«Dette har vært en kampsak for oss, så nå skal vi feire!» Det var beskjeden frå Pensjonistforbundets leiar Jan Davidsen (Nettavisen 29/9). Frå 1. oktober gjeld nemleg den nye lovendringa om kontantbetaling, som Ap/Sp-regjeringa har fått på plass.
Mange slit med det digitale. Dei har vore vande med kontantar gjennom eit langt liv, det er kjent og trygt. Desse skal møtast med respekt, ikkje nedlatande haldningar.
Derfor tok Ap/Sp-regjeringa initiativ til ei klargjering av lovverket, og fekk stortingsfleirtalet med seg. No kan ingen butikkar, kafear – eller frisørar, for den del - lenger nekte å ta imot kontantar. Så vil regjeringa jobbe vidare med å finne løysingar for buss, tog og legekontor.
Arbeidarpartiet har alltid vore, og vil alltid vere, på lag med framtida. Vi skal sikre at Noreg held fram som eit teknologisk moderne og velfungerande land, noko som vil gagne alle. Kontantdebatten handlar ikkje om dette, men om beredskap, inkludering og respekt.
Som einaste parti røysta Høgre imot lovendringa. Det får dei sjølve svare for, men Arbeidarpartiet si grunnhaldning er klar:
Ingen skal stengast ute, heller ikkje i tider med store teknologiske endringar.