Debatt

Klare for det 21. århundre

Ingen er betre skikka til å ta ei avgjerd om svangerskapet enn kvinna.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den største myta når det gjeld abort er at kvinner kjem til å ta fleire abortar eller ta dei seinare i svangerskapet dersom dei får sjansen til å bestemme sjølve.

Det finst ikkje tal som støtter dette.

Nemndene er ein gamal leivning frå lova frå 1960 som umyndiggjer kvinner og som ikkje har nokon plass i eit moderne rettssamfunn. Katti Anker Møller sa allereie for hundre år sidan. «Grunnlaget for all frihet må være rådighet over egen kropp og kva i den er. Det motsatte er en slaves tilstand.»

Den norske grunnlova seier også i § 93 at ingen skal holdes i slaveri eller tvangsarbeid.

Ingen er betre skikka til å ta ei avgjerd om svangerskapet enn kvinna. Ho er fosteret sin første og beste forsvarer.

På 70-talet meinte ein at aborttala kom til å gå opp når kvinner fekk sjølvbestemt abort. Det skjedde ikkje. Dei har halde seg stabile fram til ein klår og stadig nedgang dei siste 10 åra. Då vi innførte medikamentell abort ville KrF forby det, av di det ville føre til fleire abortar.

Det einaste som skjedde er at kvinner tar abort tidlegare enn før og at aborttala har gått ned. I dag vert 84 % av alle abortar utført før veke 9 mot berre 40 % før vi fekk medikamentell abort. No meiner dei at ved å gi kvinner sjølvbestemt abort også etter veke 12 så kjem kvinner til å ta abort stadig seinare.

Kor kjem denne mistrua til kvinner ifrå?

Talet på seinabortar etter veke 12 har lege stabilt heile vegen på ca 5%. Dersom vi ser til Sverige så ser vi at den ligg like stabilt der. Dei har like mange tidlege abortar som oss og 6 % seinabortar. Dersom vi ser til Skottland der dei ikkje skil mellom abort i veke 5 og veke 23 så ser vi at tala er relativt stabile der også. Ca 1 % skjer etter veke 18 og 4 % etter veke 12. I England og Wales viser tala at abortar etter veke 20 utgjer ca 1,5 %.

Tala har vore stabile. Dei har hatt den same lova sidan 1967. Rett nok seier lova at to legar må signera på at lova er følgd, men ifølge dei som driv desse klinikkane så har legane ofte ikkje snakka med kvinnene. Underskriftene er i stor grad pro forma så fremt fosteret er innafor øvre grense på 24 veker. Vi veit at norske kvinner som har fått avslag eller har vore redde for avslag i Noreg har tatt abort i UK.

Desse stadene tar også over 80 % abort før veke 9 og 4–5 % tar abort etter veke 12. Kvinner oppfører seg altså ikkje annleis sjølv om lova ikkje har eit gradert vern for fosteret. Det er fordi kvinner ynskjer å ta abort så tidleg som råd dersom dei veit dei er uynskt gravide. Dei treng ikkje ei lov for å oppføre seg slik.

80–90 % av dei som tar abort etter veke 18 er kvinner som har fått vite at fosteret deira er alvorleg sjukt. Dei har fått mange samtalar på sin veg med fostermedisinarar og av og til barnelegar. Det er desse kvinnene som i studiar har fortalt at dei opplever det som krenkande å måtte møte i nemnd i tillegg.

Einaste gongen eg har opplevd i nemnd at nokon har vore sint på meg, og det var før eg hadde fått sagt hei og presentert meg, var eit par som var i ein slik situasjon. Dei var ikkje sinte på oss personleg, men på at dei måtte bruke av si tid til å møte endå eit par legar. Eit par legar som ikkje eingong hadde vore involvert i dei medisinske avgjerdene og møtene dei allereie hadde hatt.

Dei tykte det var meiningslaust.

Dei siste åra har det vore fleire som tidlegare har hatt velfungerande lover som har liberalisert dei og auka sjølvbestemmelse for kvinnene. Det gjeld Australia som i dei største statane har innført sjølvbestemt abort til 22–24 veker.

Dei har heller ikkje ei absolutt øvre grense for abort, men tillet det på medisinsk indikasjon også ut over 24 veker. New Zealand vedtok i fjor sjølvbestemt til 20 veker. Island har fjerna nemndene og har sjølvbestemt til 22 veker. Nederland har sjølvbestemt til 22 veker, og har ei av dei lågaste abortratene i Europa. New York vedtok og sjølvbestemt til veke 24 i 2019 for å demma opp for eventuelle endringar i Høgsterett.

Helseministeren på Island sa etter vedtaket om å fjerne nemndene at no var dei klåre for det 21. århundre. Det er også SV sitt vedtak med sin omsorg for og tillit til kvinner.

Mer fra: Debatt