Det heiter å «tenke sjølv», ikkje «privatpraktiserande utanrikspolitikk» som Dagsavisens kommentator Kjell Werner kallar det.

Den siste tida har det vakse fram eit boblande opprør i Noreg og andre land mot det amerikanske selskapet Mondelez, som har fabrikkar og tilsette i Russland og betalar skatterublar til det russiske regimet. Den russiske økonomien er i dag ein krigsøkonomi, innretta mot å finansiera krigføringa i Ukraina. Til forskjell frå over 1000 andre selskap, har Mondelez tatt eit val om å halde fram å bidra inn i den russiske krigsøkonomien. Dei fleste andre vestlege selskap har trekt seg ut. Mondelez vel aktivt å bli.
Det skjer samtidig som den ukrainske motoffensiven er i gang. Sjølv om den blir vellykka, spår ekspertar at Ukraina kjem til å gå på store tap av menneskeliv og at krigen kjem til å vare lenge. Ukraina kjempar krigen for kontroll over eige land, men også for at alle Russland sine naboland (inkludert Noreg) skal kunne vere trygge frå russisk aggresjon.
Ukraina klarar ikkje å vinne krigen åleine. Dei treng at vi held fram og aukar støtta vår. Den norske staten bidreg med våpen, ammunisjon og humanitær bistand – og sanksjonar. Det er bra. No seier norske forbrukarar, organisasjonar og bedrifter – uavhengig av dei offisielle sanksjonane – at dei òg vil bidra. Dei vil ikkje berre gjere alt vi MÅ. Dei vil gjere meir. Dei vil gjere alt vi KAN.
[ Hun skrev fra Sibir. Det likte ikke ukrainerne ]
Med nokre heiderlege unntak så er ikkje problemet i Noreg at forbrukarane bruker makta si for mykje. Tvert imot.
Det synst eg er flott. Eg helsar velkomen initiativ nedanfrå for å pressa Mondelez til å gjere om avgjerda om å bidra til finansiering av Russland sin krig mot Ukraina. Ei avgjerd dei sjølv kallar eit «vanskeleg val» – men som dei fleste andre vestlege selskap allereie har konkludert motsett i: Dei er for lengst ute av Putins Russland.
Fleire omtaler boikotten som lite konsistent, fordi dei meiner norske Freia blir ein uskuldig tredjepart. Eg har stor forståing for at Freia opplever det, ikkje minst dei tilsette på Rodeløkka i Oslo. Men den som må bli avkrevd handling, er og blir Mondelez. Det er dei som vel å ha økonomisk aktivitet i Russland når landet er i krig med verdiane vi bygger samfunnet på.
Eg er glad for at fleire av selskapa som ikkje ønsker å kjøpe Mondelez sine produkt, óg seier at dei vil gå gjennom heile lista over selskap med økonomisk aktivitet i Russland. Likevel er eg djupt skeptisk til argumentet om at den noverande boikotten ikkje er bra fordi det berre er Mondelez som blir ramma. Implikasjonen av dét må vere at ein meiner at folk berre kan bruke forbrukarmakta si viss dei er etisk reine og ranke, har fullstendig informasjon om alle menneskerettsbrot i heile verda og tar perfekte moralske val i ein kvar handel.
[ Bombetrussel mot Marabous fabrikk utenfor Stockholm ]
Dèt trur eg er feil signal å sende. Med nokre heiderlege unntak så er ikkje problemet i Noreg at forbrukarane bruker makta si for mykje. Tvert imot.
Kjell Werner bruker omgrepet «privatpraktiserende utenrikspolitikk» om boikottinitiativet. Det reagerer eg sterkt på. Kva slags servilitet i det norske samfunnet er det ein legg opp til når ein kallar forbrukermakt for «privatpraktiserande utanrikspolitikk»? Skal norske forbrukarar ha med seg Hurdalsplattformens avsnitt om utanrikspolitikk når dei går i butikken? Skal folk på venstresida til dømes slutte å engasjere seg for eit fritt Palestina og boikott av israelske varer, fordi den norske regjeringa driv meir nøktern diplomatisk balansekunst i Midtausten-politikken?
Heile poenget med ein boikott, er at folk og selskap styrer det sjølve utanfor politikken.
Kanskje handlar det om at nokon har ein tendens til å blande offisielle sanksjoner med folkeleg initiativ nedanfrå? Heile poenget med ein boikott, er at folk og selskap styrer det sjølve utanfor politikken. Slik stoppa til dømes bruken av palmeolje i norske matvarer. Det var forbrukarar og bedrifter som tok saka i eigne hender, heilt uavhengig av offisiell norsk politikk. Kall det gjerne «privatpraktiserende utenrikspolitikk» – i så tilfelle treng vi meir av det, ikkje mindre.
Difor meiner eg det blir ein «God dag, mann! Økseskaft»-situasjon når regjeringa tilbyr næringslivet eit møte med Utanriksdepartementet for å diskutere ein forbrukarboikott. Det er skivebom. Det einaste som kan skje er at Utanriksdepartmentet kan fortelje dei at det ikkje finst statlege sanksjonar mot Mondelez sin produksjon av sjokolade i Russland. Det veit vi frå før.
Folk flest skal ikkje få refs frå makteliten verken i politikk eller media for å ville meir enn offisiell norsk politikk for å hjelpe Ukraina og strupe russisk krigsøkonomi. Tvert imot: Vi treng alt det folkeleg engasjement vi kan få. Både for Ukraina, for klima, for fred og ei verd der multinasjonale gigantkonsern ikkje får halde på som dei vil i verdas verste diktatur.
[ – Krigen mot narkotika har forårsaka mye mer lidelse enn den har kurert (+) ]