Debatt

Kravet til statsborgarskap ligg høgt

Regjeringa foreslår strengere språkkrav til dei som vil oppnå norsk statsborgarskap.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi er på besøk i ein B1-klasse. Det er ei klasse for personar som skal lære norsk. På programmet står lyttarprøve. Slike prøvar utgjer ein del av B1-testen, som er foreslått som krav for å oppnå norsk statsborgarskap. Elevane skal kunne forstå og trekkje ut hovudpoeng frå ulike nyheiter, som denne: «Høsten 2017 gjennomførte rundt 120.000 elever nasjonale prøver i lesing, regning og engelsk på 8. trinn, og lesing og regning på 9. trinn. Det er i snitt ingen endringer i elevenes poeng i lesing, regning og engelsk på 8. trinn, og kun små endringer i prestasjonen fra 2016 til 2017 i de fleste fylkene og i de største kommunene». Teksten blir lese i ganske høgt tempo, med klår stemme og tydeleg distinksjon.

Mange av oss har erfart at det kan vere krevjande å få med seg innhaldet i nyheiter på eit anna språk enn vårt eige. Teksten ovanfor er relativ kompleks og også forvirrande. Kva skjedde til dømes med 9. trinnet som gjennomførte prøvene?

Eg undrar meg på kor lang tid det ville tatt meg å lære og forstå innhaldet i teksten, om han var lese på dari, tigrinja, persisk eller arabisk, og eg budde i eit av landa kor dei talar desse språka. Og kva med kunnskaps- og integreringsministaren, som hevder at alle som skal bli statsborgar må forstå denne typen tekstar?

Jan Tore Sanner er kan hende litt skarpare enn meg, men ville han klart det etter eit toårig introduksjonsprogram og 5–6 års opphald i eit av dei aktuelle landa? Kva om jobben hans dei nemnde åra har vore i ein sektor med mest berre innvandrarar, som snakkar engelsk eller sitt eige morsmål?

«Norsk språk er nøkkelen til integrering og arbeid i Norge, og da må vi stille krav. I mange jobber blir det stilt krav til B1, og da er det ikke urimelig å stille dette kravet», seier Sanner, med referanse til statsborgarskap (Aftenposten.no 28.8. 2019).

Har han rett? Handlar det å søkje ein jobb og å søkje om statsborgarskap om det same? Kva inneber statsborgarskap, og kva oppnår den einskilde og samfunnet ved at ein person blir sokalla naturalisert?

Norsk statsborgarskap er eit ettertrakta gode for søkjaren. Men også samfunnet har nytte av at innflyttarar med lovleg og permanent opphald, som har budd i landet nokre år, blir statsborgarar. Statsborgarskap bidrar til å fremje tilknyting og deltaking. Det er rett nok fleire sivile og økonomiske rettigheitar knytt til butid i landet enn til naturalisering, men retten til å stemme ved stortingsval har ein berre som borgar av landet. I tillegg til den politiske tydinga dette har, representerer deltaking ved stortingsval ein viktig symbolverdi; som teikn på likeverd og på fullverdig samfunnsmedlemskap.

Statsborgarskap formaliserar kontrakten mellom den einskilde og samfunnet, og markerer ein overgang til noko nytt. Det kan bidra til å skape tilknyting og identitet, og har soleis eit lojalitets- og tilhøyreaspekt. Slik fungerer statsborgarskap som eit integreringspolitisk verkemiddel. Nettopp dette var ei viktig grunngjeving for innføring av statsborgarseremonien i 2007.

At kjennskap til majoritetsspråket er viktig for å delta i samfunnet og gjere bruk av sine demokratiske rettar, er det lita tvil om. Men må ein meistre språket på B1-nivå for å gjere det? Kva konsekvensar vil det få å innføre B1 som eit krav til statsborgarskap? Korleis vil det arte seg for den einskilde og for samfunnet?

Eit døme på det fyrste fekk eg da eg kom i snakk med «Farida», ein av elevane i den nemnde klassa. Ho viser meg heimeleksa si, og eg seier eg synst ho er flink å skrive norsk. «Farida» smiler svakt og medgir ho er kanskje ikkje så verst når ho sit her, men straks ho skal opp til prøve, kjem angsten. Ho forsøkte seg på B1 for to år sida, utan hell. Enno har ho ikkje tatt mot til seg for å gå opp på ny.

Eg snakkar også med «Filmon», som eg har kjend sida han kom til landet hausten 2015. Ein glad og utåtvent kar, som fort gjorde seg forstått på norsk og skaffa seg deltidsjobb på nærbutikken. Han er her, fortel han, fordi han hadde uflaks da han gikk opp i B1-munnleg. Han kunne lite om emnet han fekk, og det var ikkje høve til å velje andre tema. No er planen å prøve seg på nytt, sjølv om det kostar han 990 kroner.

Både «Farida» og «Filmon» er døme på personar som deltar i samfunnet og er komen langt i daglegdags språkkompetanse, men som ikkje har klart B1-prøva.

Sosial integrering og språklæring heng nært saman, og er ein stegvis prosess. Ein lærer ikkje fyrst språket, og så blir integrert! Språkleg framsteg utgjer eit trinn i integreringa, som i neste omgang fremjer vidare språklæring. Det er denne typen gode sirklar regjeringa bør leggje til rette for.

Ein må skilje mellom språkkrav til statsborgarskap og til jobb. Å oppnå statsborgarskap er for mange ei stor og kjenslesterk hending; eit signal om at ein er akseptert og tatt opp i den nasjonale fellesskapen. Det kan i seg sjølv motivere for vidare språklæring og auke lysta til å bidra i samfunnet.

Reaksjonane på Sanner sitt språkkrav er tilnærma unisont negative frå lærarane som underviser i norsk som andrespråk, så vel som frå andre relevante faggrupper. Mange av lærarane sit med årelang erfaring frå nærkontakt med innlærarane, og veit kor umogeleg B1-kravet vil vere å oppfylle for ei ikkje ubetydeleg gruppe av dei.

Blir forslaget gjennomført vil det føre til ein skred av søknadar om unntak, og truleg også til ein del «sabotasje» frå dei som skal implementere ordninga. Læringskrav som undervisarane opplever urimelege vil verke demotiverande og bidra til å undergrave positivt engasjement.

Skal Noreg, kjend som eit nokså egalitært samfunn i «ei stor og stygg verd», ende opp med ein asyl- og innvandringspolitikk kor berre dei flinke får bli medlem av den nasjonale fellesskapen?

At kravet til statsborgarskap ligg så høgt at store grupper opplever det som uoppnåeleg, representerer ikkje berre eit problem for den einskilde søkjaren, men også for samfunnet.

Det heng dårleg saman at ministaren som skal fremje integrering vil innføre eit krav som etter alle solemerke vil motverke integrering.

Mer fra: Debatt