Debatt

Kritikk av Israel er ikkje jødehat

Eg er eit tålmodig menneskje. Men ein ting gjer meg aldeles rasande; at nokon vågar å kalle meg jødehatar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I samband med Hamas sitt groteske og bestialske terroråtak på Israel og den fryktelege situasjonen dette har ført til, er debatten intens og interessant på sosiale medium.

Men også hylande usakleg.

Eit argument som stadig dukkar opp frå dei som aldri ser nokon grunn til å kritisere Israel, er at dei som er freidige nok til å gjere det, er jødehatarar. Andre påstår at dei som kritiserer Hamas, er paliestinarhatarar.

Nyleg skreiv Frp-politikar Erlend Wiborg følgjande på Twitter: «Hvis noen ikke klarer å ta 100% avstand fra disse barbariske handlingene uten å komme med et «men», ekskluderer det deg fra en seriøs debatt. Da er hatet du har mot Israel og jøder så sterkt at du er et direkte ondt menneske.»

Jarl Wåge

Ei anna skreiv som følgjer: «Terrorangrepene i Israel har vist meg en ting: det finnes mye mer antisemittisme i vestlige land enn jeg naivt trodde.»

Sylvi Listhaug uttalte ein gong at å påstå at meiningsmotstandarar er drevne av hat, er hersketeknikk. Kanskje Wiborg og alle andre som i desse dagar kjem med antisemittisme-påstandar, skal legge seg desse orda på minnet?

Wiborg sitt, og liknande, utspel er eit historielaust, uredeleg og feigt forsøk på å legge lokk på all kritikk av politikken Israel har ført mot palestinarar gjennom fleire tiår og framleis fører.

Det er rett og slett umuleg å ta det som skjer i området ut av sin historiske kontekst. Palestinarane har blitt drevne frå skanse til skanse til dei er fanga i eit par overbefolka enklavar, der levevilkåra for til saman meir enn fem millionar menneskje nesten er umenneskelege.

Når Wiborg og hans meiningsfellar, blant andre medlem i MIFF (Med Israel for fred) slengjer rundt seg med «jødehat», melder følgjande spørsmål seg: Er eg kinesarhatar om eg kritiserer Kina, amerikanarhatar om eg kritiserer USA, russarhatar om eg kritiserer Russland, palestinarhatar om eg kritiserer Hamas?

Det ville sjølvsagt vere absurd å påstå noko sånt, så la oss slå fast ein gong for alle: Sakleg kritikk er ikkje hat.

Det er slett ikkje vanskeleg å stille seg 100 prosent bak flengande kritikk av Hamas for dei fryktelege terroråtaka dei siste dagane. På iskaldt, kynisk og ondskapsfullt vis utfører dei nådelaus terror mot uskuldige menneskje. Ikkje nok med det; like kynisk ofrar dei sitt eige folk.

Sjølvsagt visste Hamas at Israel, naturleg nok, ville komme etter dei på hemntokt. Sjølvsagt visste dei at dei ikkje kan slå militærmakta Israel i ein krig. Sjølvsagt visste dei at Israel ville erklære krig og slå tifold tilbake.

Dei speler eit høgt spel. Innsatsen er deira eige folk.

Det er alltid uskuldige sivile som er offer og taparar både for terror og krig, noko vi ser tydelege døme på no med fryktelege konsekvensar både i Israel og på Gaza-stripa.

Hamas utfører nådelaus terror mot uskuldige menneskje. Ikkje nok med det; like kynisk ofrar dei sitt eige folk.

Det er tragisk at Hamas har blitt sjølvutnemnde representantar for palestinarane på Gaza-stripa. Tragisk fordi dei gjennom sitt beregnande spel har oppnådd at delar av Gaza i desse dagar blir bomba sønder og saman og hundrevis av menneskje er jaga på flukt.

Så langt det er muleg å flykte på den vesle landstripa dei bur på. Eit område som er mindre enn Bergen kommune og har nærmare ti gongar så mange innbyggjarar.

Vi ser at historien gjentar seg. Eit folk i krise er eit lett bytte for antidemokratiske krefter, og palestinarane er eit folk i krise. Ei krise Israel må ta sin del av ansvaret for.

Hen som måtte klare å finne ei løysing på konflikten mellom palestinarar og israelarar, vil vere ein sjølvskriven vinnar av Nobels fredspris. Situasjonen ser fullstendig fastlåst ut.

Det er deprimerande liten grunn til optimisme. Ein ting er sikkert; partane må fortast muleg sette seg til forhandlingsbordet. Dei må forhandle seg fram til løysingar begge sider kan leve med.

Klarer dei ikkje det, vil Israel i framtida oppleve nye, grusame terroraksjonar med katastrofale følgjer på si jord. Samtidig vil palestinarane måtte gjennomleve nye krigsåtak der dei er stuva saman.

Lukkast dei ikkje med forhandlingar, kan det sjå ut som om den endelege løysinga kan bli at palestinarane må fordrivast. Men etnisk reinsking er noko Israel, med tanke på jødane si eiga historie, aldri kan gå inn for.

Medan partane forhåpentlegvis etter kvart byrjar å jobbe fram varige, fredelege løysingar, la oss slå fast ein gong for alle: Å kritisere Israel har ingen ting med jødehat å gjere. Å kritisere Hamas har ingen ting med palestinarhat å gjere.


Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt