Debatt

Desse grepa kan løyse lærarkrisa

Stadig færre vil bli lærarar. Nøkkelen til rekruttering ligg hjå politikarane.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det finst ingen andre løysingar på lærarkrisa enn å gjere skulen og barnehagen til ein betre plass å vere både for barn, unge og læraren.

10. april i år skreiv Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger, eit debattinnlegg i Utdanningsnytt. Der skreiv han at «utan betre utsikter for kritiske yrke, vil heller ikkje utdanningane bli meir attraktive». Dette er den ubehagelege sanninga mange av oss har prøvd å rope høgt om dei siste åra.

Færre vil bli lærarar

Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet

Søkjartala til høgare utdanning i år viser ein nedgang i talet på unge som vil bli lærar i barnehage og skule. Tal frå Samordna opptak viser at søkinga samla sett gjekk ned med 6,8 prosent. Trenden frå tidlegare år held fram for dei fleste lærarutdanningane. Dei to siste åra har grunnskulelærarutdanninga hatt ei nedgang i talet på tilbod om studieplassar på godt over 20 prosent.

I lengda hjelp det ikkje med kjappe løysingar på krisa i lærarrekrutteringa. Enkle svar på ein kompleks situasjon gagnar ikkje barn og unge. Dei treng høgt utdanna og kompetente lærarar i alle barnehagar og klasserom for å få ei god oppleving og ei god utdanning. Det er fleire grep vi kan ta for å auke rekrutteringa.

Tid til å vere lærar

Vi må gje lærarane tid til å vere lærar. Lærarprofesjonen ønskjer å gjere ein best mogleg jobb for barn og unge. Tid til å følgje opp kvart barn og kvar elev står heilt sentralt for å lukkast med å byggje dei faglege og sosiale ferdigheitene hjå barna, som er nødvendige for eit godt liv. I kvardagen gjer lærarane mange små, usynlege ting som sørgjer for at barna våre blir sett, høyrt og har noko å høyre til. Gje oss tid til å gjere jobben på ein god måte.

Veldig mykje av tida til lærarane går til andre oppgåver enn kjerneoppgåvene. Det er ein viktig grunn til at lærarane vel vekk barnehagen og skulen. Auka midlar til andre yrkesgrupper i skulen, som sosiallærarar og helsesjukepleiarar, er viktig. Samstundes må barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste) styrkjast. Det er avgjerande at laget rundt lærar og elev vert styrkja.

Les også: Meteorologen: – Med klimaendringene blir det våtere

Vi må i mykje større grad overlate til profesjonen kva verktøy og program dei treng

Det er og viktig å redusere omfanget av byråkrati og rapporteringskrav for lærarane. Sjølv om mykje er godt meint, er ikkje alt like naudsynt. Hausten 2023 la utvalet for kvalitetsutvikling i skolen, leia av professor Tine Prøitz, fram sin rapport. Dei føreslo mellom anna eit nytt system for utvikling av kvaliteten i skulen som i større grad tek utgangspunkt i skulekvardagen – og at ein må sjå på endringar i prøver og undersøkingar i skulen. Vi meiner at vi i mykje større grad må overlate til profesjonen kva verktøy og program dei treng.

Eit styrkja lag

Vidare må vi gje skuleleiarane og lærarane den kompetansen og dei ressursane dei treng, for å førebyggje og handsame den aukande mengda vald og truslar. Eit styrkja lag rundt lærarane og elevane, og god rettleiing i vanskelege situasjonar, vil også hjelpe på denne situasjonen. Ikkje nokon lærar skal måtte stå aleine i møte med desse utfordringane. Skoleeigar må i mykje større grad på banen og ta sitt ansvar.

Frå Lærarstudentane i Utdanningsforbundet og frå eigne medlemmer som jobbar i utdanningane, veit vi mykje om kor skoen trykkjer. Dei første åra i yrket er ein særskilt kritisk fase. Kvar sjette nyutdanna lærar sluttar i løpet av dei fem første åra. For å støtte ferske lærarar må det setjast av tid til oppfølging. Både dei som rettleiar, og de nyutdanna må difor ha redusert undervisningsplikt i denne perioden. Rettleiinga bør givast av ein erfaren lærar med formell kompetanse i profesjonsfagleg rettleiing.

Vi veit og at betre løns- og arbeidsvilkår er viktig. Lønsutviklinga for lærarar må opp på same nivå som for yrkesgrupper med tilsvarande utdanning, og lønsnivået til barnehagelærarar må løftast. Dette vil vi fortsette å kjempe for. No håper vi at arbeidsgjevarane i mykje større grad erkjenner samanhengen mellom rekruttering og løn. Løn og arbeidsvilkår må bli betre.

Les også: Fant døde katter i en sekk i havet

Verdas beste yrke?

I vinter gjekk regjeringa, lærarorganisasjonane, arbeidsgivarar, lærarutdanningane og studentane saman om ein strategi for å rekruttere til lærarutdanning, læraryrket og for at lærarar skal ynskje å bli i yrket: Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læraryrket 2024–2030.

Vi er glade for at det endeleg vart etablert ei felles forståing om at vi står i ei lærarkrise. Ei krise som må løysast i fellesskap. Sjølv om vi er utolmodige, og gjerne skulle hatt endå fleire og meir konkrete tiltak raskt, så forstår vi at ingen av partane kan løyse krisa åleine, eller at dette er enkelt. Difor er det bra at alle partane forpliktar seg til å bidra.

Vi i Utdanningsforbundet skal gjere alt vi kan for å snu den negative trenden i søkjartal til lærarutdanningane.

Lærarjobben, både i barnehage og i skulen, er ein av dei viktigaste i samfunnet. Og som eg brukar å seie: Med dei rette rammene og med nok ressursar, er læraryrket verdas beste yrke.

Men nøkkelen ligg hjå politikarane. For gode rammer og dei naudsynte ressursane som er tilpassa dei elevane vi har i skulen i dag, må faktisk på plass. Dei er der ikkje i dag.

Les også: Slik unngår du salmonella

Mer fra: Debatt