Debatt

Propagandatur for TiSA-avtalen til Geneve?

Ein delegasjon frå LO, Unio og YS på nærare 20 stk var nyleg i Geneve og fekk «skolering» om TiSA-avtalen av ein liberaliseringsentusiastisk WTO-direktør.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dette kan vi lese ut av eit oppslag i FriFagbevegelse (http://frifagbevegelse.no/loaktuelt/forsker-skal-gi-tisarad-til-lo-6.158.446485.df17e1c7ba)

Der ser vi at ein av deltakarane i delegasjonen, «forsker Åsmund Arup Seip ved Fafo skal hjelpe LO i den kronglete TISA-debatten. Han har fått i oppgave å utrede spørsmålet og gi en dose innsikt slik at delegatene på LO-kongressen eventuelt kan ta stilling til et spørsmål som opplagt vekker intens debatt og stor uenighet i LO-familien».

Det er urovekkande i den samanheng at Arup Seip så tydeleg alt ser ut til å ha konkludert med at TiSA er ein bra avtale. Dette skin tydeleg igjennom når han alt no kan få seg til å seie at «Jeg synes det er grunn til å være litt beroliget i forhold til hva de mest kritiske røster hevder i den hjemlige debatten. Jeg tror ikke vi har så mye å frykte fra TISA som det kanskje kan virke som».
I artikkelen får vi vite at «Delegasjonen møtte blant annet WTO-toppen Hamid Mamdouh, som leder avdelingen for tjenester og har vært en del av WTO-systemet helt siden 1995. Seip ble til en stor grad beroliget etter å hørt ham redegjøre for prosessen».

Det er ingen grunn til å bli «beroliget» av å lese at Fafo-forskaren så ukritisk ser ut til å svelje argumentasjonen til Hamid Mamdouh.. Mamdouh er nemleg ein svoren liberaliseringstilhengar, noko litt «googling på nettet» av denne karen fort gir inntrykk av. For eks framstiller han det som ein ukritisk god ting at landa i WTO skulle forplikte seg til å gi utanlandske konsern den same behandlinga som nasjonale bedrifter: «A full national-treatment commitment under Article XVII requires a member to treat foreign and national services and service suppliers equally». Det er nettopp dette som leiarar både i verftsnæringa, og i Byggenæringens landsforbund, har klaga over gir ein "urettferdig konkurranse" frå utlandet som er øydeleggande for norsk næringsliv... I ein debatt frå 2010 er Mamdouh også tydeleg stolt av at WTO (GATS) er den første multilaterale avtalen som etablerer regler for «progressiv» liberalisering av handel med tenester (« The GATS is the first multilateral agreement to establish rules for the progressive liberalization of services trade»).  Mamdouh framstiller "problemet" som det at fleire land i WTO ikkje lenger ville forhandle om denne liberaliseringa. Han kan tydelegvis ikkje innsjå at desse landa har sine gode grunnar til å sette forten ned for vidare liberalisering, som vil vere øydeleggande for slike land si eiga næringsutvikling. Her i landet kan ein TiSA-avtale gjere det endå vanskelegare å ta vare på gode industrielle miljø - som "den maritime klynga" rundt verftsnæringa på Sunnmøre.

Denne Geneve-turen altså gir inntrykk av å vere ein offensiv for å snu den forståeleg kritiske haldninga til TiSA i fagbevegelsen. Og det skal bli ytterst interessant å sjå om rapporten som kjem frå Fafo-forskaren også vil innehalde kritikk av avtalen, ikkje berre bagatellisering av konsekvensane. Så langt har tilhengarane av avtalen konsekvent snakka kun om fordelane av TiSA for norsk eksportnæring. Dette trass i at eit overveldande fleirtal av norske arbeidsplassar IKKJE er å finne i internasjonalt konkurranseutsette bedrifter. Det er på tide at vi får analysert konsekvensane TiSA vil få også for dei bedriftene som arbeider på innanlandsmarknaden her i landet.

Det er i denne samanheng verdt å nemne at då det frå NHO si side vart bestilt ein konsekvensanalyse for TiSA-avtalen, så skjedde det UTEN at analysefirmaet skulle vurdere effekten også av den auka konkurransen FRÅ utlandet! Menon Economics skriv i introen til rapporten dei kom med at " Denne rapporten fokuserer i all hovedsak på å beskrive den norske tjenesteeksporten og hvilke muligheter som skapes gjennom reduserte hindre for tjenestehandel".  Dette er i grunnen heilt fantastisk, ettersom kritikken mot TiSA går på "alt anna" enn det den vil ha å seie for norsk tenesteeksport!

Det må gå an - om det ikkje er å forvente frå NHO si side, så i alle fall frå LO-hald - å innsjå at ein viss grad av konkurranseutsetting kan virke stimulerande, men at ein hemningslaus rå konkurranse frå utlandet, faktisk kan vere øydeleggande for store deler av næringslivet.

TiSA er til for dei store utanlandske bedriftene - dei norske i utlandet, ja, men også dei utanlandske inn på den norske marknaden....

Mer fra: Debatt