Debatt

Ikkje apartheid?

«Israel er ikke en «apartheidstat»» var tittelen på Dan Poraz sitt innlegg 16. mars. Det er som førstesekretær ved den israelske ambassaden han hevdar det.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Poraz framhevar at enkelte israelarar med arabisk etnisitet har høge stillingar i det israelske samfunnet. Sanninga er at dei er sterkt underrepresenterte i slike stillingar. Det har samanheng med at skular for elevar med arabisk som morsmål gjennom landets historie har fått langt mindre ressursar enn jødiske skular. Dette held den arabiske minoriteten nede i utdanning og innflytelse.

Når ein vurderer Israels behandling av palestinarane i forhold til apartheid, kan ein ikkje berre sjå på det som skjer innan Israels legale grenser. Ein må sjå på heile Israels maktsfære. I annekterte Aust-Jerusalem har palestinarane ikkje borgarstatus i sitt eige land, berre eit skjørt opphaldsløyve dei lever i frykt for å miste, og som mange mistar. Det skjer ei stille etnisk reinsing.

På okkuperte Vestbreidda, der Israel koloniserer stadig meir palestinsk land, går summariske straffesaker mot palestinarar for militær domstol, mens straffesaker mot israelske kolonistar går i det sivile rettssystemet med rettsvern for den tiltalte. Mange palestinarar blir også haldne fengsla utan dom eller tiltale. Tortur og grov trakassering av pågripne palestinarar er utbreidd. Seksuell trakassering av fangar skjer ofte, også av mindreårige; barn blir øydelagde. Og på Vestbreidda må ein palestinar greie seg med ein brøkdel av det vatnet ein israelar der bruker. For å nemne noko.

Dan Poraz bruker Nelson Mandela som vitne på at Israel ikkje fører apartheidpolitikk. Men han nemner ikkje at den sør-afrikanske fredsprisvinnaren Desmond Tutu med kraft hevdar det motsette. Vidare meiner Poraz at å omtala Israel som apartheidstat er det same som å nekte for Israels rett til å eksistere. Det er det ikkje. Israel har sin fulle rett til å eksistere som nasjon, men ingen rett til si triste framferd mot palestinarane.

Mer fra: Debatt