Debatt

Læraren må ta kontrollen

Digitaliseringa i skulen er ein altfor viktig debatt til å berre handla om elevane skal ha nettbrett eller ikkje.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Mange lar seg engasjera i diskusjonen om digitale verktøy i skulen. Det blir ofte ein diskusjon om «for eller imot».

På den eine sida vert all digitalisering ukritisk sett på som eit framsteg. På den andre sida finst foreldre, forskarar og lærarar som er bekymra for at nettbrett og Chromebook tar frå elevane noko viktig.

Les også:  – Mange barn er gode til å skjule vanskene 

Men spørsmålet om det digitale i skulen må ikkje handla om ja eller nei til nettbrett. Spørsmålet må vera: Når kan teknologien tilføra noko, og når kan det vera fornuftig å la Chromebooken liggja i sekken?

Eg blir rett og slett trist når eg høyrer utsegner av typen «du veit, elevane kan meir enn oss» når skulefolk omtalar sin digitale kompetanse.

Då er det noko viktig ein har gløymt.

Ja, det vil truleg vera dataspel, plattformar og appar læraren ikkje kjenner til. Men læraren har kjennskap til måla i Læreplanen, og veit korleis han skal planleggja god undervisning. Det er dette som må vere utgangspunktet for bruken av teknologi i klasserommet.

Det digitale gir moglegheiter for læring på nye måtar, som bøker og papir aldri vil kunna tilby.

Elevar på 1. trinn kan læra å lesa raskare når dei får bruka appar som tilfører lyd, og får mange koplingar mellom lyd og bokstav.

Gjennom andre appar med lyd kan læraren modellera korleis ulike reknestykke skal setjast opp og reknast ut, gi instruksjonar om korleis det er viktig å tenkja når ein les ein naturfagleg tekst, eller ta opp bildefiler av elevane sine tekstar og gi direkte og konkrete kommentarar på tekstane.

Les også: Raser mot regjeringens håndtering av seksåringene: – De har lagt forskernes råd i en skuff (+)

Forsking viser at dette har god effekt på elevane si læring og er arbeidssparande for læraren.

Men i skulen er ingen digitale verktøy gode viss dei ikkje blir brukte med bestemte føremål. Viss iveren etter å få alt digitalt berre «for det», er det teknologien som bestemmer undervisninga, ikkje gode teoriar om lese- og skriveopplæring.

Eit elektronisk tankekart er ikkje alltid betre enn eit tankekart teikna av læraren på ei tavle. Dersom tankekartet til dømes berre skal illustrera dagsrytmen elevane skal gjennom den aktuelle skuledagen og ikkje har lenker til digitale ressursar, kan ein like gjerne skriva lista på tavla.

Eg meiner óg vi skal vakte oss vel for å la skriveopplæringa bli heildigital.

Ja, lese- og skriveappar kan vere fine å ha, men mange av dei er veldig fokuserte på delmål. Elevane øver mykje på dobbelkonsonant eller ng-lyden, i staden for å kommunisera og skriva heile tekstar.

Slike appar masar også veldig med eit slags løn for strevet gjennom jubel og «hurra» kvar gong eleven gjer noko rett. På sikt kan utstrekt bruk av slike appar kanskje gjera elevane mindre uthaldande i oppgåver som krev større innsats der dei må venta på tilbakemelding.

Kommentar: «Som mor slår det meg: Hvor ble det av barna?»

Eg er veldig skeptisk til at spesielt unge elevar skal skriva alle sine tekstar digitalt, og at skulemantraet skal vera at alle bøker skal vera digitale Å laga ein tekst i ei skrivebok er å gjera skriveproduktet veldig konkret. Om alle tekstar berre blir digitale, blir det mest som med bileta me alle har på PC-ane våre, lagra i ei sky, eller i ei mappe.

Det er først når eg tek meg bryet å laga fotobøker at eg kan dela opplevingane om og om igjen, for meg sjølv og med andre.

Det er nettopp læraren som må bestemma bruken av teknologi i klasserommet. Det er ikkje slik at dess fleire appar dess betre undervisning. I klasserom kor vi dag kan velja mellom det digitale og det analoge, er det bruken som må vera avgjerande for kva vi vel.

Digitaliseringa fører til nye arbeidsmåtar, men det er læraren som veit om desse arbeidsmåtane er tilpassa god lese- og skriveopplæring. Sjølv om teknologien gir moglegheiter, er det læringsmåla som skal vera i førarsetet. Ikkje teknologiane i seg sjølve.

Mer fra: Debatt