Vi går inn i ein ny tidsalder. Globaliseringa blir erstatta av handelskrig, samtidig som sentrale menneskerettar blir utfordra verda over.
Europa treng Afrika i den globale striden som ikkje berre handlar om økonomi, men også om demokrati. Då må vi finne fram til eit samarbeid som både er meir omfattande og grunna på likeverd.
I framtida blir Afrika stadig viktigare for Europa.
Det eine er at det er i afrikanske land ein finn det meste av mange metall og mineral som er nødvendige for å lage rein energi.
Tre afrikanske land har sytti prosent av verdas kobolt. Guinea åleine har fjerdeparten av bauxitt-reservane, medan Sør-Afrika har over nitti prosent av platina.
Europa vil i åra framover delta i ein global kappestrid om minerala frå Afrika for å kunne hevde oss teknologisk og økonomisk mellom Asia og Amerika.
Trump i Det kvite hus forsterkar denne tevlinga. Men for mange i Afrika kjennest Europa mindre viktig enn før. Kina og India er nå dei landa som kjøper mest varer frå Afrika.
Det andre er at innan år 2050 vil Afrikas befolkning vere dobla frå i dag. Nesten all auke av folk i arbeidsfør alder i verda vil i framtida komme frå Afrika.
Kvar månad aukar talet på arbeidsføre i land sør for Sahara med halvannan million.
Dei fleste av dei vil ikkje finne arbeid, akseptabel bustad eller god utdanning for barna sine på det afrikanske kontinentet.
Difor vil millionar av afrikansk ungdom delta i ein heilt annan kappestrid, om å komme seg fram i live til andre kontinent for å sikre seg ein akseptabel levestandard.
Då nyttar det lite, som EU – og dermed Norge – prøver, å gjere det nærmast umuleg for folk frå afrikanske land å flytte til Europa.
Då blir det i vår eiga interesse å intensivere det europeiske engasjementet med afrikanske land, økonomisk, politisk, diplomatisk og med bistand.
Ennå i dag kjenner afrikanarar på arrogansen og paternalismen som skin gjennom trass i alle politiske utsegner om likeverdig samarbeid og alliansebygging.
Vi må bidra massivt til å styrke økonomi og fridom på det afrikanske kontinentet, slik at det blir muleg for ein større den av den veksande befolkninga å finne arbeid i heimlanda.
Eit slikt engasjement vil styrke Europas økonomiske posisjon og gjere oss betre i stand til å forsvare og fremje demokrati, menneskerettar og rettsstat globalt.
Europa og EU vil framover vere den viktigaste globale forsvarar for ytringsfridom, fagforeiningsrettar, retten til å velje partnar og kvinners rettar, og med ein målretta politikk kan vi inspirere og støtte undertrykte i andre verdsdelar.
På COP29 i Baku lovde industrialiserte land 300 milliardar dollar til klimatiltak i utviklingsland. Mykje, kanskje det meste, av dette vil måtte gå til Afrika, og satsinga vil truleg i hovudsak måtte finansierast av europeiske land.
Frå før har EU lovd 150 milliardar euro i året fram til 2027 til omstilling og arbeidsplassar i Afrika. Den nye norske strategien for samarbeid med afrikanske land peikar også i rett retning med breidde i tiltaka, men seier mindre om verkemidlar og summar.
I framtida vil det krevje summar i ein heilt annan storleiksorden å bidra til ikkje berre å motstå dei katastrofale klimaendringane, men også å skape fortgang i den veksten afrikanske land må ha for å skape arbeid og økonomi for den veksande befolkninga.
Samtidig må vi førebu oss på mykje meir omfattande innvandring.
Omfanget vil vere avhengig av utviklinga i afrikanske land og vår støtte til den. Men sidan auken i framtidig arbeidskraft vil komme i Afrika, vil innvandringa også vere med å fylle eit behov hos oss og andre europeiske land.
Det vil rett nok krevje store endringar hos oss, i vårt utdanningssystem, i vår arbeidskraftpolitikk og i våre haldningar.
Men politisk er forholdet mellom afrikanske og europeiske land vanskelegare enn på lenge. Afrikanske politikarar har blitt meir og meir frustrerte over måten dei blir behandla på av europeiske ledarar.
Dei grunnleggande årsakene til misnøya er lette å finne. Presidenten i EUs råd, Charles Michel, har rett når han peikar på fortidas demonar. Desse demonane går 500 år tilbake, då den transatlantiske slavehandelen starta og det industrielle slaveriet i den nye verda reduserte afrikanarane frå menneske til kveg, for å sitere den tidlegare utanrikskorrespondenten for New York Times, Howard French.
Nærmare hundre år med kolonistyre gjorde ingenting for å minske nedlatande og rasistiske haldningar overfor afrikanarar frå europeisk side.
Korona-pandemien, Russlands overfall på Ukraina og Israels krig i Gaza bidratt til å gjere tilliten til Europa mindre og spenninga større.
I vårt hundreår, etter som konkurransen om Afrikas ressursar har blitt sterkare, har afrikanske land fått meir sjølvtillit.
Men ennå i dag kjenner afrikanarar på arrogansen og paternalismen som skin gjennom trass i alle politiske utsegner om likeverdig samarbeid og alliansebygging.
I denne settinga har korona-pandemien, Russlands overfall på Ukraina og Israels krig i Gaza bidratt til å gjere tilliten til Europa mindre og spenninga større.
Reaksjonen frå afrikanske ledarar over det som vart oppfatta som vaksine-apartheid, var uvanleg sterk.
Sjeldan har ein sett Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa så rasande som då Vesten innførde innreiseforbod for afrikanarar utan å konsultere afrikanske land i det heile tatt.
Europa må difor både endre haldning og form på måten vi samarbeider på, auke engasjementet kraftig, og vi må førebu oss på å ta mot millionar frå Afrika i tiåra framover. Berre då vil vi kunne ta vare på interessene til europeiske og afrikanske land.
Dette høyrest ikkje realistisk ut for alle. Men om det kan bli dramatisk, er alternativet likevel verre, både etisk og for vår eigen tryggleik.
Tanken på kva alternativet vil føre med seg vil knapt vere å halde ut: ein flytande militær forsvarsmur frå Gran Canaria til Bosporos – eller som Erika Fatland ser det for seg i si siste bok Sjøfareren; grenser med dronar og virtuelle murar vakta av kunstig intelligens.
Til slutt blir også dette eit spørsmål om rettferd. Den industrielle slavedrifta skapte det økonomiske grunnlaget for britisk og europeisk industrialisering.
Og CO2-utsleppet frå Vesten, som var nødvendig for vår velstand, er årsaka til klimaendringane.