Debatt

Må våge på drosjefeltet

Dagsavisen skreiv på leiarplass tysdag 16.04 at regjeringa endrar drosjeregelverket som eit ideologisk eksperiment og ikkje lyttar til drosjenæringa. Det er ikkje korrekt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi endrar drosjeregelverket fordi det er nødvendig. Konkurransen i drosjemarknaden fungerer for dårleg i dag. Tal frå SSB viser at omsetninga i drosjenæringa har gått ned og at drosjene kjører færre kilometer med passasjerar. Da blir det dyrare å ta drosje. Det kjem verken drosjesjåførane eller kundane til gode.

Vi må difor våge å tenke nytt. Dagens reguleringar stammar frå ein gamal tid, da transportbehovet og kollektivbilete så heilt annleis ut. Vi har vore opptatt av å legge til rette for dei behova som allereie er her i dag, men òg dei som kjem. Folk flest brukar mobilen og ny teknologi som ein integrert del av kvardagen. Tilgjengelegheit til drosjer, og andre tenester, der forbrukaren er til ein kvar tid har blitt ein vane. Når marknaden i større grad kan styre behovet, kan vi sjå eit meir differensiert tilbod. Det vil vere flest drosjer på vegane når det er kundar som treng drosje.

Det skal vere mogleg å drive med drosje på heiltid, sjåførane skal tene pengar og føle seg trygge på jobb. Difor blir det strengare krav til sjåførane, samtidig som vi vidarefører krava for bilane som skal nyttast. Ein kan ikkje bare sette seg i ein bil og starte å køyre drosje. Ein må registrere bilen i motorvognregisteret, bilen må gjennom årlege EU-kontrollar, ha godkjend betalingsinnretning for å hindre juks, samtidig som det er krav til kompetanse og vandelkrav til både løyvehavar og sjåfør. Vi sikrar konkurranse gjennom lågare etableringshindre, men folk og andre sjåførar skal vere trygge på at ikkje kven som helst kan køyre drosje.

I arbeidet har vi òg sett til andre land. Oslo Economics har laga ein rapport som viser at med ny teknologi kan det virke som fleire og fleire nyttar moglegheita til å endre drosjeregelverket. Vi har eit gyllent høve til å kome endringane i forkjøpet.

Vi lytta til bransjen og utsette tidspunktet for innføringa av endringane. Etter høyringsinnspela auka vi òg lengda på einerettane som kan tildelast i distrikta frå tre til fem år. Eg har stor tro på drosjeselskapa, løyvehavarane og sjåførane. Mange av dei er omstillingsdyktige, klare for konkurranse og leverer gode tenester. Da vil folk velje dei òg i framtida. Tida var moden for endring.

Mer fra: Debatt