Debatt

«Vil du sjekke ut online?»

Kven er det som har bede om denne utviklinga? Ikkje eg. Og ikkje alle som etter kvart kjem til å oppsøkje psykolog for menneskeleg kontakt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg var på reise førre veka. Før turen måtte eg logge meg inn i nettbanken og overføre pengar til kortet eg skulle betale turen med (der er ikkje så mykje igjen der no, etter at stillinga mi ved det som var Høgskolen i Nesna fordufta, og tidsskrifta eg brukte å skrive for la inn årene etter at tidsskriftstøtta vart dregen inn).

Deretter logga eg meg inn på Vy og bestilte togbillett (eg skreiv av gammal vane NSB i søkjefeltet). På togtur er det kjekt å lese litt, så eg gjekk på biblioteket for å låne meg ei bok.

Der er bibliotekaren erstatta av ein utlånsautomat. Sidan toget eg skulle reise med ikkje er dimensjonert for den tida turen tek, med restaurantvogn, måtte eg innom den store matbutikken og kjøpe vegmat. Ekspeditøren var erstatta av ein automatisk kasse der eg sjølv måtte biipe varene.

Om bord på toget kjende eg at eg ville ha ein kopp te. Der møtte eg endeleg ei menneskeleg røyst; den hermetiske stemma til den stakkars kantinedama som sit inni automaten og slukar bankkort og spyttar dei ut igjen. «Velg ønsket produkt», «Vennligst vent for autorisering», seier ho; det er ikkje ein invitasjon til eit nytt vennskap.

Så fort det gjekk denne gongen. Ingen dikkedarar med bankkort på grunn av manglande mobildekning. Ingen godteposar som sette seg fast. Ingenting som krev ein tolmodig, stødig konduktør. Konduktøren, ja. Det kom faktisk ein smilande, menneskeleg utgåve av arten; ho kunne berre ha kika på billetten på smartelefonen min og gått vidare, men takk vere manglande mobildekning kom ikkje billetten opp, og vi fekk ein slags passiar før ho fortsette.

Framme i byen eg skulle til fann eg fram til sjukehuset der eg hadde ein time (ved hjelp av stifinnaren til Google maps på telefonen). På sjukehuset hadde dei endra sidan sist eg var der. At eg var kommen, skulle eg no seie ifrå om ved å trykke på skjermen til ein automat der resepsjonisten var putta inn i. Eg kunne velje å trykke på «få tilsendt sms» når det var min tur til å gå inn. «Få eit oppmuntrande nikk og eit smil frå resepsjonisten som seier namnet ditt» var ikkje eit val. Inne på kontoret sat ein verkeleg lege av kjøt og blod, med mimikk og stemme. Det var nesten så det røkte i meg då eg såg han og vart oppfordra til autentisk samtale. Det slepp eg sikkert neste gong. Då er nok konsultasjonen lagt til ein online nettlege.

Eg måtte overnatte i denne byen fordi legetimen var så seint på dagen og toga ikkje går i skytteltrafikk i min del av landet. På hotellet hadde eg akkurat blafra med nøkkelkortet framfor døra då det tikka inn ein e-post frå hotellkjeda. «Vil du sjekke ut online? Då er det berre å legge nøkkelkortet i postkassa i resepsjonen når du forlet hotellet.» Dei ville ha meg ut igjen før eg hadde komme meg inn.

Vel heime igjen skulle eg ringe Pasientreiser for å finne ut korleis eg skulle levere reiserekning. Mennesket i telefonen var erstatta av pålogging på nettet.

Eg får vel gå i banken ein av dagane for å høyre om pengane er komme inn. Nei, det var sant. Filialen min har flytta inn i datamaskina mi. Heile verda får jo plass der inne.

Heile denne turen vart ein einsam affære. Der eg før ville ha kunna veksla smil, vittige kommentarar, artige seiemåtar, fine ord og glade utrop som kunne ha løfta både min og dei andre sin dag, måtte eg no vere rask og effektiv – og umenneskeleg – med den einaste kontakten vi har igjen no – ein fingertupp mot ein skjerm.

Hadde det ikkje vore for den hyggelege medpassasjeren min på toget (han var sjølvsagt over 70 – han var frå den tida då folk lærte å kommunisere munnleg) som ville snakke med meg i staden for å stare ned i telefonen sin som dei andre folka i vogna, ville eg ikkje ha ført ein einaste samtale på heile turen.

Alle dei verkelege menneska eg for berre få år sidan ville ha møtt er no erstatta av maskinar. Eg er så glad eg er relativt ung og har ein familie heime som ville ringe til meg og høyre stemma mi.

Eg tenkjer på alle eldre, einslege som har måtta omstille seg til denne harde, kalde verda. Og eg tenkjer på alle unge som veks opp i dette samfunnet vårt, som ikkje lærer å flørte eingong, fordi dei aldri treng å møtest i røynda. Om få år vil det ikkje skje reproduksjon i verda, for ingen møtest på ordentleg.

Og eg tenkjer på kor det er blitt av alle desse viktige stillingane i samfunnet vårt som dei som ikkje er interessert i ein mastergrad, men som har sosial kompetanse, kanskje kunne ha fått.

Kven er det som har bede om denne utviklinga? Ikkje eg. Og ikkje alle dei som etter kvart kjem til å oppsøkje psykolog for å få oppleve menneskeleg kontakt. Den viktigaste innsparinga og effektiviseringa vi kan gjere no framover er å logge av automatane og logge på menneska igjen.

Mer fra: Debatt