Debatt

Det verste som kan skje

Rasisme er ikkje ei legitim «meining» nokon treng å ha i fred.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skreve om kvelden 20. juli 2021, etter ein sykkeltur til statuen av Benjamin Hermansen på Åsbråten på Holmlia.

Det er ein dag for kontrastar på Holmlia. Det er Id i dag. Det er også to dagar til 10-årsmarkeringa av 22. juli, og dagen då folka på Åsbråten våkna opp til den avskyelege tagginga på statuen til Benjamin, guten som berre blei 14 år fordi nynazistar var på tokt ein januarkveld for 20 år sidan.

«Det verste som kan skje, er jo at vi får amerikanske tilstandar i Noreg, med woke og cancel culture, og alt det der. Ytringsfridom trumfer alt». Utsegna kom frå ein journalist-bekjend, etter at eg hadde kritisert invitasjonen av Steve Bannon til Nordiske Mediedagar i Bergen i 2019.

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at statuen til Benjamin blei misbrukt til å spreie muslimhat på sjølvaste Id

Journalisten gav inntrykk å meine at det å gjere Bannon til eit stjernetrekkplaster på ein mediekonferanse i eit av verdas friaste land, var eit adelsmerke på kor god ytringsfridom vi har. Det verste som kan skje. Var viss vi ikkje høyrte kva folk som Bannon hadde å seie.

Reint bortsett frå det konkrete innhaldet i tagginga var det som eit innlegg i debatten om det manglande oppgjeret etter 22. juli som raser om dagen. Dersom nokon framleis er overtydde om at høgreekstremisme blir borte når den blir gitt mikrofonar eller plass i TV-studio og regjeringar, bør i det minste forstå at dét synet blei ettertrykkeleg parkert i dag.

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at statuen til Benjamin blei misbrukt til å spreie muslimhat på sjølvaste Id, ti år etter det verste uttrykket for muslimhat Noreg har sett, med AUF som rødpunkt i geværsiktet. PST seier at dei høgreekstreme miljøa har styrka seg sidan 22. juli 2011. Ikkje underleg, slik som særleg media i landet vårt har lagt til rette for veksten. Ein eller fleire av deira representantar var på Holmlia i natt, og fekk sagt det tydeleg, på riksdekkande TV: Vi er her framleis. Vi kan slå til igjen. På Id, viss vi vil.

Når politiet har sagt i dag at dei behandlar taggen «Breivik fikk rett» på akkurat denne statuen som mogleg hatkriminalitet, er det faktisk oppsiktsvekkande, og på høg tid. Det er å sjå ytringar i den tolkingskonteksten dei var meint å skulle bli sett i. Det er å anerkjenne at rasistane på ytre høgre VIL at vi skal sjå samanhengen mellom nynazistane som tok frå Benjamin livet sitt og terroren på Utøya og regjeringskvartalet. I ti år har mange forsøkt å seie: trolla sprekk ikkje i lampelyset i TV-studioet, å gi dei mikrofonar gjer at dei får legitimitet og rekrutterer fleire.

Det verste som kan skje, det opplevde Benjamin og mor hans, Marit

Svaret har vore: «vi kan ikkje forby ytringar «vi ikkje likar» (som om det å la vere å legge ut rødløparen for høgreekstrimistiske ytringar er det same som å forby; som om hatytringar er ille fordi vi ikkje «likar» dei); «vi kan ikkje stoppe hatkriminalitet før den har skjedd» (sjølv om alle veit kva folk med «SIAN» på t-skjorta har slags ærend når dei stiller seg opp på torget. Dei spreier hatet sitt på akkurat same måte kvar gong). Ytringsfridom, schymtringsfridom.

Berre AUF-arar har blitt bede om å ta «ansvar for debattklimaet» i diskusjonar om innvandring. Fridomen til å ytre seg, ja, berre det å eksistere utan frykt for om nokon har tenkt å dra på tokt igjen, til dømes natt til Id, blir fratatt alle dei ytre høgre siktar på; alle dei som alltid går med frykten om at det verste kan skje.

Det verste som kan skje. Det verste som kan skje, det opplevde Benjamin og mor hans, Marit. Det opplevde åtte personar i regjeringskvartalet og 69 ungdommar på Utøya, og deira pårørande. Tiårsmarkeringa må brukast til å slå fast at å redusere menneskeverdet for nokre ikkje er ei gyldig oppfatning. Rasisme er ikkje ei legitim «meining» nokon treng å ha i fred.

Å få leve i tryggleik, dét trumfer alt.

Hold deg oppdatert. Få daglige nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt