Debatt

Toppidrett og toppmusikk

Musikarar og sportsutøvarar på høgaste nivå har mykje til felles: Årevis med målretta jobbing, prestasjonspress og det å måtte ofre mykje på vegen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Toppidrett har alle høyrd om, men kva med «toppmusikk»? Sistnemnde håpar eg vi aldri kjem til å innføre som eit omgrep, men i denne artikkelen har eg laga det likevel, for å peike på likskapar mellom det svært så vide feltet vi kallar for «kultur».

Sport er kultur, musikk er kultur. Og det kan ein forstå, for dette er to ting som, om ein tenkjer breitt nok, har svært mykje til felles. Bortsett frå éin ting, som eg som kulturarbeidar sjølv vil trekkje fram som eit hjartesukk: Eksponering og omtale i alle media. John Arne Riise, Truls Mørk, Therese Johaug, Tine Thing Helseth, Jan Garbarek, Ole Einar Bjørndalen, Lise Davidsen, Ada Hegerberg.

Namn dei fleste vil vere kjende med. Desse er alle heilt øvst i sitt fag, på toppen av den spisskompetansen dei har opparbeidd gjennom karrierane sine. Fire av dei som sportsutøvarar, fire av dei som musikarar. Alle i absolutt verdsklasse.

Kronikkforfatter Asgeir Søfteland

Desse er alle døme på noko eg vil peike på som òg gjeld dei som leverer på svært høgt nivå kvar dag, i det dei har arbeidd for å bli best til. Det er ikkje tilfeldig at eg nemner namna over i rekkefølga som eg gjer over. Det musikarar og sportsutøvarar på høgaste nivå har til felles, er årevis med målretta jobbing, evne til å takle prestasjonspress, og det å måtte ofre mykje på vegen for å oppnå målet.

La oss ta nokre samanlikningar. I både musikk og fotball kan ein snakke om «samspel». Ein fotballkommentator vil kunne skildre eit angrep som ender med ei scoring midt i krysset som «vakkert samspel». Slik ein god fotballtrenar legg opp teknikk og kampplan for å yte best mogleg i ei setting der det er viktig å prestere best mogleg, er det i eit symfoniorkester dirigenten som organiserer det overordna. Orkesteret eller blåseensemblet er også eit «lag», der kvar enkelt har eit stort individuelt ansvar for å oppnå best mogleg resultat under prestasjonspress.

Skilnaden er sjølvsagt at orkesteret ikkje spelar for å vinne kampen, men for å vinne publikum. Kvar var Dagbladet og VG med blokkbokstavane då Oslo Filharmoniske Orkester vart invitert til å spele på prestisjetunge BBC Proms i London i år? Eller når både Bergen Filharmoniske Orkester og Oslo Filharmoniske Orkester begge turnerte til berømte scener utanlands tidlegare denne vårsesongen?

Er det fordi det er lettare å måle prestasjonar i det å konkurrere i fotball, ski eller friidrett? Tja: Ein annan ting til dømes fotballaga og symfoniorkestra har til felles er ansettingsprosessen. Prøvespel.

Slik for fotballspelaren: Det er så vidt eg veit ikkje uvanleg å bli invitert til «prøvespel» for eit lag som har oppdaga eit talent som kan passe inn hjå laget deira. Eg kjenner ikkje til omfanget, men av det eg kan lese i media, er det ofte ein kort periode fyrst, kanskje eit par veker?

Tallause timar med styrketrening, kondisjon, ballkontroll, mental trening og spelforståing (kjenne si rolle på laget) skal altså settast på prøve, men om du passar inn og er aktuell er likevel heilt ute av dine hender.

Slik for orkestermusikaren: Profesjonelle symfoniorkester har også prøvespel. Skilnaden er at det som oftast er opent for alle å søke og prøve seg, sjølv om eit utval kan bli gjort ved å sjå på CV og tidlegare prestasjonar. Ein må faktisk stå på og melde fram sitt eige talent, i så måte! Eit orkesterprøvespel er mykje meir kompakt, gjeng som oftast over fleire rundar på ein dag, kanskje to.

Musikaren har òg gjennomgått tallause timar med målretta øving. Kanskje trenar dei ikkje like mykje fysikk, men teknikk, gehør, repertoarkjennskap (kjenne si rolle på «laget»), i dette tilfellet kor sterkt eller svakt ein burde spele på sitt instrument i ensemblet på éin gitt stad eller tone i eit orkesterverk, her snakkar vi òg om svært finspissa teknikk og kunnskap!), skal visast i løpet av brutale 3–5 minutt, i mange tilfelle kortare.

Også her er alt fullstendig i hendene på den framtidige arbeidsgjevaren, og sjølv enormt gode prestasjonar vil ikkje nødvendigvis føre til fast kontrakt. Ofte medfører det å vinne eit jobbprøvespel som musikar eit «prøveår», truleg for å forsikre seg om at ein passar inn på «laget», også som medmenneske og kollega.

Kvar er artiklane, djubdeintervjua, med nokre av våre fremste orkestertalent og kva dei har opplevd og ofra på vegen? Som døma over viser, så kan du nok tenkje deg at kvar og ein mest sannsynleg vil gå på meir enn éin nedtur på vegen, før det plutseleg klaffar og ein får eit jobbtilbod.

Vi ser stadig vekk artiklar i media om idrettstalent, og kor mange timar dei trenar om dagen for ikkje berre å oppnå, men oppretthalde det nivået dei er på. Ein musikar på toppnivå gjer akkurat det same, bortsett frå at musikaren må finne seg i å øve og vedlikehalde nivået bortimot dobbelt så lenge som dei fleste toppidrettsutøvarar!

Det er slett ikkje uvanleg å måtte prestere på toppnivå i musikkbransjen fram til lenge forbi ein har fylt 60. «Toppmusikk» skil seg slett ikkje stort frå toppidrett. Vi har mykje til felles. Men vi ønskjer oss den same anerkjenninga i media for det harde arbeidet og innsatsen som vert lagd ned i spisskompetansen vi opparbeider oss gjennom ein lang karriere med påfølgjande langt yrkesliv.

Ja til meir kulturjournalistikk i media, både konsertomtaler og inngåande intervju med dei av våre som har lukkast på aller høgaste nivå. Noreg har nemleg mykje meir å vere stolt av internasjonalt, enn skisport og andre idrettsgreiner vi utmerkar oss i!

Framsnakk kulturlivet oftare, så skal eg jaggu framsnakke sporten desto oftare til gjengjeld – ikkje misforstå, eg lar meg imponere stadig vekk når eg les om prestasjonane til våre idrettsstjerner!

Vi har nemleg mykje å lære av kvarandre.


Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt