Debatt

Den første milliarden

Boligutleigar Ivar Erik Tollefsen er i vinden. Han som er nummer 20 på rikinglista i Kapital, får mediekritikk for å ha kjøpt leigegårdar på tvilsamt vis. Da er det kanskje tid for å sjå litt på den beskjedne starten.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Som ung mann starta han med diskotek og gjekk med Aftenposten. Tidleg opp om morran. Mange ruter. Leigde inn andre til å vere med. «Alt gikk til firmaet», sa Tollefsen og fortalde Kapital om partnaren: «Han bidro med 5.500 kroner, men fikk bare 4.000 kroner utbetalt for dobbelt stilling.»

Disko-firmaet Tollefsen Entreprises AS ekspanderte raskt. Kapital og dagspresse skreiv på 1980-talet om ein askeladd i norsk næringsliv: «Ivar Tollefsen sverger på at han skal doble overskuddet, men drømmer om langt mer enn 20 millioner kroner.» Resultatet neste år vart 5,7 millionar – i underskot. Oslo skifterett overtok. Bustyret sleit med ein innfløkt ryddejobb. Kreditorane tok tapet.

Neste konkurs vart større. Bustyret etter Vest Invest AS kravde 10,7 millonar frå Tollefsen og meinte dei juridisk sett hadde ei sikker sak. Men i sluttrapporten til Sandnes skifterett skreiv dei at Tollefsen hevda han hadde «manglende betalingsevne.» I sluttrapporten i 1995 tok bustyret derfor til takke med 100.000 kroner. Småaksjonærar og kreditorar tok tapet.

I dei åra bustyret var i arbeid, hadde Tollefsen likevel investert 5,7 millionar og bokført bokinntekter på 1,8 millionar. «Manglende betalingsevne» var ikkje eit hinder.

Kortversjon: Fram til midten av 90-talet gjekk bissnissmann Tollefsen frå konkurs til konkurs og utan å gjere opp for seg. Sjølv såg han det ikkje slik. I 2008 oppsummerte han i Dagbladet: «På hele 90-tallet gjorde jeg ikke annet enn å dra på tur, klatre i fjell og gå på ski.»

Finansmannen Jan Petter Collier fekk i 2001 eit tilbod han ikkje kunne seie nei til: Kjøp 1744 små leiligheter og betal 715 millionar kroner. Collier tok med Tollefsen som partnar. Tilbodet kom frå Høgre-byrådet i Oslo.

Tollefsen, som framleis ikkje var rik, vart med. Han lånte kjøpesummen og litt til og kjøpte ut Collier. I 2007 skreiv han sjølv at kjøpsprosessen var fullført «med en gevinst på kr 1.458.878.890.» (Årsberetning 2007 frå styret i Fredensborg Boligutleie AS.) Nær 1,5 milliardar er meir enn det dobbelte av det han betalte. Dyktige juristar gjorde gevinsten skattefri.

Tollefsen burde takke dei 33 i Oslo bystyre som hjalp til. Han hadde ikkje tent den første milliarden utan politikarhjelp frå Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Mer fra: Debatt