Debatt

Ei stor belastning

Ingen er imot at born som har behov for hjelp skal få det. Men slik hjelp fungerer best når dei det gjeld får være med og spele på lag.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det har gått føre seg ein debatt mellom professor i rettsvitskap, Bente Ohnstad med fleire og Bufdir, om terskelen for offentleg tilsette si opplysningsplikt til barnevernet.

Essensen i den debatten har vore påstandar om at Bufdir i beste fall har vore utydlege i sin kommunikasjon om kva tid opplysningsplikta til barnevernet er til stades. Det kan no sjå ut som at direktoratet endeleg stadfestar at vilkåra for opplysningsplikt er strenge, og at dei forventar at desse vert etterlevd på ein måte som ikkje er i strid med reglane om teieplikt.

Vi er samde med Bente Ohnstad med fleire i den kritikken som er reist.

Slik vi ser det, ville Bufdir tent fagfeltet om dei hadde erkjent både problemet og at dei sjølve har vore med og skapt dette. Som tilsette i praksisfeltet forventar vi at foreldre som utøver dårleg omsorg skal kunne lære av sine feil. Då er det eit paradoks at fagdirektoratet sjølv ikkje er villig til å gå føre som eit godt eksempel.

La det være sagt med ein gang. Dersom ein, som offentleg tilsett, har grunn til å tru at eit barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, så har ein opplysningsplikt til barnevernstenesta.

Denne plikta går føre teieplikta og er eit personleg ansvar.

Det er difor svært viktig at alle offentlege tilsette set seg grundig inn i vilkåra for denne plikta. Men, det er like viktig at den enkelte reflekterer godt gjennom korleis ein skal handle i situasjonar der ein har ei grunngjeven uro som ikkje handlar om alvorleg omsorgssvikt eller mishandling.

I slike tilfelle må ein kunne forvente at offentleg tilsette på ein respektfull og open måte snakkar med dei bekymringa handlar om. Ein må skildre kva som gjer at ein er bekymra, og ikkje minst må ein kunne undre seg i lag med dei. Ein må og være open for at årsaka til problema kan finnast andre stadar enn i heimesituasjonen.

Utfordrande åtferd kan henge saman med lærevanskar eller andre ibuande vanskar hjå barnet.

Skulevegring kan henge saman med negative skuleerfaringar og forhold ved skulen. Foreldre som ein opplever som vanskelege å samarbeide med, kan ha rett i kritikken av at skulen ikkje har lagt nok til rette for barnet. Å stille krav til og utfordre tenesteapparatet gjev ikkje eit grunnlag for å sende bekymringsmelding til barnevernet.

Debatten som Ohnstad med fleire har reist, er viktig. Manglande forståing, og i mange tilfelle feil praktisering av opplysningsplikta, har ført til at born og foreldre har vore utsett for ulovleg utøving av mynde. Dette bør både Bufdir, statsforvaltaren og barnevernstenesta ta på alvor og erkjenne. Dei same instansane bør sjå det som ei viktig oppgåve å gje korrekt og nyansert informasjon om opplysningsplikta og teieplikta.

Feilaktig praktisering av regelverket er sjølvsagt ei stor belastning for dei som er råka.

Noko som svekker tilliten til heile det offentlege hjelpeapparatet. Blant desse er det mange foreldre og born som kunne hatt nytte av hjelp og støtte, dersom vi hadde møtt dei med den openheit og respekt dei fortener. Ingen er imot at born som har behov for hjelp skal få det, men slik hjelp fungerer best når dei det gjeld får være med og spele på lag.

Ein anna konsekvens av feilaktige meldingar er at dei tappar kommunalt barnevern for ressursar. Dette er ressursar kommunane treng å kanalisere mot born og familiar som i større grad har behov for dei.

Vi er samde med Ohnstad, Sønderskov og Ødegaard slik dei formulerte seg i Dagsavisen for ei tid sidan:

«Balansegangen mellom berettigede tiltak fra barnevernet og det å unngå feil er svært krevende. Denne balansen er også krevende å kommunisere. Bufdir forsøker ikke engang.»

Skal vi lukkast med å bygge den tilliten som barnevernstenesta heilt avhengig av, må det være eit krav at fagdirektoratet i alle fall forsøker å hjelpe oss.

Mer fra: Debatt