Debatt

Startdatoar, ikkje sluttdato

Å argumentere for ein sluttdato for olje og gass som einaste klimatiltak er ein polariserande retorikk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Å løyse energi- og klimautfordringane er det mest aktuelle temaet i årets valkamp.

Men fokuset på sluttdato, å legge ned olje og gassindustrien som viktigaste klimatiltak, er eit skremmande lite nyansert forslag. Eit slikt tiltak vil faktisk bidra til at vi ikkje når Parisavtalemåla vi har forplikta oss til å nå.

Ungdomen har streika og mange har klimabrølt og fått klima høgst på den politiske dagsorden. FN sitt klimapanel (IPCC) og det internasjonale energibyrået (IEA) har følgt opp med «Net Zero by 2050».

Det hastar med å få til transformasjonen som må til for å få ned klimagassutsleppa.

No handlar det om å få politikarar som set i verk dei rette tiltaka som faktisk kan gi ein effekt. Mine tidlegare arbeidsgivarar i Trondheim, SINTEF og NTNU, har gitt konkrete råd til politikarar om kva som kan gjerast i Noreg for å oppnå det grøne skiftet: Nytte Nordsjøen som plattform for grøn omstilling, i tråd med FNs bærekraftsmål.

Stikkorda er kompetanse, gass og lavkarbonprodukt.

Kompetanse: Vi må nytte det kunnskapsforspranget som Noreg har i vår olje- og gassverksemd i Nordsjøen, og gjennom det satse på grøn energiteknologi som og har stort potensiale til framtidige eksportinntekter til Noreg. (Eksportdelen har falle dramatisk siste 8 åra).

Vi må få eit politisk skifte til parti som har ein meir aktiv industripolitikk, og er villige til å ta i bruk sterkare offentleg styring saman med privat finansiering, for å få til det grøne skiftet. Marknaden åleine, greier ikkje eit slikt skifte.

Grunnen til at vi har fått flytande havvind-prosjekt i Storbritannia, er at Skottland har gått inn og subsidiert prosjekta i ei oppstartsfase. UK trengte meir energi, ville ikkje ha meir atomkraft, og ville oppnå Parisavtalemåla sine. Dei gjekk dermed for å subsidiere flytande havvindprosjekt frå Noreg.

Det er ein ønska politikk som gir effekt.

Opposisjonen på Stortinget med Ap i spissen, sørga som kjent for ein støttepakke til olje og gassindustrien, for å dempe effektane etter koronautbrotet. Effekten ser vi mellom anna hos leverandørindustrien i Verdal der 50 nye lærlingar er i sving, og der ein produserer merdar for oppdrett og havvind.

Hos Aker Solution ser vi produksjon av nye fornybarløysingar i Sandnessjøen og i Eigersund. Hos Kværner på Stord slepast det ut havvind til Nordsjøen. Alle desse er døme på kompetanse frå olje og gassindustrien som vi er avhengige av for å få til det grøne skiftet.

Utan «oljepakken», ville vi blitt satt fleire år tilbake i dei grep vi er nødt til å lukkast med for å nå Parisavtalemåla .

Vi har allereie sleppt ut for mykje CO2 til atmosfæra. Vi er difor nødt til å binde noko av desse klimagassane tilbake i jorda, vekk frå atmosfæra, i tillegg til å redusere våre utslepp, uansett scenario i IPPC-rapporten. Her kan norsk olje- og gasskompetanse gjere eit viktig bidrag med karbonfangst og -lagring (CCS). Klimaet treng CCS, og Norge treng CCS for å kunne handtere landindustrien sine store punktutslepp (sement, forbrenning, stål og kunstgjødsel) på CO2.

I tillegg treng verda meir energi som ikkje kan gi fossilt utslepp. Med CCS kan vi opne opp nye industrielle verdikjeder offshore som blå hydrogen og ammoniakkproduksjon for den europeiske marknaden, og til bruk i grøn skipsfart. Dette får vi ikkje til om vi legg ned bærebjelken. Og vi treng fleire hundre langskipprosjekt, ikkje eit.

Lavkarbonprodukt: Ved industriell (blå) hydrogenproduksjon med karbonfangst og lagring (CCS), nyttar vi naturgassen i Nordsjøen, splitter han til hydrogen og CO2, og returnerer CO2-en i reservoar i Nordsjøen. Dette vil vere ein langsiktig industri- og klimastrategi der oljeindustrien kan vere ein del av løysinga, ikkje berre ein del av problemet.

Mellom andre SINTEF og NTNU har ein svært visjonær strategi for Nordsjøen ved å nytte plattformene i Nordsjøen som ein hub for flytande havvind, bruke det til å produsere gjenverande olje og gass, starte produksjon av hydrogen og CCS, knytte saman elektrisk grid og vindkraftgrid. Nordsjøen kan slik sett gi eit enormt potensiale til å forsyne, England, Tyskland m.fl med grøn energiteknologi. Nordsjøen kan vere eit batteri for heile Europa.

Gass: Analysebyrået Rystad Energy syner at ei nedlegging av olje og gassindustrien mest sannsynleg ikkje vil bidra til klimaeffekt. Norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp fordi vi har hatt ein CO2-skatt. Norsk produksjon slepp ut 8–10 kg CO2 pr produsert einheit (boe) mot 18–20 kg CO2 pr boe for bransjen generelt.

Reduserer du norsk gass vil det kunne bli erstatta av russisk gass og amerikansk LNG og til dels europeisk kol, som alle har mykje større CO2-utslepp. Reduserer du produksjon av norsk gass, vil det føre til større klimautslepp.

I tillegg treng vi gass for å få til våre nye verdikjeder innan nye lavkarbonprodukt, og då treng vi faktisk å leite etter meir gass. Utan ny leiting, vil gassen i Nordsjøen ta slutt før vi har får bidratt med klimaeffekt. Noreg har spesielle føresetnader for å bidra til klimaeffekt. Dette poenget har ikkje IEA-rapporten teke høgde for.

Å argumentere for ein sluttdato for olje og gass som einaste klimatiltak er ein polariserande retorikk.

Vi treng ei rettferdig omstilling, og ei brei tilslutning til det grøne skiftet. Vi må foreine krefter for å få startdatoar på alle dei tiltaka Noreg må gjere raskt, for å nå Parisavtalamåla. Men først må vi velgje politikarar som prioriterer startdatoar, ikkje sluttdato.

Mer fra: Debatt