Debatt

Du er viktig for beredskapen

Kan du hjelpa deg sjølv i starten av ei krise, sørger du for at andre får hjelp.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dei siste åra har me alle opplevd ekstremvêr, krig i Europa og meir uro i verda. Det er ein heilt endra beredskapssituasjon i heile landet. Alle må bli ein del av vår felles beredskap. Me må rett og slett planlegga for kriser.

Kan du hjelpa deg sjølv i starten av ei krise, sørger du for at andre får hjelp. Dersom flest mogleg av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst.

Odd Harald Hovland, beredskapspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet

Alle bør planlegga for å kunne ta vare på seg sjølv og dei rundt seg i minst tre døgn, dersom kritisk infrastruktur – som straum, vatn og mobilnett – fell ut. I bua, garasjen eller på gjesterommet bør du ha eit lite beredskapslager.

Det er fleire tilhøve som gjer det naudsynt med råd om beredskap. Klimaendringane har bidrege til meir ekstremt vêr, noko som kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur. Den sikkerheitspolitiske situasjonen er dramatisk endra dei siste åra.

Regjeringa vil modernisera, styrka og bygga eit sterkt totalforsvar i heile landet. Arbeidet er allereie i gang. Auka beredskap i befolkninga – altså korleis kvar enkelt tar vare på seg og sine dersom noko uføresett skulle skje – er ein naturleg del av arbeidet med å skapa eit tryggare Noreg.

Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at vårt daglege liv skal gå rundt utan store problem. Det er i seg sjølv sårbart.

Me som bur i Noreg – som er mellom verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av, for at vårt daglege liv skal gå rundt utan store problem. Det er i seg sjølv sårbart.

Les også: Skal vi ha krise hver gang?

Difor er det viktig at folk tenkjer over korleis dei kan førebu seg best mogleg om noko skulle skje. Befolkninga si bevisstheit  kring dette er viktig. Det aukar vår motstandsevne, same kva for krise som måtte koma.

Me treng at alle er ein del av vår felles beredskap.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt