Med interesse las eg kommentaren til Hans Bårdsgård «Vi som ser rundt svingen» 3. april.
(http://www.nationen.no/kommentar/vi-som-ser-rundt-svingen/)
Dramaturgien gjennom historiske døme om menneskeleg kulturutvikling gjennom vitskap gav von om noko anna enn den logiske kollapsen han enda opp med. Han har rett i at «nysgjerrighet og undring» er ei av dei viktigaste drivkreftene i samfunnet. Tråden i artikkelen er trekt gjennom historia fram til idag med døme på vitskaplege gjennombrot som har ført med seg gode reformer. God vitskap gjer det, men det er berre historia som kan fortelje oss kva vitskaplege gjennombrot som vil stå seg over tid. Dei historiske kjeldene manglar dokumentasjon på vitskap som har gått gale. Mykje har gått gale, for kreativiteten kan i somme tilfelle ha ei retning som ikkje var tilsikta.
Bestemor mi var ei hardtjobbande kvinne som åleine hadde ansvar for å oppdra 6 born, inkludert to tvillingpar, samstundes som ho tok seg av den vetle garden. Bestefar var på fiske. I overgongsalderen fekk ho ein medisin som resulterte i hjerneskade, og ho var pleietrengande til ho døydde 30 år seinare. Ei jamnaldrande kvinne frå naboøya fekk tilsvarande kur og døyde av den. Ikkje overraskande er desse vitskapsutvikla medisinen ikkje lengre på marknaden. Innleiar eg min artikkel på denne måten for å vise at vitskapen ofte trør feil er eg uærleg. Historia er både sterk og sann, men er berre ei av mange, og er ikkje egna til å avvise vitskap i seg sjølv. Den menneskelege hjernen har ei underleg utforming som får oss til å søke konfirmering av trua: «Vi veier ikke bevis opp mot hverandre, men jakter bevis for det vi allerede har bestemt oss for å tro på.» Artikkelen til Bårdgård er eit godt prov på at det er akkurat det han og gjer.
Bestemor ville nok fått ei anna alderdom om ho tok medisinane me har i dag. Vitskapen har forbetra seg. Målet med medisin er at dei virkar der dei skal, og har akseptable biverknadar, eller «trygt» som Bårdsgård ordlegg seg. Det er nett her han forlet vitskapen og byrjar ei rettferdiggjering av produkta han har plukka ut som det nye frøet, og den nye plogen. Kjemiindustrien representert med Glyfosat, GMO, skogshogst og ikkje økologisk jordbruk. Me som enno ikkje har akseptert at dette er framtida er truleg antivitskapleg. At dette er metodar og produkt som me og finn i historia dei multinasjonale agrokonserna fortel, kan vere tilfeldig. Eg saknar jodbruksroboten Thorvald i denne rekkja av jordbruksrevolusjonar. Den kan bli nyttigare enn plogen på 900 talet, spesielt for det økologiske jordbruket. Der Thorvald brukar laser, brukar bonden Glyfosat så desse to passar ikkje inn i det same bildet. Eg vil og leggje til at GMO anno 2018 er ei så mangslungen gruppe at det er umogleg å diskutere alt i ein sekk.
«Vitenskapens vesen er også å rive ned egne sannheter.» skriv han, men i artikkelen brukar Bårdsgård den til å bygge opp om sine sanningar. Den vegen virkar ikkje vitskapen. Hypoteser blir heile tida forkasta, men dei hypotesane som ikkje er forkasta er kanskje ikkje ferdig undersøkt? Nok vitskaplege artiklar har vist oss er at me aldri er trygge. DDT er ein grelt døme på introduserte kjemikaliar i ei tid er «trygt», men likevel visar seg skadelege. Andre har eit akseptabel reaksjonsmønster der dei positive effektane blir vurdert å vere større enn dei skadelege.
I kva grad økologisk jordbruk er tufta på «metafysisk tankespinn om "helhet"» får Bårdsgård gjere greie for, men i økologisk vitskap er det nett den komplekse heilheita som er tema. Reduksjon i artsmangfald og bestandar av ville dyr, er ein av vår tids største truslar. Når vitskapen peikar på kompliserte årsakssamanhengar er det denne heilheta som fleire burde leggje mest vekt på. Fuglar og maten deira, innsektene, blir færre og færre. Her er det og komplekse årsakssamanhengar, men at menneskeleg aktivitet er ein viktig årsak er neppe ei hypotese som blir forkasta med det første. Økologi er kanskje den tøffaste kontraintuitive påkjenninga menneskehjernen kan få. Det kan sjølvsagt vere lettare å ende opp i metafysikk om det er tilfellet.
Glyfosfat, GMO, skogshogst og ikkje økologisk jordbruk har gode vitskaplege svar, men framleis er det lov å undre seg på om me har stilt dei rette spørsmåla.