Debatt

La barn vere barn

Det vil vere feil ressursbruk å pålegge barnehagen å føreta ei kartlegging av barna før skulestart.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Regjeringa har sendt ut forslag på høyring om ei endring i barnehagelova.

Endringa gjeld mellom anna å innføre pliktig kartlegging av norskferdigheitene til barn i barnehagar. Dei grunngir med at dårlege norskkunnskapar hjå nokre av dei fleirspråklege barna gjer skulestarten vanskeleg.

Les også: «Det er helt rett at mobbingen i Osloskolen øker. Men jeg tror nok ikke det skyldes meg»

Dette veit me at stemmer, men det vil vere feil ressursbruk å pålegge dei tilsette i barnehagen å føreta ei kartlegging av barna før skulestart. Me må heller auke ressursane og kompetansen blant dei tilsette i barnehagen, og ikkje minst i begynneropplæringa i skulen.

Kartlegging av barn sine språkferdigheiter ved eit tidleg stadium er problematisk med tanke på kva verdisyn ein ønsker å kommunisere. Eit auka fokus på kartlegging vil naturlegvis føre til auka tidsforbruk på dette området. Implisitt i denne tidsbruken ligg eit auka fokus på kva som er verdifullt, i denne samanhengen innlærarspråket norsk.

I rammeplanen for barnehagen er det eksplisitt uttrykt at barnet skal oppleve mangfald som ein ressurs, og at barnehagen skal anerkjenne og verdsette dei ulike språka til barna. Det er ein ressurs å vere fleirspråkleg, og fellesskap som er bygd på mangfald i form av likskapar og ulikskapar, er meir robuste enn fellesskap der alle har samme kulturelle og sosiale bakgrunn.

Les også: I årevis trakk Udir fram omstridt mobbe-kartlegging for skolene. Nå er ordlyden endret (+)

Når barn møter språk og livsstilar som er annleis enn deira eige språk og livsstil, utvidast perspektivet deira, og dette er i seg ein styrke. Me veit frå forsking at eit velutvikla førstespråk er positivt for innlæringa av eit andrespråk (m.a. Cummins, 1984), i form av at underliggande språkferdigheiter og kunnskap i førstespråket kan brukast i innlæringa av eit andrespråk. Altså er det grunnleggande for barnehagen å verdsette og fremme barna sine morsmål, og innføring av pliktig kartlegging av norsk vil implisitt kommunisere ei viss vekting av verdien til andrespråket – potensielt på bekostning av morsmålet til barnet.

Eit vesentleg aspekt ved kartlegging, er tidsforbruket. Om barnehagetilsette skal bruke tid på å kartlegge norskferdighetene til barna, kjem dette til å stele både tid og fokus frå det pedagogiske arbeidet barnehagetilsette allereie er pålagt å utføre.

Ei overordna retningslinje for barnehagen er at barnet skal oppleve leik, venskap, trivsel og utforsking. Eg meiner me skal la barn vere barn, og følge rammeplanen si understreking av barndomens eigenverdi, i staden for å bruke dei verdifulle barnehagetilsette til å gjere pliktig kartleggingsarbeid. Dette er ikkje god ressursbruk.

Les også: «Det er meningsløst å forsøke å presse kunnskapen inn i desimaler»

Melby kommenterer at dei jobbar med å få på plass verktøy for å kunne føreta vurderingsarbeidet. Til no veit me at det ikkje finst gode nok kartleggingsverktøy for å gjennomføre denne oppgåva etter den hensikt ein ønsker.

Om ein så får på plass eit godt utarbeida kartleggingsverktøy, meiner eg ein framleis står i fare for ei verdiforskyving eller feilaktig fokusering blant små barn. Både fordi det å kartlegge eit barn sine språkferdigheiter legg delvis til grunn ei vinkling om å leite etter det barnet ikkje kan, framfor det barnet faktisk meistrer, og fordi dette vurderingsarbeidet ikkje vil gi ei fullstendig oversikt over barnet sin totale språkkompetanse.

Ved å fokusere ei kartlegging utelukkande rundt barnet sitt andrespråk, vil ein ikkje vere i stand til å fange opp språkkompetansen i dei andre språka som barnet har, og dermed skape eit ufullstendig bilete av språkkompetansen til barnet. Dette kommuniserer den verdivektinga mellom første- og andrespråk eg var inne på tidlegare, og er etter mi meining i strid med verdigrunnlaget for barnehagen.

Les også: Slik ville professoren bak smilefjes-undersøkelsen sikre penger og rettigheter til eget senter

Som nemnt innleiingsvis veit me at mangelfulle ferdigheiter i norsk er det som gjer skulestarten vanskeleg for nokre barn, og det er dermed ikkje sagt at me ikkje skal jobbe for å utvikle norsken deira. Men kartlegging av språkferdigheiter i barnehagen er feil stad å legge ressursane.

Legg heller ressursane til begynneropplæringa i skulen, i form av auka tal lærarar, og å auke lærarar og barnehagetilsette sin kompetanse i norsk som andrespråk. Barn er ikkje eit kasus som meistrer eller ikkje meistrer, og eit sett av målbare verdiar. La barn vere barn, ikkje dytt dei inn i ei ramme av kartlegging, og ikkje træ plikt over hovudet på verdifulle barnehagetilsette som brukar tida si på å leike med barna.

Mer fra: Debatt