Debatt

EU vil aldri kunne vere eit alternativ til NATO

Avviklinga av det nasjonale forsvaret må stansast.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

NATO har sidan 1949 vore grunnlaget for Noreg, og også i USA sin tryggingspolitikk. NATO er truleg den mest suksessfulle forsvarsalliansen i historia. Ein allianse av samarbeidande statar som sikrar nasjonalstatane sjølvstende og sjølvråderett. EU er det motsette. EU er ein overnasjonal union som undergrev nasjonalstatane sitt sjølvstende. Der medlemskap i NATO gjev Noreg høve til å styre Noreg etter norske borgarar sine ynskje og makt, vil eit medlemskap i EU gjere det stikk motsette – tvinge Noreg sine folkevalde til å styre meir etter EU sine reglar. EU vil aldri kunne vere eit alternativ til NATO.

Høgre har aldri slått seg til ro med at det norske folk har sagt nei til EU – to gonger. Seinast i 2009 sa Erna Solberg at å gjere Noreg til medlem av EU var viktigare for henne enn å vere i regjering. Så seint som i 2015 gjorde Høgre sin stortingsrepresentant i Utanriks- og forsvarskomiteen, Øyvind Halleraker, det klårt at Høgre framleis ynskte å bytte ut den norske krona og innføre Euro i Noreg. No ynskjer leiande krefter i Høgre å så tvil om NATO og bruke det som ei brekkstong for norsk innlemming i EU. I Dagsavisen fredag 20. juli peiker Høgre sin stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde på at politiske endringar i USA gjer det naudsynt å reise ny EU-debatt i Noreg. Nordby Lunde uttaler mellom anna at «I 2016 stemte britane for å melde landet ut av EU. Det rysta EU, og er enda ein grunn til at Norge bør gå inn».

Høgre har i regjering teke store grep for å avvikle det nasjonale forsvaret i Noreg. Mellom anna har ein redusert Heimevernet med 5000 soldatar og avvikla Sjøheimevernet i sin heilskap. Sist Høgre sat i regjering vart det kutta 33000 heimevernssoldatar. Samstundes kjempar Høgre no for ei reell nedlegging av 2. bataljon på Skjold. Dette gjer at Hæren vert redusert med om lag 1000 soldatar. Vidare vil dei leggje ned den godt utbygde og innarbeida Andøya flystasjon. Forsvarssjefen åtvara allereie i 2015 mot utviklinga. I sitt fagmilitære råd skreiv han at «Risikoen knyttet til reduksjoner i vår landmilitære evne kan derfor i liten grad kompenseres av NATO, med mindre det stasjoneres styrker på norsk jord til daglig».

Det forsvarssjefen åtvara mot, ser vi nå skjer. Når Høgre og Frp avviklar vårt nasjonale forsvar, gjer me oss meir avhengige av andre lands forsvar. Samstundes som Hæren mister om lag 1000 soldatar, prøver ein å erstatte desse med utanlandske. Først gjennomfører Høgre ei reform av Forsvaret som gjer oss meir avhengig av andre land enn nokon gong sidan 2. verdskrig. Dette er følgjene av manglane i landmakta påpeikar tidlegare forsvarssjef Harald Sunde. Så gjer Høgre det kunststykket å så tvil om vi no kan stole på tryggleiken frå våre allierte i NATO. Vidare aukar dei konfliktnivået mot Russland, der me tradisjonelt har hatt ein god balansegang som grensestat. Med dette som bakgrunn nyttar Høgre eiga avvikling av vårt nasjonale forsvar, og auka konfliktnivå med Russland som argument for å sikre deira evige draum om norsk EU-medlemskap. Større undergraving av norske interesser har neppe skjedd i nyare tid.

EU-tilhengarane i Noreg har allereie sytt for å avvikle vår nasjonale grensekontroll, gjennom Noreg si innlemming i Schengen-avtalen. Dette gjer at Noreg nå ikkje veit kven som er innanfor våre grenser. Til og med ein samla Utanriks- og forsvars komité har peika på at denne situasjonen utgjer ein sikkerheitsrisiko for Noreg. Mellom anna for å bøte på ein situasjon der kriminaliteten flyttar seg over landegrensene i «lysets hastighet» (for å låne Høgres sin eigen stortingsrepresentant Hårek Elvenes sine ord), har regjeringa innført ei sterkt sentraliserande og byråkratiskapande politireform som har ført til kaos i Politiet. I følgje NRK fortel tillitsvalde i 11 av 12 politidistrikt om kriseliknande tilstandar i Politiet. På toppen av dette svekkar Høgre staten sin autoritet i grensefylket Finnmark, ved å køyre over innbyggjarane sine klåre demokratiske ynskje om å halda fram som eige fylke.

Høgre si førebuing til ny EU-debatt viser i det minste at neste val blir ein korsveg for Noreg. Ynskjer vi å halde fram med ein politikk som avviklar meir og meir av vårt folkestyre og vår nasjonale sjølvstende? Eller vil vi rette opp att fungerande statlege styringsfunksjonar innanfor rammene av den norske nasjonalstaten?

Høgre hevda før valet i 2017 at dei trudde på Noreg. Nå tek dei avgjerande steg for å undergrave det norske folkestyret, og viser at dei har større tru på byråkratane i EU enn det norske folk.

Senterpartiet er tydelege. Eit sterkt norsk folkestyre krev ein fungerande nasjonalstat. Vi seier nei til EU. Vi seier nei til å svekke det norske folk si suverene rett til å styre utviklinga av Noreg.

Mer fra: Debatt