Debatt

Nei, men SV då!

Det er synd at eit parti på venstresida flaggar ei slik liberalisme i ruspolitikken. Det er både inkonsekvent og historielaust, og i alle fall ikkje i svake grupper si interesse.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg sit her og les om ruspolitikk i arbeidsprogrammet dykkar for 2025- 29 og er mildt sagt sjokkert.

Norsk ruspolitikk har då ikkje feila, som de skriv.

Vi var inntil nyleg eitt av landa med lågast forbruk av narkotika i heile Europa, sjølv om Høgre- regjeringa si anbefaling av avkriminalisering for eit par år sidan, følgdest av ei liberal bølgje og auka kokainbruk.

Solveig Bendixen, Ålesund.

Når det gjeld lågterskeltilbod og differensierte tiltak er vi globalt sett av dei beste. International Drug Policy Consortium samanlikna i 2021 omlag 30 land over heile kloden med tanke på kva dei gjorde for å hjelpe rusavhengige og redusere russkader, og då kom Noreg best ut av alle.

Noreg blei nummer ein!

Vi har eit variert tilbod både med omsyn til førebygging, behandling og skadereduksjon. Ikkje bra nok, sjølvsagt, men globalt sett har vi ein brei, balansert og moderat narkotikapolitikk.

Arbeidsprogrammet til SV seier at norsk rusførebygging er basert på skremsel og straff og ikkje på kunnskap. Kvar har SV det i frå?

Det anar meg at dei har nokre ivrige legaliseringstilhengjarar her. Eg veit at desse i mange år har stempla informasjon om skadeverknadar som skremselspropaganda.

I arbeidsprogrammet til SV blir avkriminalisering foreslått som tiltak. Som om færre unge vil begynne med stoff om det blei straffefritt å bruke!

SV må vel forstå at det er dette som er propaganda?

Korleis skal dei unge elles vite kva dei risikerer om dei ikkje får høyre om skadeverknadane?

Og kva meiner SV med at rusforebygginga i Noreg er basert på straff? Så lenge det er straffbart å bruke stoff må vel ungane få vite om det også?

Restriktive tiltak og informasjon om lungekreft funka som berre det for å få ned tobakksforbruket for nokre år sidan.

I arbeidsprogrammet til SV blir avkriminalisering foreslått som tiltak, og eg legg merke til at dette er punkt nummer ein på lista deira. Som om færre unge vil begynne med stoff om det blei straffefritt å bruke!

Dei kriminelle ville sjølvsagt glede seg om bruken av varene deira ikkje lenger skulle straffast, og detaljhandlaren kunne berre ha på seg «brukardosa» si. At bruken ville auke ved ei avkriminalisering, er opplagt.

Punkt nummer to på lista over tiltak, er å auke talet på plassar i døgnbehandling. Dette støttar eg sjølvsagt hundre prosent. Også punkt nummer tre om å styrke integrert ettervern får mi fulle støtte. Dette håper eg SV vil jobbe for.

Det er synd at eit parti på venstresida flaggar ei slik liberalisme i ruspolitikken. Det er både inkonsekvent og historielaust, og i alle fall ikkje i svake grupper si interesse.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt