Debatt

Dei små mistaka endrar ikkje hovudpoenga

Fløgstads påstandar er verken mogleg å avkrefte eller stadfeste, skriv Nikolai Brandal, Nina Witoszeks redaktør.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

LES OGSÅ: Kaller Bernt Hagtvet for "tankepoliti"

Som Nina Witoszek sjølv har forklart, vart arbeidet med artikkelen vanskeleg då ho på det tidspunktet fekk krevjande behandling for livstruande skadar i Frankrike. Dette førte til at arbeidet var forseinka, og at kommunikasjonen ikkje vart heilt god. I samband med omsetjing frå engelsk til norsk og godkjenning av språkvask hende det difor ein feil, der artikkelen som hamna i boka var ei uferdig utgåve. Tidspresset gjorde at dette ikkje vart fanga opp, då Witoszek ikkje fekk moglegheit til å godkjenne den siste versjonen. Dette er eit hendeleg uhell, sjølv om det sjølvsagt ikkje skal skje, og vil verte retta opp dersom boka kjem i ny utgåve. Ulikt det Fløgstad og Dybdal ser ut til å tru, endrar samstundes ikkje desse trass alt heller små mistaka på verken hovudpoenga eller innhaldet i artikkelen reint ålment. Skillet mellom «68»-arane i aust- og vesteuropa, særleg i synet på det liberale demokratiet og politisk vald, er påfallande og kontrasten mellom dei to er difor viktig for å forstå begge desse to rørslene.

Når det gjeld Fløgstad sine påstandar om NEST og historieskrivinga så er dette sjølvsagt interessante problemstillingar, som det går ann å diskutere. Til sjuande og sist er samstundes dette empiriske spørsmål, som Fløgstad difor må kunne dokumentere.

Både i boka si og i intervju i pressa har han til no berre kome med påstandar, som det verken er mogleg å avkrefte eller stadfeste, og som det difor er umogleg å diskutere. Dersom NEST har denne makta (vi har berre halde på sidan 2009, så vi kan ikkje ha ansvar for noko som hende før dette), så må han syne at vi har brukt ho til å hindre nokon i å kome til orde, få stillingar osb. Om han hadde undersøkt, hadde han då funne at blant dei som medverkar i nettverket er det alt frå aktive medlemmar i Rødt og manifest.no til dei som medverkar i Civita, og at medlemmane så langt frå er samde om så veldig mykje. Han kan t.d. lese NEST-medlemmen Ola Innset si bokmelding av «Intellektuelle og det totalitære», der han vil finne perspektiv som er temmeleg nær hans eigne. Det har ikkje hindra at Innset har publisert i NEST si bokserie, og idag er PhD-student.

Når det gjeld kven som er nærast forskingsfronten, så har mellom anna ein av Noregs fremste ekspertar på Holocaust, Bjarte Bruland, synt at det er Fløgstad sitt syn som er utdatert, særleg når han underspelar kor viktig antisemittismen var i Nazismen for å få fram sitt eige ideologiske prosjekt.

Fløgstad har heller ikkje orientert seg i «den nye konsensusen» i fascismeforskninga, som vaks fram på slutten av 1990-talet og framover, men held fast i kald krigsidear frå 1970-talet. Han ser heller ikkje ut til å ha lese så veldig mykje av det som har kome ut dei siste åra. Å seie at danningsborgarskapet stod bak Hitler er å slå inn opne dører, det er knapt nokon som påstår noko anna i dag. På same måten som det var danningsborgarskapet som utgjorde kjernen i bolsjevikrørsla.

Fløgstad ser også ut til å tru at det å samanlikne betyr å seie at alt er likt, medan ei akademisk samanlikning handlar om å sjå fenomen opp mot kvarandre for å både få fram likskapar og skilnader.

Mer fra: Debatt