Debatt

Eit ukritisk ekko frå Dagsavisens kommentator

Lønsdanninga må ha fleksibilitet til å sikre kapasitet og kompetanse i offentleg sektor.

Klaus Mohn er rektor og professor ved Universitetet i Stavanger.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kjell Werner slår under tittelen «Fingrene av lønnsfatet» (Dagsavisen 19. november) eit slag for frontfaget si rolle i lønsdanninga.

Kommentaren er eit ukritisk ekko av dei største særinteressene i arbeidslivet, og bringer lite innsikt rundt dei store utfordringane i arbeidsmarknaden.

La det berre vere klart: Eg er einig i at koordinerte lønsoppgjer har store fordelar, og i at frontfagsmodellen har tent oss godt gjennom fleire tiår.

Men framtida er ikkje som fortida. Framtida er annleis. Aldringa skyt fart, arbeidsstyrken stagnerer og arbeidskrafta blir knappare. Kampen om arbeidskrafta vil hardne, og utfordre både lønsdanninga og fordelinga av folka våre.

Ei skroting av frontfagsmodellen treng heller ikkje være alternativet til dagens system. Men lønsdanninga må ha fleksibilitet til at relative løner kan justerast når behova melder seg for å flytte arbeidskraft mellom ulike delar av økonomien.

Ein risikerer at lønsdanninga kjem i vegen for viktige omsyn til offentleg velferd. For eksempel gjeld dette helse og utdanning, der mangelen på arbeidskraft no melder seg med full kraft.

I motsett fall risikerer ein at lønsdanninga kjem i vegen for viktige omsyn til offentleg velferd. For eksempel gjeld dette helse og utdanning, der mangelen på arbeidskraft no melder seg med full kraft.

Læraryrket er særs viktig for kunnskapsbygging blant barn og unge på kort sikt, og for samfunnsutviklinga på lengre sikt. Difor burde ein uroe seg over at rekrutteringa til læraryrket for tida er veldig svak.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Sjølv om årskulla for barn og unge har stagnert, så vil me trenge framifrå lærarar for å erstatte dei som sluttar eller går av med pensjon. Det får me ikkje når ungdommen vender seg bort frå læraryrket.

Dette er ikkje ei utdanningskrise. Problemet er at ungdommen ikkje er freista av yrket som ventar når utdanninga er fullført.

For dei femårige lærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger har me i år lykkast i å fylle 41 prosent av studieplassane. Det inneber at me har 135 ledige studieplassar ved lærarutdanninga berre ved vår institusjon.

Situasjonen er den same med andre lærestadar i landet. Mange hundre studieplassar står ledige, og kapasiteten peikar nedover ved lærarutdanningar landet over.

Dette er ikkje ei utdanningskrise. Problemet er at ungdommen ikkje er freista av yrket som ventar når utdanninga er fullført.

Det same gjeld sjukepleiarutdanninga. Forskjellen er at her vil behovet gå rett til værs, etter som talet på 80-åringar vil doblast innan 2040. For å møte denne utviklinga kan me kome til å trenge 150.000 nye årsverk i helse- og omsorgssektoren i løpet av dei neste 15 åra.

Me går mot krise for rekrutteringa til særs viktige yrke i offentleg sektor. Løysinga ligg i å gjere desse yrka meir attraktive.

Likevel er det så vidt me lykkast i å fylle studieplassane, sjølv om opptakskrava er på veg ned, og me tek inn absolutt alle som søkjer.

Me går mot krise for rekrutteringa til særs viktige yrke i offentleg sektor. Løysinga ligg i å gjere desse yrka meir attraktive, og då bør ein lytte til kva ungdommen er opptekne av.

Den store undersøkinga UNG2025 minner oss om at det ungdommen legg vekt på i val av arbeidsgjevar er tryggleik og fleksibilitet, oppfølging og utvikling, merittering og karriereplanlegging, omsyn til fysisk og psykisk helse, samt balanse i livet.

Men på toppen av lista finn me løn, som helst bør stå i stil med innsats og resultat.

Likevel slår altså Werner lag med LO og NHO, og insisterer på at løn ikkje skal brukast for å sikre kompetanse og kvalitet i offentleg velferd. Dermed dukkar dei alle unna det som er hovudutfordringa.

I staden for å slå eit ukritisk kringvern om gårsdagens modellar og tankesett burde Werner rette merksemda framåt, på kva som skal til for å sikre kvalitet og omfang i offentleg velferd når arbeidsstyrken ikkje lenger kan dekke alle behov og ønske.


Mer fra: Debatt