Debatt

Når det næraste står på spel

Skal fortvilte foreldre som ikkje får kabalen til å gå opp måtte bli sjukmeldt for å ta vare på eigne babyar?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kontantstøtta. Det magiske ordet.

Det som vi har nytta oss av i nokre månader med begge mine barn. Verkemiddel nummer ein som har gjort det mogleg for oss å få til ein mjuk og fin start i barnehagen.

Dei har vore eitt år og to månader ved oppstart begge to.

Vidare, på grunn av ein varierande prosentdel kontantstøtte, turnusjobb og gradert pappaperm, har dei kunna starta med tre dagersveker dei første månadane. Ungane mine stortrivest i barnehagen. Dei og vi har vore klar, so oppstart og tilvenning har gått bra med begge to.

Denne måten å gjere det på er difor eit naturleg val også med nummer tre. Men det kan bli dyrt!

Ei ordning som gir ein smidig overgang frå spedbarnstilværelsen heime med mor eller far, til 8 timar 5 dagar i veka i kommunal institusjonsomsorg. Det er dårleg bruk av offentlege midlar seier Anette Trettebergstuen.

Berre eit bilete av Trettebergstuen i media får det til å bruse i blodet av sinne og fortvilelse.

Og dette er ei vanskeleg sak, for den rammar so voldsomt hardt oss som står i denne livssituasjonen. Dei få av oss som har små born eller born på veg. Medan alle dei andre som enten har større barn eller ikkje ser for seg å starte eit familieliv på lenge, rammar det ikkje i det heile, enda.

Det er lett å forstå at denne debatten ikkje fenger kvinne (45) med tenåringsborn i hus, eller mann (22) som opplever det som eit heilt liv til han sjølv eventuelt skal bli far. For dei aller, aller fleste veljarane i dette valet er ikkje kontantstøtta noko ein nødvendigvis vektlegg spesielt mykje.

For dei er sikkert likestilling og arbeidslinja store fine ord som gir ei slags form for meining.

Men for oss, som sitt relativt sårbare og er redde for ein kvardag som blir prega av for tidleg barnehagestart med stressa unger? For oss er det dette som held oss våken om natta. Som gjer oss so redde at berre eit bilete av Trettebergstuen i media får det til å bruse i blodet av sinne og fortvilelse. For oss blir den trøyttande mantraet hennar om likestilling og arbeidslinja berre meiningslause ord, fordi bornet mitt – her og no – er so uendeleg mykje viktigare.

På mange måtar er kutt i kontantstøtta akkurat det same som Høgre si kutt i brillestøtta.

Den rammar få, eit lett «bytte». Ja, der er nok store summar å hente inn i nasjonalbudsjettet, men det er usosialt, bidreg til auka forskjellar i samfunnet, og det rammar dei få det rammar veldig hardt. Då den debatten raste som verst var det ikkje noko som råka meg og min økonomi.

Dei kjem med elendige utspel som rammar meg og min familie utan vilje til å lytte til folket.

Eg syntest sjølvsagt, som dei fleste andre, at det var eit usselt trekk frå regjeringa, men det heldt meg ikkje våken om natta. Eg dirra ikkje av frustrasjon eller avmakt då. Lite visste eg at det berre skulle ta månader før eg fekk innsjå at det burde eg gjort.

Denne gongen er det trusselen om å miste kontantstøtta som råker.

Tredelinga av foreldrepermisjonen var første steg, og no er kontantstøtta nådeskuddet i politikarane si knebling av småbarnsfamiliar. Mor skal tilbake i jobb so fort det er teoretisk mogleg for ein baby å ete graut. Ikkje til forkleinelse for dei som tar dette valet sjølv. Nokon ynskjer det, men mange blir direkte sjuk av tanken.

Er det virkelig det som skal bli svaret? At utslitte, fortvilte foreldre som ikkje får kabalen til å gå opp må presse seg so hardt at ein ender opp med å bli sjukmeldt for å ta vare på eigne babyar? Ulønna permisjon og redusert stilling har ein truleg ikkje lenger råd til utan kontantstøtta.

Eg har i tillegg til gode å høyre kva plan politikarane har for krav til kommunane om løpande opptak i barnehagar. Er det verkeleg meininga at alle born som er født innanfor eit skuleår skal ha barnehagestart i august?

Uavhengig om ein er født i mars eller november året før?

Skal ein også ha same krav til bemanning og storleik på gruppene når ein fratar foreldre all makt til å sjølv vurdere om bornet er modent for oppstart? Skal barnehagetilsette måtte kontinuerleg vurdere behovet for tryggleik og nærheit til ein baby på 9 mnd opp imot tid til å aktivisere fleire energiske 3-åringar på same avdeling? Er det også slik politikarane vil auke rekrutteringa til dette yrket? Og kvifor er ikkje dette oppe til diskusjon først?

Dei store linjene blir faktisk ganske små når det er det næraste som står på spel.

Eg har blitt oppmoda av min fastlege til å ikkje la dette ta overhand i ei elles stressande tid med små born og i siste del av mitt desidert siste svangerskap. Men det er no debatten er oppe i dagen, det er no det er valkamp, det er no eg ligg våken om natta.

Lite stressar meg meir enn at våre folkevalgte representantar sitt i Oslo og kjem med elendige utspel som rammar meg og min familie utan vilje til å lytte til folket.

Fleirtalet ynskjer faktisk å behalde denne ordninga.

Ein dag sitt ein kanskje i denne situasjonen, der mangelen på ei slik ordning råker ein sjølv eller sine born. Då gir det plutseleg lite meining å snurpe inn sjølvbestemmelsesretten i eige liv, og å ofre trivselen til dei vi elskar aller høgast til fordel for «likestilling» og «arbeidslinja».

Dei store linjene blir faktisk ganske små når det er det næraste som står på spel.

Det er mykje som hindrar både likestilling, arbeidslinja og integrering i landet vårt. Men god familiepolitikk står ikkje på den lista.

Mer fra: Debatt