Debatt

Rapportering eller «angiveri»?

Dersom barn ikkje kan tåle å svare på ei undersøking, utan at forskarar og andre slår alarm, tykkjer eg me har gått altfor langt i å «forstå barn».

Spekter gjev kunnskap som gjer at me kan utarbeide mellom anna sosiogram. Skal me få denne kunnskapen må barna vere med å ta ansvar og dele med oss korleis det er å vere elev, skriv Kristin Vee. Illustrasjonsfoto: Mimsy Møller
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg har som rektor vore open om mitt «hjertebarn» – at alle elevar skal kjenne seg trygge på skulen kvar dag, i alle friminutt, i timar og på skulevegen. Det er alle sitt ansvar. Også det at alle skal høyre til.

Me kan ikkje skapa bestevener, men me kan sørge for at alle kjenner seg inkludert.

Bakgrunn for saken: Ber elevene peke ut mobbere i klassen

Mobbing foregår, i mange ulike former. Eg vart mobba då eg gjekk på barneskulen, klassisk utestenging med jenteproblematikk. Ei dronning med eit heilt «hoff» rundt. Eller som me kallar det når me snakkar om mobbing , «medløparar». Eg fekk av og til vere inne i varmen, og ville gjerne vere der mest muleg.

Då eg gjekk på skulen om morgon visste eg aldri om eg var «inne» eller «ute» den dagen. Det tok mykje energi og det førte til at eg og var med på å mobbe. Det gjekk utover ei anna jente i klassen. Eg var med på det, for eg turte ikkje å seie ifrå til nokon om det. Eg var redd eg skulle få det vanskelegare sjølv.

I dag har dei som jobbar i skulen mykje meir ressursar til å håndtere dette.

Les også: I årevis trakk Udir fram omstridt mobbe-kartlegging for skolene. Nå er ordlyden endret

Kunnskap til å forstå eit klassemiljø, til dømes ved å kartlegge og utarbeide eit sosiogram. Eit sosiogram seier noko om hierarkiet i klassen, viktig kunnskap for å kunne jobbe med det sosiale. Nokre elevar må øve på sosiale ferdigheiter, andre elevar har så store vanskar i det sosiale at dei må få veiledning hjå PPT, BUP eller andre.

Som skuleleiar tok eg ansvaret ift klassemiljø og elevane sin «arbeidsmiljøparagraf 9A» på alvor. Eg laga difor, i samarbeid med FAU og kollegiet, eit skjema til bruk i utviklingssamtalar. Eleven fekk to spørsmål: 1) Har du blitt mobba? 2) Har du vore vitne til at andre på skulen vert mobba? Bakgrunn for dette var arbeidet vårt med å ha fokus på inkludering av alle elevar og det ansvaret kvar og ein har for at dette skal skje. Me snakka om «rapportering» og ikkje sladring. Skjemaet vart ikkje laga for at skulen skulle ha «ryggen fri» i evt mobbesaker.

Kunnskapen som kom fram i samtalar måtte me sjølvsagt behandle profesjonelt.

Les også: Foreldreleder om omstridt mobbekartlegging: – Som foreldre blir vi bekymret (+)

Bakgrunn for at eg tek opp dette er at Læringsmiljøsenteret si kartlegging «Spekter» får kritikk. Seinast i eit innlegg i Dagsavisen 13. desember 2020, der professorane Stein Erik Ulvund og Gunn Imsen uttaler seg. Ulvund (2020) retter kritikk ved til dømes spørsmålet «Hvem ville du helst hatt som dine nærmeste venner»? Han uttaler at dette «kan lett strø salt i såret til venneløse barn, mens de som har mange bestevenner kan sole seg i sin egen fortreffelighet».

Elevane svarer individuelt. Svara skal behandles konfidensielt. Dessutan veit alle i ein klasse kven som er vener frå før, likevel skal dei få lov å ynskje seg vener, og få hjelp til å velje «rette» vener.

Eg skulle fått denne hjelpa då eg gjekk i skulen.

Imsen (2020) uttaler i same innlegg at «Det mest oppsiktsvekkende ved Spekter er at det oppfordrer til å angi andre elever ved navn. Det legaliserer en angiverkultur, som neppe kan danne noe godt grunnlag for et godt klassemiljø». Hun legger også til «Jeg er skeptisk til systematisk angiveri. Angiveri skaper fiendskap, ikke vennnskap».

Eg er sterkt ueining i denne måten å tenkje på. Eg har oppdrege mine barn til å melde frå dersom nokon ikkje har det bra. Eg har fronta same bodskap som rektor. Uansett kor gode me vert på observasjon og metodar, så er me avhengige av at barn melder frå. Det gjev eit signal om at me tek mobbing på alvor, og det er vår plikt til å gjere elevane rusta til å kunne svare på eit slikt skjema.

Fleire kommunar har stoppa bruk av Spekter. Ord som «angiveri» vert brukt.

Les også: Har du fått med deg denne? Smilefjessaken, regjeringens hemmelige barneeksperiment (+)

Spekter er ei ikkje-anonym kartlegging, som gjev utfyllande informasjon utover den obligatoriske Elevundersøkinga til Udir. Det kreves kun samtykke frå foreldre ved bruk av den digitale versjonen. Kvifor skulle foreldre ikkje gje samtykke til at barna tek ansvar for fellesskapet? Har barn vondt av å skulle seie noko om kven dei helst vil vere saman med? Kven dei evt ser som blir utestengt?

Barn veit dette frå før, dei ser det kvar dag – og det er viktig at me snakkar om det og finn ut kva som kan verte betre.

Eg har full tiltru til at dei som jobbar i skulen kan håndtere denne kunnskapen på ein klok måte. Eg ynskjer også at foreldre skal ha tiltru til dette og at skule og heim i samarbeid kan ha fokus på inkludering og ein mobbefri skule.

Eg har jobba i 26 år med dette temaet, som lærar, PPT-rådgjevar, rektor, forelesar på Høgskulen og veileder i Udir. Sosiogram har vore eit viktig verkty i alle desse åra. Det kartlegg miljøet i klassen og gir oss kunnskap om kva det er viktig å jobbe med for at alle skal ha det bra til eikvar tid. Spekter gjev kunnskap som gjer at me kan utarbeide mellom anna sosiogram. Skal me få denne kunnskapen må barna vere med å ta ansvar og dele med oss korleis det er å vere elev i akkurat denne klassen.

I mitt arbeid som rågjevar i PPT kom det fram gjennom kartlegging med sosiogram at ein gut i klassen var blitt heilt «usynleg». Gutane visste ikkje kor han sat i klasserommet. Denne guten hadde ein autismediagnose og hadde ikkje behov for nære vener, men då eg spurte han om situasjonen så sa han at han sjølvsagt hadde behov for å bli sett – at dei andre brukte navnet hans og tok kontakt med han.

Ved å få synliggjort relasjonane, så kunne me endre på dette.

Gjennom fagfornyinga så skal skulen ha fokus på det tverrfaglege emnet; Folkehelse og livsmeistring. Me snakkar om å gjere barna robuste. Men dersom barn ikkje kan tåle å svare på ei undersøking, utan at forskarar og andre slår alarm, tykkjer eg me har gått altfor langt i å «forstå barn».

Eller tek me berre hensyn til foreldra som er «redde» for den informasjonen barna kan gje, utan at dei har kontroll? Eg håpar det ikkje er slik og at me held fram med å utvikle og bruke dei gode verktya i det viktige arbeidet for å sikre ein trygg skulekvardag for alle elevar.

Mer fra: Debatt