Debatt

Kontraproduktivt

Nokre forstår ikkje korleis det er å stå fortvila aleine i eit klasserom. «Systemet» har ansvar for å gje læraren hjelp – ikkje bebreidelsar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Jan Jørgen Skartveit skriv i Dagsavisen Nye meninger 05.05.19 om lærarar sine tøffe møte med elevar som utfører valdelege handlingar i skulen.

Eg vil gje støtte til det eg oppfattar som hovudbodskapen: det uakseptable i at lærarar aleine får skulda for og ansvaret for det som ikkje fungerer. Problemet er at Skartveit samtidig strør rundt seg med kritiske påstandar og til dels faktafeil som ikkje er dokumenterte eller underbygde, knytt til heile fagfelt og yrkesgrupper. Eg har 20 års fartstid som både kontaktlærar, faglærar og spesialpedagog skulen (og ja, eg har opplevd elevar som utøver vald), eg har undervist på grunnskulelærarutdanninga og tek no doktorgrad i spesialpedagogikk. Eg tør påstå at eg kjenner både lærarkvardagen og faga pedagogikk og spesialpedagogikk.

Eg kjenner fleire gode møte mellom lærarar, spesialpedagogar og skuleleiarar. Samtidig finnes det for mange dårlege, og eg trur på Skartveit sine opplevingar.

Eg er oppriktig lei meg for at slike finnes, det skal ikkje vere slik. Nokre forstår ikkje korleis det er å stå fortvila aleine i eit klasserom. «Systemet» har ansvar for å gje læraren hjelp – ikkje bebreidelsar. Eg føreles av og til om relasjonar mellom elev og lærar, men ville aldri kome på å hevde at gode slike løyser alle problem. Verken fagfeltet pedagogikk eller spesialpedagogikk gjev dekning for å hevde det. At det er vanskeleg å få til endring utan at dei gode relasjonane kjem i tillegg – i alle fall etter kvart – er ei anna sak.

Skartveit: Du har eit poeng som eg fleste spesialpedagogar (ikkje dei du har møtt, sjølvsagt…) vil støtte deg i. Samtidig ropar du så høgt at vi nesten ikkje høyrer kva du seier. Du er like urimeleg mot mitt fagfelt og min profesjon som nokre er mot lærarane. Eg blir gjerne med og slost for at læraren – og dermed eleven – skal få hjelp i mykje større grad enn no. Du er svært negativ til spesialpedagogane, og meiner profesjonen og fagfeltet «insisterer på» mykje som eg reagerer sterkt på. Likevel vil du ha fleire av oss i skulen. Det seier meg at du kanskje har litt trua på oss likevel. Men vil du ha oss inn i dialog og kamp for felles sak er det ganske kontraproduktivt å skubbe oss og fagfeltet ut i kulden med stråmenn.

Mer fra: Debatt