Debatt

Modig av regjeringa

Me applauderer regjeringa sitt styrka fokus på nedrusting, til tross for oppsiktsvekkjande mykje motbør.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den nye regjeringa vil auke innsatsen for kjernefysisk nedrusting, og sette fokus på dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Dette er ei viktig avgjersle som kan bidra til å stanse den pågåande kjernefysiske opprustinga, og på sikt legge forholda til rette for total avskaffing av atomvåpen slik atomvåpenstatane allereie har forplikta seg til gjennom ikkje-spreiingsavtalen.

I Hurdalsplattforma stadfestar regjeringa at Norge skal delta som observatør på statspartsmøta til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Forbodstraktaten vart vedteke av 122 land i FN i 2017 og trådde i kraft i januar i år. Dei 56 statane som så langt har tilslutta seg forbodet, skal møtes i Wien i mars 2022 for å diskutere tekniske aspekt ved gjennomføringa av den banebrytande traktaten. Norge, som foreløpig ikkje har tilslutta seg, vil altså observere dette møtet.

Avgjersla om å delta som observatør har fått oppsiktsvekkjande mykje motbør.

Anja Lillegraven, daglig leder i Norske leger mot atomvåpen.

Tidlegare utanriksminister frå Høgre, Ine Marie Eriksen Søreide, kallar avgjersla uforståeleg og uklok. Er det verkeleg uforståeleg og uklokt å vere til stades for å observere eit FN-møte om nedrusting?

Også i Nato har den norske observatørrolla fått mykje merksemd. «Vi trur ikkje på traktaten som ein veg til atomnedrusting», sa generalsekretær Jens Stoltenberg. Stoltenberg sin stabssjef, Stian Jenssen, skreiv innlegg i VG der han åtvara mot «aleinegang blant enkelt-allierte».

Når begynte Nato å blande seg i norsk politisk debatt? Ville dei gjort det same i til dømes Frankrike?

På 80-talet såg me ei betydelig reduksjon i talet på atomvåpen, men det fins framleis over 13 000 kjernefysiske stridshovud – meir enn nok til å øydelegge jorda mange gonger. Nedrustinga har stoppa opp, og eit nytt våpenkappløp er i gang der fokuset er meir på kvalitet enn kvantitet.

Ekspertar åtvarar om at faren for bruk av atomvåpen er større i dag enn under den kalde krigen. Atomvåpenstatane viser ingen interesse for å ruste ned til null. Statane som vedtok forbodstraktaten innsåg at dersom me skal oppnå målet om ei verd fri for atomvåpen, så må atomvåpenstatane pressast til å ruste ned. Og det er nettopp det som er formålet med traktaten.

Den styrkar normen mot atomvåpen og sett nedrusting på agendaen.

Den norske avgjersla om å delta som observatør på statspartsmøtet har allereie bidrege positivt. Den siste månaden er saka diskutert i det norske Storting og på forsvarsministermøte i Nato. Då forsvarsminister Odd Roger Enoksen vart spurt kva kritikken frå Nato gjekk ut på, svarte han «Det går først og fremst på at det kan skape en bevegelse og at flere land legger seg på samme linje som Norge – og at det over tid kan få betydning for Natos strategi». Bra!

Atomvåpenstatane i Nato kan og bør invitere andre atomvåpenstatar til forhandlingar om gjensidig, verifiserbar og irreversibel nedrusting. Rapporten som legg grunnlag for Nato sitt nye strategiske konsept legg dessverre opp til ein heilt annan strategi. Der er det auka fokus på kjernefysisk avskrekking. Me minner om kva kjernefysisk avskrekking eigentlig betyr, nemleg å true andre land med eit masseøydeleggingsvåpen som er laga for å drepe sivile og utslette byar.

I Nato inkluderer atomvåpenstrategiene til USA, Storbritannia og Frankrike i dag førstebruk, altså moglegheita til å bruke atomvåpen først. President Joe Biden har tatt til orde for å endre denne delen av amerikansk atomvåpenpolitikk, men også han møter motbør. I ein artikkel i Washington Post åtvarar to pensjonerte nasjonale tryggingsrådgjevarar mot denne endringa.

USA sine allierte vil aldri tillate dette, og det kan øydelegge Nato, hevdar dei.

Nato-allierte, inkludert Norge, blir stadig brukt som unnskyldning for å ikkje endre Nato sin strategi, og for å oppretthalde og auke fokuset på kjernefysisk avskrekking heller enn å innføre tiltak for nedrusting og risiko-reduksjon.

Ein forsvarsallianse som ikkje tillèt at medlemmene stiller spørsmål rundt dagens strategi, sett seg sjølv i ein vanskeleg posisjon. Den norske regjeringa har gjort eit lite, men viktig, forsøk på å utfordre den farlege konsensustenkinga.

For å styrke innsatsen for nedrusting i tråd med Hurdalsplattforma, bør regjeringa òg ta andre grep. Strategisk støtte til forsking, kunnskapsformidling og sivilt samfunnsengasjement om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen kan bidra til auka offentleg debatt, ny kunnskap og styrka fokus på nedrusting både i Norge og internasjonalt.

Me applauderer regjeringa sitt styrka fokus på nedrusting.

Det er modig og viktig at Norge, som det første landet i Nato, stiller som observatør på forbodstraktatens statspartsmøter. Antakelig vil andre medlemsland følge snart. Kanskje blir Tyskland det neste, to av tre parti i dei pågåande regjeringsforhandlingane vil at Tyskland stiller som observatør. Andre europeiske land som foreløpig ikkje har sluttet seg til traktaten, men som stiller som observatører, er Sverige, Finland og Sveits.

Etter kvart vil tida vere inne for at Norge kan ta ytterligare steg. For som det står i Arbeiderpartiet sitt partiprogram: Det bør vere et mål for Norge og andre Natomedlemmer å underskrive atomvåpenforbodet.

Teksten er skrevet i samarbeid med Tuva Widskjold i ICAN Norge, Nina Sofie Pedersen, daglig leder i Nei til Atomvåpen og Oda Andersen Nyborg, daglig leder i Norges Fredsråd.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt