Debatt

Oslo er 100 år. Hurra!

Respekt mellom bygd og by er viktigare enn nokon gong.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

11. juli 1924, for 100 år sidan, vart det avgjort at hovudstaden vår skulle byte namn. Det danske Kristiania, som nordmenn hadde vent seg til gjennom 300 år, vart til det norske Oslo. Gjennom eit norsk hovudstadsnamn valde stortingspolitikarane heile Noreg over berre borgarskapet.

Nettopp det bør minne oss om noko av det finaste ved det norske samfunnet: små skilnader mellom bygd og by, og eit gjensidig tillitsforhold mellom hovudstaden og resten av landet. Dette har ikkje komme av seg sjølv og er ikkje noko vi kan eller skal ta for gitt.

Eit annleisland

I alle land trekkjer folk mot hovudstaden. Der finn dei likesinna, der ligg dei fremste utdanningsinstitusjonane og gjævaste arbeidsplassane. I dei fleste land ligg storbyen framom, og bygda og småbyane bak.

Noreg har på mange måtar vore eit annleisland. Vi har vore gode på å skape interesse for kunnskap og utdanning overalt. Vi har fått fram skulevinnarar og samfunnstoppar ved små skular ved ein fjord eller inne i ein dal.

Sterke og intellektuelle krefter frå bygdene har vore eit viktig bidrag til å byggje opp Oslo.

Den norske modellen har ikkje komme av seg sjølv. Dei frilynte ungdomslaga, landsgymnasa og det nynorske språket har til dømes vore sterke bidragsytarar til at folk på bygda har lært seg å dra i lag, fått sjansar og blitt rekna med. Sterke og intellektuelle krefter frå bygdene har også vore eit viktig bidrag til å byggje opp Oslo til det byen er i dag.

Mange av landa i den vestlege verda får no merke dei negative konsekvensane av ei større kløft mellom by og land. Resultatet er hovudstadsskepsis, mistillit til kunnskap som følgjer med utdanning og ein trong til å like populistiske politikarar som presenterer enkle løysingar på samansette problem.

Auka polarisering

Også her i landet skal vi vakte oss for ei auka polarisering.

Nøkkelfunksjonar i små samfunn er i våre dagar vanskelege å fylle, anten det er snakk om kommunedirektør, lege eller rektor. Mange bygder må ta til takke med ufaglærte lærarar. Får dei ein formelt kvalifisert, er det gjerne den einaste søkjaren.

Dersom ein ser verda frå hovudstaden, tar ein kanskje ikkje dette så tungt. Men det svekkjer norske bygder og bidreg til at folk på bygda kan komme dårlegare ut enn dei i byen. Då aukar flukta til byen og faren for avmakt blant dei som blir att.

Vi kan ikkje lene oss på tidlegare ordningar og samfunnsstrukturar. By-land-problematikk og faren for auka polarisering bør vere eit tema i politikkutforming – for alle politiske parti.

I 1924 valde politikarar frå heile landet – gjennom eit norsk hovudstadsnamn – å ta eit vakkert standpunkt for heile landet. Det bør vi halde fram med – til det beste for oss alle.

Mer fra: Debatt