Debatt

Utepils og trusfridom

I det samfunnet som opnar seg, er det tydeleg at utepilsen trumfar andre verdiar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Laurdag tok vi ein sykkeltur frå Lørenskog like utanfor Oslo og nedover Groruddalen. Vi enda på Sørenga i Oslo. I solsteiken var det stappfullt av folk ned mot sjøen. Det var ikkje vår jobb å bruka meterstokk. Vi kjøpte is, sette oss på ein fredeleg betongkant og sykla så heim.

Søndag gjekk vi til gudsteneste i Fjellhamar kyrkje på Lørenskog. Der var det påmelding og maksimalt 20 personar. Utandørs. Det var flott å møtast igjen, for første gong sidan vi trampa for å halda varmen i 15 kuldegrader i februar.

Vi gløymer ikkje februar. Det var den gongen då restriksjonane blei skrudde til igjen. Kyrkjene vart verande stengde. Men i panikk opna regjeringa pola igjen etter å ha sett køane i Sandvika.

Paradoksa står i kø. Trusfridomen er garantert i internasjonale konvensjonar. Fridomen til å samla seg om utepilsen er ikkje det.

Men i politiske prioriteringar er det stikk motsett. Det har vore mange reaksjonar på stenginga av serveringsstadene og tilsvarande glede over at uteservering vart opna igjen. Byrådsleiar Raymond Johansen unner folk festen.

Folks behov for samlingsstader for åndelege og sjelelege behov har hatt mindre gjennomslagskraft. Det viste seg verkeleg då det tok månader å få regjeringa til å gå bort frå den «fastmonterte stolleiken» – altså kravet til fastmonterte sete for å ha fleire enn ti deltakarar.

Som tilsett i Stefanusalliansen meiner eg ingenting om verken polkø eller utepils. Men eg meiner mykje om vilkåra for trusfridom.

Det er etter Konvensjonen om sivile og politiske rettar legitimt å stramma inn også på samlingar i gudshus når dette kan grunngjevast i å sikra folkehelsa. Men det vert stilt strenge krav til restriksjonane.

Det er difor ikkje til å forstå at retten til å gå på polet og ta utepilsen politisk er blitt heva over retten til å gå til gudsteneste. Det finst ikkje smittefaglege grunnar for å forby utegudstenester med meir enn 20 personar, slik det framleis er i ei rad kommunar – som Lørenskog, medan vilkåret for uteservering er at har du stolar nok, har du plass til alle.

Pandemien har gjort det endå klarare for oss kva vi reknar som viktig. Å feira påske eller pinse er politisk hamna i same kategori som bingo. Ikkje eit vondt ord om bingoen.

Men vi i Stefanusalliansen har i skarpe ordelag kritisert regime som medvete har brukt pandemien for å innskrenka trusfridomen, for å få kontroll. Våre styrande har ikkje stengt kyrkjer for å kontrollera trusfridomen. Men vi kan ikkje av den grunn lata som alt er vel.

Det vi kunne ha forventa var at ikkje minst regjeringa var langt meir bevisst på kva krav dei styrande er underlagde når utøving av trusfridomen vert innskrenka for å sikra folkehelsa. Å overlata dette til kommunane er for lettvint.

På den andre sida: Politikarane prioriterer vel når det kjem til stykket det som folket set aller høgast. Når skarar står i polkø ein vinterlaurdag, eller postar foto av seg med utepils på Facebook ein varm dag i mai, er det dei djupe verdiane i folkedjupet som kjem til overflata.

Kanskje peikar flasketuten tilbake på kyrkjefolket, vi som ikkje kan «mobilisera« lange køar som viser kor viktig samlinga rundt nattverdbordet er. Kanskje har vi gjort vårt til at denne arven og denne menneskeretten ikkje er relevant i samfunnet.

På den andre sida er sjeleleg naud og åndelege behov ikkje så synlege i eit menneskesinn. Det har styresmaktene plikt til å sjå.

Når det er krise, må tiltaka avgjerast raskt. Men nettopp med tanke på store kriser og stort hastverk, må det liggja ein prinsipiell beredskap i botnen. Beredskapen må naturlegvis handla om smittevern og respiratorar, men også om å evne til – i hastverk og krise – å sikra menneskerettar, også trusfridomen. Dei mest paniske køane må ikkje utan vidare styra prinsipielle prioriteringar.

Her må våre styrande vere betre førebudde til neste pandemi.

Mer fra: Debatt