Debatt

Frå livmor til grav

Det er skremmande at det kan vere lovleg å ta livsviktige og irreversible avgjersler på reint kortsiktig økonomisk grunnlag.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Førre veke ville far min fylt 65 år. «Eg er heilt sikker på at pappa hadde vore i live i dag, hadde han fått behalde den tidlegare fastlegen sin», skrev eg i ein kronikk i fjor. «Helsevesenets farlege tidsklemme» var tittelen på den, men eg burde ha skrive «velferdsstatens farlege tidsklemme».

Definisjonen på ein velferdsstat er: «En stat som i betydelig grad garanterer samfunnets medlemmer hjelp». Slik ståa er i dag, kan eg ikkje sjå at Noreg lever opp til denne definisjonen. Vil nokon ta ansvar for å ordne opp, og skape ein bærekraftig velferdsstat med attraktive arbeidsplassar? Det ser så langt ikkje slik ut.

Dei siste dagane er det særleg to helserelaterte saker som har skapt mykje blest: Nedlegginga av ABC-klinikken og tilhøva i eldreomsorga. Begge desse handlar om det same, nemleg mangel på tid, fordi omsorg og nærvær ikkje blir rekna som viktige arbeidsoppgåver, og ikkje blir prioritert i budsjetta.

Linn Astrid Blix Torget.

Det same ser vi i nær sagt alle delar av velferdsstaten: I psykiatrien, på legekontora (for dei som har ein fastlege), på helsestasjonane, Nav-kontora osb. Me har i dag ein velferdsstat som er dårleg organisert og kronisk underfinansiert, og dei negative ringverknadane av det er verken nye eller ukjende.

Sjølv kjenner eg best det usikre fødetilbodet på kroppen om dagen.

Det er trygt å føde i Noreg, blir det sagt. Men at noko er trygt handlar ikkje berre om fråvær av død: Det handlar mellom anna om å ikkje vere utsett for fare, og ikkje minst om å kjenne seg trygg.

Når kvinner i aktiv fødsel må transporterast i timevis langs farlege vegar, føder i busslommer, ligg utan tilsyn på sjukehuset nesten heile fødselen fordi ingen jordmødrer har tid til dei, då er det ikkje fordi det er «trygt å føde i Noreg» at det som oftast går bra. Det er flaks, og det går bra trass utrygge tilhøve rundt. Og i denne samanheng er både objektiv utryggleik og opplevd utryggleik faktisk like viktige, både før, under og etter fødsel.

Å føde barn i utrygge omgjevnader, sjølv om det «berre» er opplevd utryggleik, kan ha store og langvarige konsekvensar. Desse kostar samfunnet enorme summar, langt større enn kostnaden av å ruste opp til eit forsvarleg og forskingsbasert heilskapleg tilbod, men sidan det stort sett ikkje hamnar i helseføretaka sine rekneskap blir det ignorert.

Til no har helseministeren og andre i relevante leiande stillingar utelukkande framstått som kunnskapslause, faktaresistente og arrogante. Det er skremmande at det kan vere mogleg, og ikkje minst lovleg, å ta livsviktige og irreversible avgjersler på reint kortsiktig økonomisk grunnlag, der faglege innspel og reine fakta blir oversett.

Eit nytt nivå av arroganse er nådd når helseministeren seier følgjande om det nye private fødetilbodet som ABC-jordmødrer er i ferd med å etablere: «det er synd at de velger å starte et privat tilbud i stedet for å være med å styrke fødetilbudet ved OUS». Korleis skal dei elles ta vare på den viktige kompetansen opparbeidd gjennom 25 år når det offentlege ikkje vil ha den? Når dei fremste fagfolka seier at det ikkje er mogleg å oppretthalde ABC-prinsippa på såkalla multifunksjonelle føderom, på avdelingar utan kontinuitet i omsorga, burde ein lytte til dei.

Prinsippa som ligg til grunn for arbeidet på ABC-avdelinga er dessutan det som er anbefalt innanfor svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg. Det er ikkje eit luksustilbod for dei privilegerte, det er slik det burde vere over alt, og ABC er faktisk eit særs viktig tilbod for mange sårbare kvinner.

Å legge ned ABC er å gå imot tilrådingar frå både WHO og Stortingsmeldinga «En gledelig begivenhet — Om en sammenhengende svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg» (2008–2009). Å øydelegge det viktigaste fagmiljøet på fysiologiske fødslar, vassfødslar og kontinuitet i omsorga, mot betre viten, er faktisk ein skandale, og det senkar standarden for fødekvinner i heile landet, ikkje berre i Oslo. Å late som om det handlar om økonomi og varierande fødetal er ei rein fornærming.

«Kor mykje må ein eigentleg mase for å få hjelp?», spurte eg i kronikken om pappa. Svaret er dessverre altfor ofte «veldig mykje». Det siste halve året har eg nok ein gong kjent på det, grunna ein diagnose som kan påverke barnet eg for tida arbeider med å bære fram. Verken diagnose, oppfølging eller viktig informasjon har kome av seg sjølv, og det finst lite til ingen kunnskap i svangerskapsomsorga.

Når eg først har funne fram til korrekt informasjon og passa på å få rett oppfølging til rett tid, må det seiast at eg har fått god hjelp, men vegen dit er full av hindringar, og som i tilfellet med pappa snakkar ikkje dei ulike instansane automatisk saman.

Kor ressurssterk må ein eigentleg vere for å vere garantert hjelp i velferdsstaten Noreg? Veldig, er mi erfaring gjennom heile mitt snart 35-årige liv.

Det Noreg ikkje har råd til er å la dette fortsetje. Lytt til fagfolka! Får dei tid til å gjere jobben sin og ei løn som står til innsatsen, så skal de sjå at det ikkje manglar så mange som ein trur. Det må bli slutt på å drive rovdrift på dei som arbeider i helse-, omsorgs- og sosialtenestene. Ikkje berre er det umenneskeleg, det er skikkelig dyrt i lengda.

Og lytt til oss som skal nytte oss av tenestene, men som ropar høgt om at dei ikkje fungerer slik dei skal i dag. Og det er ikkje den enkelte fagperson som er problemet her, det er det skakkjørte og nedbrytande systemet dei jobbar i som øydelegg for alle.

Medisinsk hjelp er ikkje alt, menneske treng òg omsorg, tid og nærvær – frå me ligg i livmora til me blir lagt i grava.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt