Debatt

Sommarjobb til alle: Win, win, win

Om alle unge får like gode moglegheiter til å bidra, so vil færre falle frå og fellesskapet vil ha fleire bidragsytarar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

For mange av oss unge er sommaren ei moglegheit til å oppleve arbeidslivet for første gong. Eg hugsar godt min første sommarjobb som kjøkkenassistent på det kommunale kjøkkenet heime. Då lærte eg verdien av hardt arbeid, å kome tidsnok og å samarbeide med andre. Som fyrste gong eg hadde for mykje pepar i brunsausen – det lærte meg kor viktig det er å følgje med på detaljane!

Nyleg opplevde studenten Haris og andre unge å bli lova sommarjobb frå storselskapet Adecco, men plutseleg mista dei denne lovnaden på flekken. LO sin sommarpatrulje melder om at mange unge får eit uheldig fyrste møte med arbeidslivet. Dette må vi få bukt på.

Sandra Edith Kalland Tenud, sentralstyremedlem i AUF

Å investere i ungdommane våre handlar om å investere i framtida vår. Ifølgje berekningar gjort av Nav, kostar det samfunnet over 6 millionar kroner kvart år når ein ung person fell utanfor arbeid eller utdanning. Derfor må vi handle tidleg. Ved å investere i sommarjobbar og aktivitetar for unge, reduserer vi store samfunnskostnadar og investerer i alle si framtid.

For AUF er det viktig at unge blir inkluderte i fellesskapet vårt tidleg. Ingen skal stå på sidelinja når samfunnet utviklar seg. Ein sommarjobb kan vere det første viktige steget på vegen mot sjølvstende for mange unge. Det er ein sjanse til å delta, til å lære og til å bidra til samfunnet sitt beste. I sommarjobb kan ein utvikle nye ferdigheiter, lære å handtere ansvar og tidspress, og styrke kommunikasjon og teamarbeid.

Etter Arbeidarpartiet overtok regjeringskontora frå høgresida i 2021, har talet på unge med sommarjobb auka med fantastiske 16 prosent. Det betyr at over 25.000 fleire unge fekk ta steget inn i arbeidslivet i løpet av somrane 2022 og 2023. Dette er villa politikk. Vårt mål er fleire ungdomar i arbeid. Difor satsar vi på arbeidsmarknadstiltak, sikrar at kommunane løyver nok pengar til å opprette fleire sommarjobbar og sørgjer for at alle møter eit seriøst arbeidsliv.

Å ha ein sommarjobb bidreg til personleg vekst ved å auke sjølvtillit og ansvarskjensle.

Ved å tene eigne pengar får ungdom ei kjensle av økonomisk sjølvstende. Dette lærer dei verdien av pengar, budsjettering og økonomisk planlegging. Mange brukar inntektene til å finansiere utdanning eller spare til større investeringar som køyretøy eller bustad. Å ha ein sommarjobb bidreg til personleg vekst ved å auke sjølvtillit og ansvarskjensle. Ungdom lærer viktigheita av punktlegheit, pålitelegheit og arbeidsmoral, som er viktige eigenskapar i både arbeidslivet og kvardagen generelt. Sommarjobbar gir ungdom høve til å bygge nettverk som kan vere nyttige seinare i livet. Dei møter arbeidsgjevarar, kollegaer og kundar som kan gi referansar, råd og moglegheiter for framtidige jobbar.

AUF vil fortsette arbeidet med at staten, fylka og kommunane aukar innsatsen for å skape fleire sommarjobbar og aktivitetar for unge. So må vi slå hardare ned på alle aktørar som utnyttar unge. Om alle unge får like gode moglegheiter til å bidra, so vil færre falle frå og fellesskapet vil ha fleire bidragsytarar. Win, win, win.

Mer fra: Debatt