Det er optimalt for ein by å samle alle kontora på ein stad. Dette er måten å «finansiere velferdstaten» i framtida. Det er bodskapen i eit innlegg frå Bernt Sverre Mehammer, marknadssjef for by og samfunn i Multiconsult (24.10). Han/dei meiner at framlegget til ny reguleringsplanen for Skøyen ikkje går langt nok. Han vil ha ut oss som berre bur her.
Mange har flytta hit etter ei storstilt bustadbygging på Sjølyst og på den gamle busstomta, der mellom andre Multiconsult har kontora sine. Denne miksen av kontor og bustader gjer Skøyen til eit levande område, og ein liknande tanke ligg bak utviklinga av t.d. Bjørvika. Det Mehammer vil vekk i frå er det reguleringsplanen kallar «24-timers byen». Området skal ikkje vere dødt etter arbeidstid.
Men Mehammer kan eigentleg berre sitje roleg i båten. Reguleringsplanen kan kome til å opne opp for ein veldig auke i bygningsmassen, inkludert 305.000 m2 kontorareal. Det er om lag like mykje som One World Trade Center på Manhatten. Og du skal leite lenge etter tiltak som gjer det betre å bu her. Det kjem til å bli ein akutt mangel på skule- og barnehageplassar, idrettsanlegg og kulturtilbod. Og om graset skal vekse på dei stusslege grøne flekkane dei har funne rom til, så må det vere ein grastype som ikkje treng mykje sol. Ikkje ei einaste gate skal bli stengt.
Skøyen har vore i kontinuerleg endring dei siste hundre og femti åra, og me som bur forstår at det kjem nye endringar. Men det må vere råd å ta omsyn til oss som bur her, og skal flytte hit i framtida. Og då er ikkje det å byggje endå meir kontor vegen å gå.
Sjå til Aker Brygge. Ein herleg miks av alt eit levande byområde kan ynskje seg. Og eg sit med eit bestemt inntrykk at det arbeider nokolunde fornuftige folk der, som arbeider med nokolunde samfunnsutviklande ting. Ein treng ikkje arbeide i ein kontor-ørken for å drive med verdiskaping.