Debatt

Norsk som kjøkkenspråk

Norsk kan vi ta vare på i daglegspråket, seier du?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Norsk kan vi heller ta vare på i daglegspråket, seier professor Torill Lindstrøm i ein artikkel publisert i Universitetsavisa. Korleis vi skal skilje mellom dagleg- og ikkje-daglegspråk, forklarar ho ikkje. Er daglegspråk det vi brukar på jobb? I media? Brukar vi daglegspråket når vi fortel vidare kva vi har lært, men ikkje når vi underviser på universitet og høgskular?

For mange som undervisarar i høgre utdanning, meg sjølv inkludert, er det nettopp daglegspråket som gjer det mogeleg å formidle fag på ein forståeleg måte til studentane. Det er også gjennom daglegspråket eg håpar dei tar med seg kunnskapen vidare inn i yrkeslivet. Viss vi fjernar norsk som forskings- og undervisningsspråk, misser vi omgrep som gjer kunnskapen nyttig for ålmenta. Resultatet kan bli at vi må byte til engelsk når vi skal seie noko om faget vårt.

Professor Lindstrøm snakkar om engelsk som eit akademisk lingua franca. Ho seier at det er avgjerande at vi formidlar kunnskap på eit språk som alle kan forstå, utan å peike på at det sjølvsagt er veldig mange som ikkje kan lese og fullt ut forstå akademisk engelsk.

Forskinga i Noreg er i stor grad offentleg finansiert, og ho skal da sjølvsagt kunne lesast av den norske offentlegheita. Professoren trekk fram tilgang som eit argument for at engelsk skal vere publikasjonsspråk ved norske utdanningsinstitusjonar. «Tenk for eksempel på kjempegod forsking frå Kina som blir publisert på engelsk», seier ho «– tenk om du måtte lære deg kinesisk for å kunne lese og få tilgang til dette!» Professoren veit, som oss andre, at forfattarskapa til Elena Ferrante og Haruki Murakami er tilgjengelege for eit breitt publikum som verken kan lese italiensk eller japansk av reint omsetjingsmessige årsaker. Forsking kan også omsetjast.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø har tidlegare bedt forskings- og utdanningsinstitusjonane om å trappe opp innsatsen for å bevare norsk språk, utan å kome med konkrete tilbod eller tiltak. Samstundes oppfordrar ho til å auke bruken av engelsk som undervisningsspråk på universiteta i eit brev om internasjonal studentmobilitet publisert på Regjeringen.no.

Viss undervisning og forsking i aukande grad skal finne stad på engelsk, vil det svekkje stillinga og statusen til norsk språk drastisk i samfunnet elles. Det vil òg skape eit unødig skilje mellom akademia og resten av samfunnet. Vellykka akademisk skriving på eit andrespråk føreset dessutan eit godt fundament i morsmålet. Resultatet kan bli ei framtid der folk skriv dårlegare både på norsk og engelsk.

Forkjemparane for utbreitt bruk av engelsk argumenterer med at norsk er eit lite språk, og det er det kanskje, samanlikna med engelsk. Eit styrkt fokus på skandinavisk framfor norsk aukar det potensielle publikummet frå fem millionar til over 20 millionar menneske. Det er her vi bør satse viss vi skal beskytte norsken mot domenetap til engelsk.

Politikarane, med minister Iselin Nybø i spissen, bør leggje til rette for ein interskandinavisk forskingsmarknad. Dei bør auke mobiliteten til skandinavisktalande forskarar og lærarar og gje forskarar frå offentleg finansierte institusjonar påskjøningsordningar og ein viss publikasjonsplikt på norsk, dansk eller svensk.

Så lenge den norske offentlegheita finansierer forsking gjennom skattepengar, er det avgjerande at akademia formidlar kunnskap på eit språk som alle kan forstå. For fleirtalet av nordmenn er dette språket skandinavisk, ikkje engelsk.

Mer fra: Debatt