Debatt

Opplæringslova må vera i tråd med språklova

Stortinget må innsjå at læringsressursar er ein like systematisk og integrert del av opplæringa som læremiddel.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den 24. mars i år sende kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) framlegget til ny opplæringslov til Stortinget. Då kom dette fram: Brenna vil ikkje gje elevane rett til å få læringsressursane i skulen på både bokmål og nynorsk.

Den 23. mai vart det kjent at heller ikkje fleirtalet (Ap, Sp, H og Frp) i undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget vil det. Dimed ligg det an til at Stortinget i det endelege vedtaket før ferien gjer som Brenna vil.

Ane Landøy er leiar i Hordaland Mållag.

Slik kjem det likevel ikkje til å gå. Grunnen er at Stortinget må gjera vedtak i tråd med språklova. Stortinget er bunde av språklova § 14 tredje ledd: «Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål og nynorsk samtidig».

Kva er då eit «dokument»? Etter språklova § 2 er eit dokument «ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande». Ein læringsressurs er dimed eit dokument, just som eit læremiddel er det. Og slike dokument som læremiddel og læringsressursar er, skal statsorgan gje ut «på både bokmål og nynorsk samtidig».

Erlend Bakke er ansvarleg for språklovsaker i Hordaland Mållag.

Kva type dokument er då å rekna som læringsressursar og læremiddel, i og med framlegget til ny opplæringslov? Lat oss sjå på læringsressursane fyrst. Kunnskapsdepartementet reknar til dømes alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast i mindre omfang i opplæringa og som har fagleg innhald i avgrensa emne, som læringsressursar.

For å slå det fast endå ein gong: Slike læringsressursar skal statsorgan etter språklova levera «på både bokmål og nynorsk samtidig.» Det inneber eit parallellitetskrav for læringsressursar, som Brenna ikkje har formulert i nye opplæringslova.

Parallellitetskrav for læremiddel har Brenna derimot formulert, det vil seia i framlegget sitt til § 15–3 i nye opplæringslova: «Skolen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris».

Og kva er så eit læremiddel? Framlegget til § 15–3 inneheld dette svaret: «Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.»

Det parallellitetskravet som går fram av den gjeldande språklova, gjeld alle læremiddel og læringsressursar frå statsorgan. Det parallellitetskravet som går fram av den gjeldande opplæringslova, omfattar derimot alle aktørar som lagar og leverer læremiddel.

Kvifor er alle offentlege, ideelle og private aktørar plikta til å gje elevane alle læremiddel på både bokmål og nynorsk, medan staten i tillegg er plikta til å gje elevane læringsressursar på både bokmål og nynorsk? Inneber det at læringsressursar er å rekna som mindre viktige enn læremiddel? Kvifor er læringsressursar likevel så viktige at staten er plikta til å laga dei på både bokmål og nynorsk samtidig?

Stortinget må innsjå at læringsressursar er ein like systematisk og integrert del av opplæringa som læremiddel. Det offentleg regulerte skulestellet må difor syta for at læremidla og læringsressursane som skulen tilbyd elevane, ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.

Det inneber at Stortinget må vedta ei opplæringslov som formulerer eit generelt parallellitetskrav om bokmål og nynorsk, som omfattar alle aktørar og instansar som lagar og leverer læremiddel og læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen.

Mer fra: Debatt