Debatt

Store ord om ein liten sak

Dagsavisen skyter spurv med kanon.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dagsavisen sin leiar (8. august) om serveringa på Øyfestivalen skyter definitivt spurv med kanon. Bakgrunnen for leiaren er eit utsegn frå meg til TV 2 om at Øyafestivalen si avgjerd om å ikkje servere kjøtt er i overkant politisk korrekt.

Kommentaren nyttar ordet «kulturkrig» om dette. Heile kommentaren ber preg av at «sinna mann i kommentarfeltet» på Facebook har overteke leiarpennen.

Eg understreker i saka at arrangøren har ein sjølvsagt rett til å bestemme kva som vert servert. Samstundes som folk burde ha ein rett til å bestemme kva mat dei vil kjøpe. Eg meiner og det vert laga for mange reglar knytt til mat.

Leiaren har og dikta opp ei utsegn frå meg som vert kritisert: «Matminister Pollestad mener det burde være tillatt med matpakke under festivalen, slik at folk kan ‘velge selv om de vil spise kjøtt eller ei på festival’ under de ganske få timene de oppholder seg på festivalområdet».

Eg har aldri grunngjeve matpakke med folk sitt ynskje om kjøtt på festival. Det er fri fantasi frå Dagsavisen sin leiar, som det så vert argumentert mot.

Mi grunngjeving for matpakken er den sosiale bærekrafta. For folk som ikkje har redaktørløn vil eg tru at eit dagspass til 1.400 kroner er ein betydeleg kostnad. Då burde ein av omsyn til sosial bærekraft gje folk moglegheit til å ha med matpakke. Om det er baconost eller makrell i tomat på brødskiva burde folk få bestemme sjølv.

Eg heier på bærekraftsarbeidet til Øyafestivalen, men forbod mot matpakke og forbod mot elgburger på konsert er symbolpolitikk. Omgrepet «kulturkrig» bør ein ikkje strø om seg i tide og utide.

Les også: AAP: – Dette er det ingen som forteller deg (+)
Les også: Oljepioner Josef er 69 år og totalt pleietrengende
Les også: Nå har Mimir bestemt seg før valget neste år

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt