Debatt

Kødder du med retten til å organisere seg, kødder du med oss alle

Dei kan pynte seg med store slips og titlar, men her i Norden ser vi dei for det dei er: små menn med store ego.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Elon Musk blir kalla «den tøffeste nedbemannaren» av Donald Trump, og det er ikkje utan grunn.

Når Elon Musk motarbeider fagorganisering, er det ikkje berre eit angrep på arbeidarane ved Tesla sine verkstader, det er eit angrep på ein av dei viktigaste grunnsteinane i arbeidslivet: retten til å organisere seg.

Musk har gjort det til sitt oppdrag å halde fagforeiningar unna Tesla, og i over eitt år har arbeidarar i Sverige stått i streik for noko så grunnleggjande som ein tariffavtale. Dette er ikkje berre ei svensk sak, det er ein kamp som gjeld oss alle.

Det Tesla driv med, er ikkje innovasjon, det er ein ideologisk kamp for å rive ned arbeidarrettar.

Dei kan pynte seg med store slips og titlar, men her i Norden ser vi dei for det dei er: små menn med store ego. Musk nektar å anerkjenne fagforeiningar og rettferdige arbeidsvilkår.

Det Tesla driv med, er ikkje innovasjon, det er ein ideologisk kamp for å rive ned arbeidarrettar som fleire generasjonar har kjempa fram.

På Utøyafestivalen 2024 leia eg ein panelsamtale med leiaren for IF Metall Ung, som fortalde om korleis Tesla-tilsette i Sverige har kjempa ein beinhard kamp, ikkje berre mot selskapet, men mot ein tankegang der profitt er viktigare enn menneske. Han delte sterke historier om arbeidarar som står i frontlinja mot denne uretten, og det var ei kraftig påminning om kva som står på spel.

Vi må lære av kvarandre sine kampar, for å ikkje tape dei sjølv.

Dette er ikkje berre eit svensk problem. Det vi ser, er eit internasjonalt angrep på rettar arbeidsfolk har vunnet i Norden for fleire tiår sidan. Musk og Trump prøver å normalisere «amerikanske tilstandar» der fagforeiningar blir svekte, lønningar blir pressa ned, og arbeidarar blir redusert til tall i eit Excel-ark.

Vi veit at rettferdige arbeidsvilkår ikkje kjem av seg sjølv, dei er resultatet av harde kampar, streik, og organisering. Derfor er internasjonalt samarbeid i arbeidarrørsla heilt avgjerande. IF Metall har fått støtte frå fagforeiningar over heile Norden og Europa, og saman kan vi sette press på selskap som Tesla.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt