Debatt

Viktig steg mot sosial rettferd

Det me like godt kan kalle fattigdomsåret, blir no endeleg fjerna.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

For fire år sidan valte Solberg-regjeringa å kutte ned på lengden på arbeidsavklaringspengar (AAP) frå fire til tre år og innføre eit såkalla karensår. I praksis betydde det at dei som ikkje blei avklart på tre år blei ståande utan jobb, utan uføretrygd og utan annan fast inntektssikring i eit år.

Dei falt mellom alle stolar.

Difor er det så viktig at Arbeiderparti- og Senterparti-regjeringa no ved framlegginga av revidert budsjett gjorde det klart at denne uverdige praksisen no skal ende.

AAP er ei ordning for folk som mottar eit fast beløp på to tredelar av tidlegare inntekt mens dei ventar på å bli avklart på grunn av sjukdom eller skade. I løpet av perioden kjem nokon i jobb, mens andre blir varig uføre.

Når karensåret trer inn og pengane slutar å kome inn på konto, har ein ikkje rett på noko vedtak som seier noko om kva som mangla for å bli ferdig avklart. Etter det må ein berre vente eit år før ein kan søkje seg inn på AAP igjen og håpe på betre lukke neste gong.

Trine Østereng, rådgivar i Tankesmien Agenda.

I praksis betydde karensåret ingen inntektshjelp frå staten, eller sosialhjelp, for mange. Sosialhjelp er på stakkarslege 6.650 kronar i månaden. Stønaden er så låg at mange ender opp med å gå på Fattighuset etter å ha fått sosialhjelp, fordi hjelpa ikkje er nok til å dekke utgifter til mat og bustad.

Det gir uro for om ein har råd til barnas bursdagsfeiringar, om ein har råd til ferie og fotballsko.

Dei 133.000 personane som går på AAP i dag fekk i praksis ei fattigdommens nedtellingsklokke tredd nedover seg av Solberg-regjeringa, i ein prosess dei sjølv ikkje har kontroll over. For ein kan ikkje alltid styre kor lang tid det tar å bli avklart og få uføresøknaden behandla. Det er på ingen måte gitt at Nav og helsevesenet rekk å bli ferdige med prosessen før AAP-ordninga løper ut.

På Facebook kan ein lese korleis dette har ramma folk. På sida til gruppa AAP-aksjonen er det jamnleg innlegg frå fortvilte menneske som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon på grunn av karensåret.

Det er brutalt å lese, men alle høgresidas stortingsrepresentantar burde eigentleg vere obligatoriske medlemer i gruppa til AAP-aksjonen, fordi det viser konsekvensane av ein politikk som er stram og streng. Og det er ei nød som følger som dei då må kunne orke å sjå og forsvare.

Aksjonsleiar Elisabeth Thoresen er stadig inne i AAP-aksjonsgruppa og hjelper folk med å forstå vanskeleg formulerte brev frå Nav, nye regelendringar og gi støtte i vanskelege situasjonar. Thoresen gjer den jobben mange av oss tenkjer at Nav burde hatt kapasitet til å gjere.

Ho skreiv i ei nyttårshelsing til gruppa om korleis dei siste åra har vore:

«De årene som er gått fra 2018 er som et eneste stort mørkt og vondt kapittel. Alle historiene om de tusenvis av syke som har mistet all inntekt, mistet sitt livsgrunnlag, sin jobb, venner og «mistet» seg selv, ligger der. Det har gått i lovverk, politikk, nav-systemet med sine arbeidsrutiner, møter på Teams og noen fysiske møter før landet igjen har blitt stengt helt ned».

Det er stort for alle som vil bekjempe fattigdom at karensåret no blir historie. Men ryddejobben er ikkje ferdig. For fortsatt er det kutt i AAP-ordninga frå tidlegare år som bør rettast opp i, mellom anna for unge mottakarar under 25 år.

No har regjeringa sendt eit lovforslag på høyring som kun gir nokre få sjansen til forlenging om dei ikkje er avklart etter tre år. Det er mindre ambisiøst enn dei sa i Hurdal, der dei lova forlenging for alle dei som ikkje er ferdig avklart av Nav eller helsevesenet. I tillegg treng det offentlege apparatet ei styrking sånn at fleire får raskare avklaring.

Akkurat i desse dagar er det likevel grunn til å sende ein takk til Thoresen og AAP-aksjonen som har dokumentert og fortalt om dei sosiale kostnadene karensåret har hatt for mange, og til regjeringa for å ha fjerna karensåret.

Dersom regjeringa vil vere til for vanlege folk, gjer ho lurt i å fjerne fleire fattigdomsfeller frå Solberg-tida og flytte pengar frå dei som har mykje til dei som har minst. Det vil gi langt mindre fattigdom og fortvilelse her i landet.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt