Debatt

Fjordmans fantasier

Når du har drive med folkemord som skrivebordsøving, kler ikkje offerrolla deg noko vidare.

Oslo  20190510.
Peder Are Nøstvold Jensen, kjent under bloggernavnet Fjordman, ankommer arrangementet der Steve Bannon skal holde foredrag i regi av nettstedet document.no i Oslo Militære Samfund fredag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin og er gjengitt med tilatelse. 

Peder Jensen – kjend som Fjordman – har fått eit innlegg på trykk i Aftenposten. Dette innlegget er delvis ein klagesang over at NRK ikkje tok kontakt med han i samband med at dei laga dramaserien «22. juli».

Ein av hovudkarakterane i denne serien er nemleg den fiktive karakteren Mads, som under namnet «Breidablikk» spreier sitt antimuslimske bodskap på nettet. Fjordman meiner å kjenna att seg sjølv. Det vil nok også ganske mange andre gjera. Det er trass alt ikkje mange nordmenn som har hatt eit betydeleg internasjonalt publikum som rabiat ytre høgre-bloggar.

Les også: (+) Kritiserer Netflixs 22.juli-film: Hensynsløse og sleivete, mener norsk produsent

Delvis er Fjordman sitt innlegg også eit stykke reklame for hans eiga bok, «Vitne til vanvidd», og ei klage over at NRK ikkje har teke seg bryet med å melda denne boka.

Eit redaksjonelt val

I dramaserien «22. juli» har bloggaren Breidablikk vanskeleg for å koma på trykk i etablerte media. Fjordman sitt innlegg vart derimot aktivt henta inn av Aftenposten. Det har skapt reaksjonar. Aftenpostens debattredaktør Erik Tornes har forsvart avisa med at det er «relevant å stille spørsmål ved hvorfor ikke NRK var mer nysgjerrig på det som er en av hovedkarakterene i denne viktige serien».

Sjølv sit eg kanskje mest igjen med følgjande spørsmål: Kva var det som vart prioritert vekk, når Aftenposten valde å setja Fjordman sin klagesang på trykk?

Kva for innlegg var det ein ikkje fann plass til den dagen? Kva var det som vart vurdert som mindre viktig, som mindre relevant, for samfunnsdebatten ein dag i januar 2020?

Det er sjølvsagt eit retorisk spørsmål. Men det er der det redaksjonelle valet ligg.

Det som irriterer meg er likevel ikkje Aftenposten sine redaksjonelle val, men at Fjordman nok ein gong får plassera seg sjølv i ei slags offerrolle. Det har han gjort gong på gong, på spalteplass i ei rekkje ulike media, etter 22. juli.

I 2013 fekk han støtte frå Fritt Ord, og han slapp også til på NRK Ytring sine nettsider. Der han framstilte seg sjølv i offerrolla. Som vanleg.

Eg svara med å stilla han ei rekkje spørsmål. Eg fekk sjølvsagt aldri svar. Det kan vera på sin plass å gjenta dei, for å synleggjera kva for ideologi Jensen faktisk har forfeikta.

Debatt: Ikkje prøv å kle hatefulle udådar i heltedrakt

«Fiendtlige fremmede»

I sitt essay «Why Islam Must Be Expelled From The West», publisert i 2010, skreiv Jensen at «Islam og de som praktiserer islam må fjernes fullstendig og permanent fra alle vestlige land».

Han presenterer potensielle innvendingar, som at det skulle kunna føra til krig. Så avfeier han raskt desse. Han seier også at det eigentlege problemet i Vesten kan sjåast på som «masseinnvandring og multikulturalisme fremma av våre forræderiske elitar», og at islam slik sett berre er ein «sekundærinfeksjon». Han skriv også at muslimar er øvst på lista over «fiendtlege framande» som ikkje høyrer heime i europeiske nasjonar. Før han legg til at «forrædarane og femtekolonistane i media og akademia må fjernast frå makta og erstattast med folk som er lojale til oss og nasjonane våre».

Jensen skriv ikkje noko om korleis «forrædarane» skal fjernast frå makta, og heller ikkje noko om korleis muslimar skal deporterast en masse frå Europa. Han seier ikkje noko om kor dei skal deporterast til. Han svarte aldri på mine spørsmål: Kva skal gjerast med norske muslimar? Trur han at ein slik massedeportasjon kan gå føre seg fredeleg, og utan omfattande menneskelege lidingar? Kva andre «fiendtlege framande» er det han også ynskjer å bli kvitt?

Men lat det ikkje vera nokon tvil: Dette er den etniske reinsinga sin retorikk, folkemordet som skrivebordsøving.

«Anti-kvite» leiarar

I essayet «Preparing for Ragnarök», publisert våren 2011, trekkjer Jensen vekslar på den franske ytre høgre-ideologen Guillaume Faye, som har vore ein del av den såkalla nouvelle droite-rørsla og også ei inspirasjonskjelde for den såkalla identitarismen.

Fjordman peiker på Faye si bok L´Archeofuturisme, som delvis er ein ideologisk tekst, og delvis ei slags science fiction-forteljing lagt til år 2083 (det same årstalet 22. juli-terroristen nytta som tittel på sitt telefonboktjukke manifest). Faye sitt mål med boka er å leggja grunnlag for «revolusjonær handling grunna i, men ikkje alltid knytta til tradisjon».

Jensen finn openbert Faye sine betraktningar fascinerande nok til å nytta mykje plass på å gje dei att, før han sjølv sler fast at det trengs ein mental revolusjon. Denne andelege revolusjonen er – ifølgje Jensen – «berre mogleg gjennom ei gigantisk krise, eit valdeleg sjokk, som allereie er på veg».

Skulda for dette legg Jensen mellom anna på dei «anti-kvite kreftene som har kontroll over staten». Han følgjer Faye i trua på ein komande rasekrig. Og så skriv han at den einaste måten europeisk sivilisasjon kan blomstra igjen på er gjennom å ha «store område som spesifikt er sett av til menneske av overveldande demografisk europeisk bakgrunn», blant anna fordi ein elles vil få blanding mellom ulike folkegrupper. Vidare seier han at slike område må gjenskapast der dei er tapt, fordi «idear tyder noko, men kultur primært følgjer gener».

Då er det naturleg å spørja: Kva område er det han meiner har gått tapt? Korleis er det dei skal gjenskapast? Kva for politiske implikasjonar er det eigentleg han meiner ligg i «fåra» for genblanding?

Kva med demokratiet?

Jensen har i sin tekstar ofte gått til knallharde åtak på EU, som hjå han inntek ei sentral rolle i ein konspirasjonsteori rundt eit påstått, planlagt Eurabia.

I essayet «Native revolt: A European declaration of independence» frå 2007 krev han til dømes at EU skal oppløysast umiddelbart. Dersom det ikkje skjer har «me, Europas folk, ikkje anna val enn å konkludera med at myndigheitene våre har forlatt oss, at skattane dei krevjer inn difor er urettvise og at lovene som vert innført utan vår aksept er illegitime». Ja, faktisk skal me «slutta å betala skattar og ta dei naudsynte stega for å verna om vår eigen tryggleik og sikra vår nasjonale overlevelse».

Kva for steg? Det seier ikkje Jensen noko om der.

Det er ikkje berre EU Jensen har problem med. I juni 2011 publiserte han essayet «When Treason Becomes the Norm». Her omtaler han USA som eit «anti-kvitt imperium».

To år tidlegare publiserte han essayet «The Coming Crash», der han hevda at USA spreier «genetisk kommunisme» verda rundt, spesielt til land med kvit majoritetsbefolkning. Han hevdar der at valet av Obama som president i USA hadde gjort «anti-kvite ideologiar» til amerikansk nasjonalideologi.

Men Jensen går lenger enn dette. I boka Defeating Eurabia låner Jensen plass til ein britisk bloggar som skildrar det heile som «ein eksistensiell krig», og som også skriv at «dersom dette tyder at me må suspendera det parlamentariske demokratiet», ja, så er det nettopp det me må gjera. Sjølv skriv Jensen i essayet «Flaws of Democracy», frå 2010, at ein minstekrav til eit politisk system er at det må syta for «nasjonens overlevelse og deg og slekta di sin vidare eksistens», og han meiner at vestlege demokrati idag ikkje gjer dette. Følgjeleg konkluderer han med at me «må skjøna at demokratiet er eit verktøy for å nå eit spesifikt mål, ikkje eit mål i seg sjølv», og at med at det kanskje ikkje er det einaste ein treng i verktøykassa.

I det allereie nemnde essayet «The Coming Crash«» etterlyser han Frankrike si revolusjonære arv, og konkretiserer han: «Kanskje er det ein mini-Karl Martell som gøymer seg ein stad. Dersom det er tilfelle, bør han helst dukka opp snart».

Dette leier til følgjande spørsmål: Meiner Jensen at demokratiet ikkje er eit mål, men eit verktøy som bør leggjast til sides? Kva andre verktøy er det eigentleg han tenkjer seg? Meiner Jensen at ein revolusjon er naudsynt for at nasjonen skal overleva?

Drama og røyndom

Eg tviler ikkje på at Peder Jensen fann det ubehageleg då ein terrorist kopierte bunkevis av tekstane hans inn i sitt telefonboktjukke manifest, og omfamna han som ei inspirasjonskjelde. Sanninga er at Fjordman vart eit offer for sine eigne ord, for sin eigen ekstremisme, for sine eigne skrivebordsfantasiar om etnisk-religiøs reinsing og revolusjon.

At det internasjonale antimuslimske bloggmiljøet Fjordman sokna til er vorte ein del av dramaserien ”22. juli” er bra, og ei sjølvfølgje. At det skjer i form av ein fiktiv karakter gjev kanskje naudsynt avstand, men NRK kunne godt ha teke kontakt med Fjordman, om ikkje anna fordi surmulinga hans var umåteleg føreseieleg.

I dramaserien dukkar det også opp ein karakter som liknar på meg.

Forskaren Torger Grøndal er ein fiktiv konstruksjon. Han er – slik eg var – oppgitt over at media i for lita grad hadde sett fokus på trugsmålet i den typen retorikk som vart ført på nettstader av den typen Fjordman publiserte sine tekstar på. Elles framstår han nok litt mindre nyansert enn eg gjerne freistar på å vera.

Om noko skulle irritera meg ved den fiktive vestlendingen er det at han har vorte gjort til akademikar og flytta til Oslo. Eg var ein frilansjournalist busett langt ute på bygda, som livnærte meg av å omsetja brukarrettleiingar. Marknaden for artiklar om høgreekstremisme var ikkje stor.

Men eg liker det korte svaret den fiktive Grøndal gjev til journalisten på e-post, når han vert spurt om namnet Breidablikk seier han noko. «Ja», svarer han.

Namnet Fjordman sa meg noko, også. Eg hadde lest tekstane hans. Eg hadde sett fanatismen, hatet og dei revolusjonære fantasiane i Jensens skrivebordsøvingar, og i skrivebordsøvingane til andre sjølverklærte forsvarar av det vestlege og det kvite (trass deira forakt for alle vestlege demokrati). Eg hadde uroa meg for denne retorikken sin prislapp.

Eg er framleis uroa. I 2019 såg me fleire døme på høgreekstrem terror, tildels avla fram av hatefulle skrivebordskrigarar. I Christchurch. I tyske Halle. I Bærum. Det framstår stadig som meir relevant for samfunnsdebatten å snakka om det, enn å snakka om at Peder Jensen er vonbroten over at NRK ikkje kontakta han om dramaserien «22. juli» og lot vera å melda hans sjølvforsvarsskrift.

Mer fra: Debatt