Debatt

Kva med statusen til barnehagelæraryrket?

Eg er uroa for at kravet om auka bemanning kan bidra til å undergrave behovet for at fleire tek barnehagelærarutdanning.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den 23. mai skriv Anne-Grete Brodahl Øvrelid i Dagsavisen at nok tilsette må komme før auka kompetanse i barnehagane. Ho er ikkje åleine om å ytre dette.

Eg er uroa for at kravet om auka bemanning vil gå på kostnad av statusen til barnehagelæraryrket og at det kan bidra til å undergrave behovet for at fleire tek barnehagelærarutdanning.

Anne Grethe Sønsthagen

Dei siste åra har me sett ein nedgang i søkartal til barnehagelærarutdanninga nasjonalt og situasjonen forverra seg i vår. Ved Campus Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet er det berre 13 førsteprioritetssøkarar til barnehagelærarutdanninga på heiltid denne våren. Dette er kritisk, for samtidig skrik barnehagar etter både fleire barnehagelærarar og vikarar.

Barnehagen skal vere eit godt pedagogisk tilbod, og då treng ein fokus på auka kompetanse.

Dei siste åra har det vore mykje negativ omtale kring det å arbeide i barnehage. Det er viktig at desse erfaringane kjem fram og at ein arbeidar for å betre arbeidssituasjonen til dei tilsette, men dette er neppe med på å bidra til at fleire ønskjer å søke barnehagelærarutdanning.

Viss ein stadig krev at fleire hender må komme før fleire barnehagelærarar eller auka kompetanse, trur eg at fleire vil få det same spørsmålet som eg fekk som student for om lag 15 år sidan, og som mine noverande studentar seier dei framleis får: «Treng ein utdanning for å jobbe i barnehage?».

Eg skjønnar godt frustrasjonen til dei tilsette, og ser behovet for auka bemanning gjennom heile dagen. Men du treng meir enn to hender for å arbeide i barnehage og som barnehagelærar. Du treng mellom anna leiarkompetanse knytt til det å leie barnegrupper og personalet.

Du treng kompetanse knytt til barn si utvikling, leik og læring der du både ser det enkelte barnet sitt behov og barnegruppa sitt behov. Du treng kompetanse om korleis du skal samarbeide med foreldre og medarbeidarar med ulike erfaring og bakgrunn, og korleis du skal samarbeide med eksterne instansar, skulen og nærmiljøet.

Barnehagen skal vere eit godt pedagogisk tilbod, og då treng ein fokus på auka kompetanse og fleire barnehagelærarar slik at ein får arbeide med og oppfylt alle dei krava som er stilt til barnehagen.

Mer fra: Debatt