Debatt

Ta konsekvensen av språklova – løft Det Norske Teatret

Heilt opplagt er det dessverre ikkje at allsongen frå musikalscenen i framtida skal syngjast på nynorsk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Kan du høyre folket syng?» Slik opnar ein av dei mest kjente songane frå «Les Misérables».

I generasjonar har nordmenn nynna strofer frå musikalhistoria på nynorsk. Og det er ikkje så merkeleg. For Det Norske Teatret har lenge vore det leiande musikalteateret i Noreg.

No står verdas kanskje mest ettertrakta musikal; «Frost». Med «Frost» kjem garantert ei ny strofe inn i det norske songheftet. «Let It Go» er monsterhiten som i desse dagar er under omsetjing, og vi gler oss stort.

Men heilt opplagt er det dessverre ikkje at allsongen frå musikalscenen i framtida skal syngjast på nynorsk.

«Kan du høyre folket syng? Det er ein song av arge menn». Neste linje frå «Les Misérables» seier noko om kven som syng. Det er drygt å bruke denne introen som referanse, kanskje, men no syng vi ut – saman med nynorskfolket og andre venner av Det Norske Teatret – om ein urett vi meiner bør rettast opp.

Den økonomiske stoda er no kritisk. Vi ser oss derfor nøydde til å ta grep for at Det Norske Teatret skal kunne halde på krafta og det kunstnarlege oppsvinget som teateret har opplevd det siste tiåret.

Vi lar oss inspirere av stiftarane våre og hentar fram eit av dei eldste kampmidla vi har: Innsamling. Eller kaffipengar, som det heitte da forgjengarane våre samla inn pengar på kaffistover rundt om i landet for å finansiere teateret.

No treng vi moderne kaffipengar og manar til felles innsats for å minne styresmaktene på kva som manglar i kassa. Derfor startar vi 9. juni kampanjen Tett gapet for økonomisk likestilling, slik at løyvinga til begge dei nasjonale teatera i hovudstaden kjem på same nivå. Det er naudsynt om teateret skal kunne halde på den posisjonen det har erobra.

Vi er oppmoda av Kulturdepartementet om å skaffe oss andre inntekter, og vi skal forsøke å få det. Men no vender vi oss ikkje først og fremst til dei store nasjonale og internasjonale selskapa. Sponsorane våre kan vel så gjerne vere den jamne nynorskbrukaren og venn av Det Norske Teatret. Eller dei som meiner at vi burde ha forsvarlege vilkår til å forvalte ei nasjonal og viktig språkleg arv som er truga. Med andre ord folk flest! Så forventar vi at staten tar ansvar frå neste budsjettår.

For medan Det Norske Teatret har vakse kunstnarleg, har den faktiske verdien av dei statlege løyvingane krympa markant. No må styresmaktene følgje opp si eiga språklov, og dei bør gjere det ved å sikre like vilkår for dei to nasjonale teatera i hovudstaden. Slik Stortinget faktisk har sagt tidlegare: Det Norske Teatret og Nationaltheatret skal ha same vilkår.

Nationaltheatrets løyving skal sjølvsagt ikkje ned, men det er på høg tid at Det Norske Teatret kjem tilbake på det same tilskotsnivået, slik det var meint å vere.

Den nye språklova har til formål å fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Språkpolitikken og etterlevinga av språklova er eit felles ansvar. Skal språklova verke etter føremålet, må alle samfunnssektorar prioritere språkarbeidet.

Føremålsparagrafen i lova seier at offentlege organ har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Det Norske Teatret er ein av dei aller viktigaste institusjonane for å løfte nynorsk, og ligg midt i hovudstaden. Likevel er tilskotspolitikken i ferd med å bli markant skeiv i vår disfavør.

I 1991 tok staten over ansvaret for dei offentlege tilskota til Nationaltheatret og Det Norske Teatret, og begge dei to nasjonale teatera var likestilte økonomisk. I åra som har gått sidan, er skilnaden blitt stor, og gapet mellom dei to nasjonale teatera i hovudstaden er blitt meir og meir markant: I dag er skilnaden om lag 25 millionar kroner i året. Da har vi halde velfortente ekstraløyvingar til Nationaltheatret til naudsynt vedlikehald og kostnader knytt til flytting utanfor reknestykket.

Den økonomiske avstanden til den mest relevante samanliknbare institusjonen har med andre ord auka kraftig og vil berre halde fram om ein ikkje gjer noko med tilhøva. Den nynorske scenekunsten vil tape terreng.

Nationaltheatrets løyving skal sjølvsagt ikkje ned, men det er på høg tid at Det Norske Teatret kjem tilbake på det same tilskotsnivået, slik det var meint å vere. Eit slikt grep blir viktig for staten for å oppfylle krava i den nye språklova, og heilt vesentleg for at Det Norske Teatret kan drive vidare det viktige arbeidet med å skape scenekunst av høg kvalitet på nynorsk.

Elles kan dei djerve satsingane bli borte. Omfanget kan bli mindre og breidda redusert. Det har korkje teateret eller nynorsken råd til.

Realverdien av dei offentlege tilskota til Det Norske Teatret har gått ned. I 2023-kroner får teateret 27 millionar mindre enn det vi fekk i 1991. Vi har med andre ord «mista» nærare ein million i året i 30 år.

Dei seinare års fall i offentlege løyvingar er ikkje så lett synleg for offentlegheita. I reine kronebeløp har jo støtta auka. Men dette er altså meir enn ete opp av pris- og lønsveksten. Samstundes har Det Norske Teatret, som følgje av stor kunstnarleg suksess, auka eigeninntektene våre.

Teateret treng eit meir solid økonomisk grunnlag for å oppretthalde den krafta og styrken det har i dag. Det er ikkje noko godt alternativ å bygge ned teateret, gitt at tapet av attraksjonskraft venteleg vil vere minst like stort som reduksjonen av kostnadene.

Det er avgjerande at dei offentlege løyvingane kjem tilbake på det nivået dei var tidlegare.

Vi meiner at styresmaktene må ta omsyn til det spesielle språkoppdraget Det Norske Teatret har som det nynorske nasjonalteateret. Å løfte Det Norske Teatret opp på nivået til Nationaltheatret har fått fornya aktualitet, no som det er innført ei språklov som har til formål å fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk.

Det Norske Teatret er eit like stort teater som Nationaltheatret. Det Norske Teatret held eit like høgt kunstnarleg nivå, når eit like stort publikum, er like utviklande for scenekunsten og dessutan banebrytande for mangfald og representasjon.

La oss få dei same vilkåra!

Mer fra: Debatt