I strid med FN-vedtak hevdar Israel ein «rett» til å ha «forsvarbare [defendable] grenser». Det betyr rett til å okkupere nytt land. Ein norsk utanriksminister sa for nokre år sia ja til dette. Han erklærte at «Norge aktivt støtter Israels rett til å leve i fred og sikkerhet innenfor forsvarbare [defendable] grenser.»
Jonas Gahr Støre (Ap) hadde nettopp vorti utanriksminister da han med desse orda sa ja til israelsk okkupasjon av palestinsk land. Eg oppfordrar dei mange Palestina-venene på Ap-landsmøtet til å spørje partileiar Gahr Støre om han framleis har dette synet.