Debatt

Jo, borna i skulen har lært mykje!

Kva er læring? Kan barn og unge «ikkje lære»?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Elevane har mista eit år med læring, kan vi lese i avisene. Vi har fått eit hol i kunnskapen til den oppveksande generasjonen. Lærarane seier at dei ikkje har fått fylt kompetansemåla i læreplanen.

Etter eit år med digital undervisning og mykje heimeskule, har det oppstått eit nytt oppkonstruert ord – læringstap. Dette blir satt opp imot læringstrykk som lærarar og skuler no blir bedt om å drive med.

Ordet er eit politisk ord og særleg i valkampen vart dette tatt opp. Barn og unge lærer i alle situasjonar, det er difor dei stadig er under ombygging. Ja, karantene, digital undervisning, høgare sjukefråvær og no testing tek tid frå fag- og kompetansemål – men vi kan vel ikkje seie at borna ikkje lærer?

Lene Bakkedal, forbundssekretær i Skolenes landsforbund.

Vi lærarar har nok til alle tider kjent på tidspress, på alt som skal gjennomførast, på andre ting som kjem inn, og som då tek fokus frå norsktimane og matematikken – og det er forståeleg. Norskpensumet er enormt og matematikken må terpast på, og eksamen kjem på same tid kvart år – brått.

Likevel må vi ikkje gløyme at born lærer kvar dag.

Dei lærer av friluftsdagen med heile teamet, av aktivitetsdagen med heile trinnet og av kompisdagen med heile skulen. Og no lærer dei av handlingane og det vi må gjere under ein pandemi – dei skal vere rusta til å ta seg av verda om nokre år.

Dei har hatt ein enorm utvikling i digital kompetanse. Ikkje berre ved å sette straum på papiret, men ved å sjølve vere produsentar og borgarar i ein digital verden.

Vårt mandat som lærarar og skule, er å «utvikle gangs menneskje» og slik eg ser det – robust ungdom som inkluderar. Robust ungdom skal kunne regne og lese for å bli trygge vaksne. Dei skal kunne seie noko om ulike religionar, oppbygginga av samfunnet og kunne kommunisere på engelsk.

Men no kan dei også ta ansvar for eigen helse. Dei veit noko om Rtall og korleis smitten spreiar seg i eit samfunn. Dei kan å vere sosiale utan å vere fysisk samen. Og ikkje minst – dei har lært noko om at vi ved å ta omsyn og beskyttar oss sjølv også tek omsyn og beskyttar andre grupper.

Dette til tross, under karantene og lockdown var fleire, særleg lærarar, bekymra for det sosiale livet til barna. Med rette.

Det vart auke av utanforskap, og fleire vart utsett for overgrep på nettet for første gang under pandemien. Det vart viktig å fylle opp dei tomme klasseromma igjen. Den norske skulen skal vere ein fellesarena, som bidreg til å minske ulikskapen, og ikkje bidra til å auke dei sosiale forskjellane. Ulikt digitalt utstyr og ulik tilgang til nett og utstyr aukar forskjellane på elevane. Her er det viktig å sette inn tiltaka – for å og alle same utgangspunkt i ein felles skule.

Tilbakemeldingane frå elevar og lærarar om tida under pandemien er varierte.

Tall frå rapporten «Lærertettheten i koronaepedemiens første år» viser dette. Særleg har normtalla komme i fokus. Normtalla seier at det skal vere 15/20 elevar i kvar klasse. Men dette talet skal vere eit snitt av skulen, difor er det ikkje slik i praksis.

Men no måtte elevane delast i kohortar, altså etter normtala. Her er det berre positive tilbakemeldingar. Både elevar og lærarar sa at dei fekk betre tid til faga, meir ro i klasserommet, og dermed betre læring. Lærarane fekk betre tid til å sjå alle elevane og kunne difor sørge for trygge rammer og minske utanforskap og mobbing. Og læring går føre seg i eit trygt miljø.

Vi skal utvikle robust ungdom, gangs menneskje og då må vi bort frå moteord som er utan innhald, og bruke pengar og ressursar på fleire vaksne inn i skulen. Får læraren tid til kvar elev, kjem læringa etter.

Lykke til med ein normal kvardag att, og med å ta med oss vidare det vi tross alt har lært.

Mer fra: Debatt