Debatt

Rekneark og psykiske lidingar

Kan psykiske lidingar behandlast innanfor rekneark og måltal? Spørsmålet er meir relevant enn du kanskje ville håpa på.

Pasient
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Me les og høyrer altfor ofte om menneske med psykiske plager som anten ikkje får hjelp eller som får hjelpa altfor seint.

Når media stiller sine spørsmål til dei som ein ville tru hadde ansvaret, kva svar får me då?

Helseministeren sitt standardsvar er oftast at vedkomande har tillit til at helseføretaka gjer jobben sin. Og direktørane i helseføretaka seier at dei styrer ansvarleg innanfor budsjetta dei har. Har me dermed fått svar på om dei tek ansvaret for situasjonen eller kven som eigentleg sit med ansvaret?

Samstundes, medan ansvaret er pulverisert i dei øvre sjikta i eit tungt helsebyråkrati, er krav, måltal og rapporteringar rikeleg fordelt til dei som står med dei faglege utfordringane.

Spørsmålet er berre om dei som lagar krava og måltala har snakka saman med dei som set opp budsjetta. Her kan dei av oss som har vårt daglege virke i pasientbehandling bidra med mange eksempel på manglande samanheng mellom reelle utfordringar, byråkratiske løysingar og rammer generelt.

Dag Sele

Dei høgst reelle utfordringane med avvisningar og lange ventetider blir av politikarar og direktørar i føretaka til dømes stort sett «løyste» ved å ganske enkelt vedta krav om færre avvisningar og kortare ventetid. Punktum.

Dei økonomiske og faglege rammene er det jo langt meir komplisert å gjera endringar i.

I dette krysspresset av forventningar, med dei same begrensa ressursane, blir det dermed dei lokale spesialistane som må gjera val mellom å følgja retningslinjene, følgja krava om ikkje å avvisa pasientar eller krava om å halda ventetida nede.

Om denne utviklinga fortset, kan resultatet fort bli at det som er vanskelegast å måla er det som blir skadelidande: Kvaliteten i behandlinga som pasientane får.

Den beste måten for å sikra rapporteringskrava ville nemleg vera at alle henviste raskt får ei behandling som så blir avslutta etter kort tid. Det ville gi helsebyråkratane og direktørane fine tal i rapportane sine, men neppe vera nyttig for dei fleste pasientane.

Dagens organisering av sjukehusa er så gjennomsyra av bedriftsøkonomisk tenkning, byråkrati og rapporteringar, at me altfor ofte opplever at det som verkeleg tel druknar i det som er enkelt å telja.

Noko av styrken ved den offentlege spesialisthelsetenesta er det tverrfaglege arbeidet. Dei fleste av våre pasientar har stor nytte av å treffa ulike yrkesgrupper, som til dømes psykologspesialist, psykiater, psykiatrisk sjukepleiar/helsearbeidar og sosionom.

Den store mangelen på spesialistar og dels andre grupper kan tidvis gjera det vanskeleg å få dette tverrfaglege arbeidet til å fungera slik at alle får arbeida med det dei har spesiell kompetanse på.

I denne situasjonen er det eit stort paradoks at dei som har klart å oppretthalda best spesialistdekning samtidig får større budsjettutfordringar. Mot den bedriftsøkonomiske termen «dyr drift» kjem altfor ofte «god behandling» til kort.

Dagens organisering av sjukehusa er så gjennomsyra av bedriftsøkonomisk tenkning, byråkrati og rapporteringar, at me altfor ofte opplever at det som verkeleg tel druknar i det som er enkelt å telja.

Her er det rekneark, rapportar og bunnlinja som tel. Dessutan er det ofte også slik at helseføretaka er nøydde til å spara for å dekka opp for nødvendige investeringar i bygg, som ein direkte konsekvens av at spesialisthelsetenesta i dag blir driven etter bedriftsøkonomiske prinsipp.

Må det vera slik? Mitt svar er nei.

Partiet Sentrum ønskjer ei ny organisering av helseføretaka. Me ønskjer ei tillitsreform innan helesetenestene, slik at alle dei dyktige og engasjerte fagfolka får yta tenester og prioritera ressursane ut frå faglege vurderingar og ikkje styrt av dei mange direktørane sine rekneark.

Om det ikkje blir teke kraftfulle grep for å endra denne bedriftsøkonomiske styringa av sjukehusa våre, står den ryggrada som vår offentlege helseteneste er, i fare. Dette gjeld truleg både innanfor psykiatrien og helsetenestene elles.

Det må ny organisering og radikale endringar i helseføretaka til om me ikkje skal risikera å enda opp med ei fragmentert og mangedelt helseteneste, der folk i stor grad må skaffa seg den psykiatriske helsehjelpa dei har råd til sjølve.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt