Debatt

Gje oss «Lovleg»!

Å finne noko meir treffande enn dette skal NRK leite lenge etter.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det vart med to sesongar av TV-serien «Lovleg» og hybellivet rundt Firda vidaregåande skule. NRK har sagt at dei ikkje kjem til å bli ein sesong tre. Det burde dei ha teke seg råd til.

«Lovleg»-serien var svaret på minst tre krav som finst i NRK-plakaten: den handla om ungdom, den handla om livet på bygda og den vart berre formidla på nynorsk og dialekt. Slik sett var den perfekt. Når det no ikkje blir fleire episodar, skuldast det fallande sjåartal. Berre halvparten så mange følgde med på sesong to. I snitt hadde var det nesten 70 000 som såg kvar episode i sesong 2. NRK har rett nok mange program som har lågare sjåartal, men som likevel får halde fram. Problemet for «Lovleg» var at det fanst interne mål, og dei måla greidde ikkje serien å nå.

Var desse måla realistiske? Både i form og innhald likna serien på suksessen «Skam». Den var også synleg i sosiale medium, med små drypp, videoklypp og stadige oppdateringar frå karakterane i serien. Så om NRK trudde ein skulle kome i nærleiken av «Skam» også i sjåartal, så er det lett å forstå at dei vart skuffa.

«Skam» var eit fenomen. Det var noko heilt nytt, merksemda var enorm og serien fekk uendeleg med gratisreklame. Det kunne «Lovleg» aldri rekne med å få.Serien har derimot vore utruleg viktig frå eit nynorskperspektiv. Nynorsk er synleg både for dei eldste og dei yngste, men det er lengre mellom nynorskprogramma for unge. Skrift er også viktig for serien, med oppdateringar på nynorsk. Til saman syner dette fram nynorsk som eit levande språk, som også var grunngjevinga då Noregs Mållag nyleg gav Målprisen til serieskaparane.

Sjåartal kan ikkje alltid vera avgjerande. Stundom bør ein også vera nøgde med litt færre sjåarar, særleg når serien på alle andre måtar har såpass høg kvalitet. Det skal bli spennande å sjå kva nynorskprogram NRK no har tenkt å lage for ungdomar. Å finne noko meir treffande enn dette skal dei leite lenge etter.

Det enklaste er nok å lage ein sesong til.

Mer fra: Debatt