Debatt

Arva frå Giske lever framleis

Venstresida sine argument mot EU er som tatt ut av Trond Giske sitt debatthefte frå 1994.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Krigen i Ukraina har pusta liv i glørne i den alltid ulmande norske EU-debatten. Det er ikkje det minste rart. Aldri før har vi sett konsekvensane av Noreg sin sjølvvalde utanforskap så tydeleg som no. Det mest eklatante dømet er møtet i Brussel førre fredag der alle energiministrane i EU var samla for å diskutere omfattande endringar i rammene for gass- og energimarknaden.

Med andre ord: For å diskutere rammevilkåra for Noreg si desidert viktigaste næring. Og den norske olje- og energiministeren var ikkje til stades. Fordi han ikkje var invitert. Eller rettare sagt: Fordi vi ikkje har ville ta imot den ståande invitasjonen til å søkje-EU-medlemskap.

Vi treng ein ny EU-debatt. Men då kan vi ikkje la gamle og utdaterte bilete av EU-samarbeidet liggje som premiss.

Store delar av nei-sida ser ut til å henge igjen på 90-talet. Då var Trond Giske AUF-leiar, og ei av desidert viktigaste stemmene på nei-sida i Ap. Mange meiner han var avgjerande for at utfallet vart som det vart.

dd

Giske og hans allierte på venstresida snakka om EU som eit «abonnement på høgrepolitikk», og om det påståtte «demokratiske underskotet» ein norsk medlemskap ville føre til.

Dei same argumenta går igjen i dag. Framleis blir det snakka om «høgrepolitikken som blir importert frå Brussel». Rart då, at ei samla europeisk venstreside støttar EU-medlemskap for sine land. Det inkluderer sosialistpartia i våre naboland.

I den grad det er ein tendens rundt støtte til medlemskap i ulike land, så er det liten tvil om at det er ytste høgre som er dei tydelegaste motstandarane av EU. Under kampanjen for å melde Storbritannia ut av EU, var høgresida sine viktigaste argument at utanfor EU ville dei få albogerom til å føre ein strengare innvandringspolitikk, svekke miljøreguleringar og svekke arbeidstakarrettar.

EU har dei seinare åra gått i bresjen for ein aktiv likestillingspolitikk, for retten til å fagorganisere seg og for nedkjemping av skatteparadis. Fordi i møte med grenseoverskridande utfordringar som aggressiv skatteplanlegging eller utnytting av arbeidskraft, trengs felleseuropeiske reglar. At fleirtalet på norske venstreside ikkje ser verdien av dette, er overraskande.

Argumentet om EU-medlemskap som udemokratisk treng også ei oppdatering frå debatthefta i 1994. Ganske enkelt fordi EU har gjennomført ei rekke demokratiske reformer sidan den gong, mellom anna med ei sterkare rolle for det direktevalde Europaparlamentet. Men ikkje minst fordi EØS-medlemskapen har vist oss den sanne meininga av demokratisk underskot.

Misforstå meg rett, EØS-avtalen bør ikkje setjast i spel – og er heilt avgjerande for norsk økonomi. Men for norsk demokrati har den vore langt frå optimal – for å seie det varsamt.

Når EU vedtek nye reglar for energihandel er norske folkevalde ikkje stades. Når EU vedtek tøffe sanksjonspakkar mot Russland, er nabolandet Noreg ikkje til stades. Eller, det var vi på ein måte. Under det avsluttande møtet i vår der EU-leiarane landa ein kraftfull sanksjonspakke som reaksjon på invasjonen av Ukraina, var statsminister Jonas Gahr Støre i Brussel. I ein hotellbar, saman med norske journalistar, der dei spekulerte på kva som no skulle skje.

Vi treng ein ny EU-debatt. Men då kan vi ikkje la gamle og utdaterte bilete av EU-samarbeidet ligge som premiss.

Slagordet til Giske & co i 1994 var at «verda er større enn EU». Det er ho framleis. Men det er vanskeleg å sjå kva dette har å gjere med noko som helst. For nettopp i ei stor verd med aggressive stormakter som kjempar om hegemoni, treng Europa å stå samla. Som ein tysk politikar ein gong sa: «Europa er meir enn EU, men utan EU er Europa ingenting».

Våre naboland er no i full gang med å forsterke sine internasjonale tilknytingar. Danmark avskaffa i vår sitt atterhald i EU-samarbeidet for det som gjeld forsvars- og sikkerheitspolitikk. Sverige og Finland er på full fart inn i NATO.

Her heime er det einaste den gamle nei-aktivisten Anniken Huitfeldt har foretatt seg å setje i gong ei utgreiing om korleis Noreg kan vere mindre påkopla EU-samarbeidet, ikkje meir.

Vi er avhengige av forpliktande internasjonalt samarbeid dersom vi skal løyse store, grenseoverskridande utfordringar. Verken klimakrisa, flyktningstraumar eller pandemiar respekterer nasjonal «sjølråderett».

Det finst sjølvsagt framleis legitime motargument mot norsk EU-medlemskap. Samanlikna med status quo vil det til dømes gi andre rammevilkår for norsk fiskerinæring og norsk landbruk, det vil gjere oss til del av ein felles tollunion, og spørsmålet om valutasamarbeid vil krevje ein eigen diskusjon.

Alt dette er forhandlingsspørsmål, og Noreg vil måtte jobbe for ein god avtale.

Men dei gamle debatthefta frå 1994 treng sårt ei oppdatering. For EU har gått vidare. Det må norsk EU-debatt også gjere.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt