Debatt

Skulda vi har å betale

Ja, klimapolitikken må vere rettferdig. Men lite blir sagt om global rettferd.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Sjeldan har det vore klarare enn under koronapandemien kor urettferdig det globale systemet er, og kor privilegerte dei fleste av oss i Europa er. Våre talemåtar blir lite anna enn det – talemåtar. Nå er det snakk om at vi eldre skal få ein tredje dose mot covid-19, sjølv om vi stort sett kjenner oss ganske så trygge.

Samtidig har berre to prosent av afrikanarane sør for Sahara fått sin første. Det var likevel ikkje sant det vi sa, at vi var i same båt, at ingen var trygge før alle var trygge. Eller så var det rett, og vi lurer oss sjølve.

Rike land sto først i køen for å sikre seg vaksiner frå farmasiselskapa.

På eit tidleg tidspunkt kunne velståande land ta den økonomiske risikoen det var å bestille ulike vaksiner frå fleire selskap. På den måten batt dei opp vaksiner som mindre rike land kunne ha kjøpt.

Til og med mellominntektsland som hadde pengar, som Mexico og Peru, fekk problem med å kjøpe. Først i januar i år, åtte månader etter USA og Storbritannia, kunne låginntektsland begynne å avtale innkjøp. Dei som ikkje hadde råd måtte stille endå lenger bak i køen.

Den store satsinga vi skulle vere med på i det globale Covax-programmet har det gått sakte med, for å seie det mildt. I august hadde Covax levert 163 millionar av planlagde 600 millionar doser til utviklingsland. Og til afrikanske land kjem det altså lite. Utilstrekkeleg finansiering må ta hovudskulda for det, sjølv om både korrupsjon, dårleg styresett og overlasta helsevesen har gjort det heile verre i ein del land.

«Rikdommen dykkar er bygd på vår tragedie», seier den unge ugandiske klimaaktivisten Vanessa Nakate. Og det er ikkje tilfeldig at det globale systemet er blitt som det er blitt. Vi må gå nokre hundre år tilbake.

I ei ny bok peikar den kjende skribenten Howard French på den tragedien som Europa utsette Afrika for frå 1500-talet og framover for å fôre slavehandelen og ved å erobre og bevisst undergrave vel etablerte kongedømme og gryande statar på kontinentet. På 1500- og 1600-talet gjekk mange regionar i Afrika gjennom eigne prosessar med erobring og konsolidering av nye statsformasjonar, slik som Asante-riket i Ghana, Benin og ikkje minst Kongo, som sende representantar til Vatikanet og diplomatar til Brasil.

Statsbygging i Afrika på denne tida var ikkje så ulik den som skjedde i Europa.

Hadde ikkje kontinentet blitt spora av gjennom europeisk erobring, kaos og død som følgje av slavehandelen, kunne ein sjå for seg eit svært annleis kontinent i dag, seier French. I staden for den lange rekkja av småstatar kunne ein då ha fått ei utvikling med fleire relativt store og omfattande statar som tok opp i seg mindre folkeslag under same flagg og kanskje og med felles språk.

Befolkninga i vestlege og sentrale delar av Afrika gjekk klart ned mellom 1600 og 1900, i motsetning til den raske folkeauken i Vest-Europa og i Asia. Og det er her det heile heng saman: Slavehandelen var ein av dei historiske faktorane som gjorde den industrielle revolusjonen muleg ved å skaffe kapital til å investere i den nye industrien. Og for å utvikle industrisamfunnet i Vest og seinare i Aust til det samfunnet vi har i dag, har fossil energi vore heilt avgjerande.

Nå er det denne bruken av fossilt brennstoff som trugar framtidssamfunnet slik det aldri har skjedd før. Og låginntektsland vil i stor grad bli hardare ramma av klimaendringane samstundes som dei er i ein mykje veikare situasjon enn oss til å kunne motstå dei negative følgjene av klimakrisa.

Folk i mange fattige land, som slepp ut berre små mengder CO2, er i frontlinja for klimakaoset, frå flaum i Mosambik til konflikt om vatn og jord i Niger-deltaet. Medan kvar nordmann let etter seg eit klimafotavtrykk på sju tonn CO2 per år, er talet for ein mosambikar 0,2 tonn og for personar frå Niger 0,1 tonn.

Det er ikkje ein gong å setje saka på spissen å seie at vår velstand har ført til auka elende i fattige land. Det er berre slik. Den etiske debatten om vår generasjons ansvar blir nesten meiningslaus om ikkje global klimarettferd blir eit sentralt tema.

Den regjeringa som Norge nå får må ta inn over seg dette ansvaret – den skulda vi har å betale – på ein heilt annan måte enn vi har gjort hittil. Av produsentane av fossilt brennstoff er Norge blant dei best stilte når ein ser nasjonalinntekt og fossilindustriens andel av økonomien i samanheng.

Vi bør difor gå føre i vår eiga omstilling. Men vår globale innsats er ikkje mindre viktig.

For det første må vi auke bistanden til låginntektsland som Mosambik og Niger kraftig for å gjere dei betre i stand til å motstå dei klimaendringane som vi, og ikkje dei, er skuldige i. Den støtten må komme i tillegg til anna langsiktig utviklingssamarbeid. Den må ikkje gå på kostnad av samarbeidet på sentrale område som helse, utdanning og næringsverksemd. For å få det til må det totale utviklingsbudsjettet aukast kraftig.

For det andre bør det meste av denne bistanden gå direkte frå land til land. Vi kan ikkje risikere langtrukne prosessar gjennom globale ordningar, der vi ikkje veit kor mykje av midlane som blir brukt i administrasjon på vegen, sjølv om det er freistande for å slanke vår eiga forvaltning.

Og for det tredje må støtte til å redusere klimautslepp frå utviklingsland haldast utanfor utviklingsbudsjettet, uansett kor den skjer. Det finst inga meining i at tiltak for å få ned globalt utslepp med verknad om 50 år skal betalast av utviklingsland – som inga skuld har – gjennom redusert bistand på andre område.

Mer fra: Debatt