemokratene» som har gjeve meg augesprett. Gruppa har 65.000 medlem og opplyser at dei ikkje er ei offisiell partigruppe, men støttespelarar til NorgDem (mi forkorting).
I omtalen av gruppa får vi vite at dei er registrert som «satire» fordi dei har blitt trua med å bli kasta ut av FB.
Norgesdemokratene er eit miniparti. I 2021 fekk dei 1,1 prosent av stemmane. Dei er, i følgje partiprogrammet, eit antiglobalistisk, verdikonservativt parti som er sterkt imot innvandring.
Leiaren deira er Geir Ugland Jacobsen. Han blei i 2020 ekskludert av Framstegspartiet fordi han fraksjonerte og ville ta partiet i ei meir radikal politisk retning. Han var då fylkesleiar i Oslo Frp.
Her om dagen presenterte gruppa eit bilde av Jonas Gahr Støre i oransje fengselsuniform. Ikkje noko å skrive kronikk om det, eigentleg. Slike bilde, for eksempel av Donald Trump, ser vi stadig i sosiale media.
Eg trudde eg hadde sett det meste av groteske kommentarar i FB-grupper, men det folk skriv her under fullt namn, er sjokkerande brutalt.
Det var nok overskrifta, der Støre vart kalla «landsforrædar», som gjorde at det tok full fyr i tastatura deira. Det flamma av politikarforakt generelt og Ap-hat spesielt.
«Quisling var en landsforræder. La denne få samme medisin», skriv eit medlem. «Utrolig at det ikke er riksrett», slår ein annen fast. «Forbanna landsforræder. Håper han lider samme skjebne som Quisling», tordnar ein tredje med store bokstaver.
Og det slutter ikkje der.
Det er EU si fjerde energimarkedspakke i form av tre direktiv som har jaga hatarane på banen; Fornybardirektivet, Bygningsenergidirektivet og Energieffektiviseringsdirektivet. (Kan vi få eit Forenkling av namn-direktiv òg?).
Arbeiderpartiet, quislingane, vil innføre direktiva. Senterpartiet er imot og har trekt seg frå regjeringa fordi Ap vil innføre dei. Ap får støtte av Høgre, Venstre og MDG, så dei er òg landsforrædarar.
Eg trudde eg hadde sett det meste av groteske kommentarar i FB-grupper, men det folk skriv her under fullt namn, er sjokkerande brutalt.
«Skafottet», er ei kort og konsis melding. «Burde fengsles i evig tid», skriv ei som ikkje går for drap. «Kuler i panna. Skyt djæveln», er den brutale meldinga frå ein annan støttespelar. Ein vil utlove dusør på landssvikarane og lurer på kva som då vil hende med dei. Ei som er litt mildare stemt, vil ha «hele Ap i gapestokk på Rådhusplassen».
Mange FB-grupper har moderatorar til å sile ut dei grovaste meldingane. Det kan sjå ut som om alt er lov her. Kanskje det er dette dei kallar satire?
Ein kan lure på kva partileiar Geir Ugland Jacobsen tykkjer om å ha slike støttespelarar?
I tre kommentarar på rad og rekkje får vi vite følgjande: «Riksrett ble fjernet bare for noen år tilbake. Sånn unngår de selv å ende som Quisling». «Samme straff som mange landssvikere fikk etter krigen. For eksempel Rinnan». «Landsforrædere skal dømmes til døden».
Eg var freidig nok til å nemne for ein at dødsstraff er avskaffa i Noreg og fekk prompte svar om at den må innførast igjen. Det meiner han nok han som kjem med denne kraftsalva òg: «Muren på Akershus festning er gjort klar». Ein har eit anna alternativ. «I gamle dager ble de halshugd», melder han.

Det er ikkje bare Støre som skal dømmast for landssvik. Gro for eksempel. Ein skriv at han saknar eit bilde av Erna og de andre medsammensvorne. Han slepp å vente lenge.
Nokon har arrangert eit bilde med Quisling i midten. Han er omkransa av bilde av Henry Rinnan, Gro Harlem Brundtland, Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Rinnan og Quisling er, som vi veit, allereie avretta.
Gruppa har meir på lager. «Quisling blir jo bare en pingle mot disse som herjer nå», påstår ei NorgDem-støtte. Ein kjem med dette utsagnet: «Quisling ble henretta, men Gro Harlem Brundtland som er en mye større forræder, ser ut til å vere freda».
Dette er tilsynelatande vaksne menneskje. Kanskje kan ein slå det bort som ikkje noko å bry seg med.
Så enkelt er det ikkje. Her er det mange som vil ha politikarar rydda av vegen. Tenk om ein eller annan tar dei på ordet.
Dei er fullstendig på linje med 22. juli-terroristen, som i retten fortalde at han hadde planlagt å halshogge Gro Harlem Brundtland på Utøya før han massakrerte ungdomspolitikarane. Ho var på Utøya nokre timar før naziterroristen kom dit.
Nokon kallar det ytringsfridom. Eg lurer på om ikkje slike utspel er brot på norsk lov?
Ein kan lure på kva partileiar Geir Ugland Jacobsen tykkjer om å ha slike støttespelarar? Det skal bli interessant å sjå om han set foten ned og fortel gruppa at han ikkje kan godta slike barbariske haldningar.
Gjer han det ikkje, må vi gå ut i frå at han er einig med dei. Skulle han – mot alle odds – bli valt inn på Stortinget, veit vi at det skjer takka vere folk som vil gjeninnføre dødsstraff i Noreg og som ønskjer livet av fleire av politikarkollegane hans.
«Lett å vere rebell i kjellerleiligheten din», syng Karpe og siktar truleg til ansikts- og namnlause nettroll som fullstendig anonymt kan lire av seg edder og galle utan at det får konsekvensar.
No har rebellane flytta opp i stuene der dei med namn og bilde lar hatet flyte fritt og deler ut dødsdommar til dei som vågar å ha standpunkt på tvers av deira eigne.
Nokon kallar det ytringsfridom. Eg lurer på om ikkje slike utspel er brot på norsk lov?
Les også debatt: Jeg kan jo ikke bare logge meg av. Eller kan jeg det?
Les også debatt: Det viktigste spørsmålet er ikke om Elon Musk gjorde nazihilsen
Les også kommentar: Støre har løftet seg selv og partiet (+)
Les også kommentar: Omtrent all moderne høyreekstremisme tyter ut fra samme kilde (+)